Pendlar 70 mil i veka for å følge fotballdraumen

1 hour ago 1



12 mils køyring og fem timar går med – kvar gong.

Sidan nyttår har turen gått jamt frå Kragerø til Skien.

Opptil seks gonger i veka drar 14-åringen til og frå treningar og kampar, og ofte blir han henta rett frå skolen.

en person i svart skjorte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Lucas Sandvik har alltid trent og prøvd å vere så god som mogleg, og legg ned mykje innsats på fotballbanen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Lucas Sandvik har alltid trent og prøvd å vere så god som mogleg, og legg ned mykje innsats på fotballbanen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Fotball betyr alt for meg. Det er det første eg tenker på når eg står opp, seier Lucas, som har spelt sidan han var bitte liten.

Han legg ned alt han har av tid og krefter i fotballen, men tenker også mykje på bestemor som hjelper han bokstavleg talt på vegen.

For bestemor er pensjonist og fast sjåfør, og har måtta kjøpe seg ein betre bil som toler alle turane.

– Eg tenker mykje på bestemor mi som køyrer nesten kvar dag. Det er vanskeleg for henne, men ho betyr alt i verda, eg kan ikkje beskrive det.

Kvinne står bak reklameskilt på en fotballbane og ser utover.

Bestemor Bente Sandvik følger med frå sidelinja når Lucas trenar med Odd i Skien, og køyrer tålmodig til og frå treningar og kampar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Bestemor Bente Sandvik følger med frå sidelinja når Lucas trenar med Odd i Skien, og køyrer tålmodig til og frå treningar og kampar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Vil bli best mogleg

Lucas er eit fotballtalent som blei oppdaga i haust da han hospiterte hos Odd.

For å bli betre, valde han å forlate den lokale klubben sin i Kragerø og bli ein del av Odds U15-lag.

Nå er han blant mange andre gode spelarar som også har høge ambisjonar.

Draumen er eliteseriespel og landslaget – og førebildet er Neymar.

– Eg har lyst til å bli best mogleg. Eg har mange draumar om å vinne pokalar og alt saman.

ung fotballspiller trikser med ball på trening. Flere fotballspillere rundt.

14-åringen vil berre spele fotball, ha det gøy og gjere folk glade når dei ser han spele.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

14-åringen vil berre spele fotball, ha det gøy og gjere folk glade når dei ser han spele.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ikkje alltid dei tidleg gode blir dei beste

Men det er ikkje gitt at dei som tidleg er eit talent, blir dei beste til slutt, eller at det gir best utvikling å samle dei beste.

– Absolutt ikkje. Det er ein lang og kronglete veg. Kor god du er som 14–15 åring har mykje med vekst og modning å gjere, seier Christian Thue Bjørndal.

Han er førsteamanuensis ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap ved Noregs idrettshøgskole.

Han seier forsking likevel viser at dei fleste som blir gode, også har vore det som 14-15-åringar.

– Dette er avhengig av mange forhold – ikkje minst av folk. Men om du mistar tilgang til gode utviklingsmiljø, er det vanskeleg å vere eit talent.

  • portrettbilde av Christian Thue Bjørndal, Norges Idrettshøgskole

    Christian Thue Bjørndal

    Førsteamanuensis ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap ved Norges idrettshøgskole

Fleire bytte fotballklubb

Samtidig byter stadig fleire unge spelarar klubb.

I fjor var det 12.716 overgangar i aldersgruppa 13 til 19 år – meir enn 800 fleire enn året før.

Kor mange som melder seg ut og inn av klubbar i barnefotballen, finst det ikkje tal på.

Det blir ikkje registrert.

en person som står foran et nettinggjerde og ser inn på en fotballstadion.

Lucas drøymer om å spele her på Skagerak Arena og nå så langt han kan i fotballen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Lucas drøymer om å spele her på Skagerak Arena og nå så langt han kan i fotballen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ønsker dei beste spelarane

Spelarane på U15-laget til Odd kjem frå rundt om i Telemark, men dei fleste frå Grenland.

Utviklingsansvarleg Stig Haddal i Odds Ballklubb legg ikkje skjul på at dei ønsker seg dei beste spelarane.

– Eg trur at dei som kjem lengst, ofte er ein del av ein toppklubb frå dei er ganske unge. Men det er ikkje nødvendigvis rett for alle. For somme er det i ein lokal breiddeklubb, men da er dei så å seie alltid tilknytt toppklubben gjennom hospiteringsordningar.

  • en mann i svart jakke (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Stig Haddal

    utviklingsansvarleg i Odds Ballklubb

– Ønsker fotballmiljø i kvar krik og krok

Noregs Fotballforbund ønsker at spelarar skal vere i sin lokale klubb så lenge som mogleg i barne- og ungdomsåra.

Klubbyte skal ikkje brukast for å «plukke» spelarar tidleg.

For å betre forholda, har ei rekke klubbar signert ein intensjonsavtale om overgangar i barne- og ungdomsfotballen.

Øyvind Gonsholt, som er klubbutviklar for NFF Telemark, seier denne fotballmodellen bygger på tryggleik for barn og unge.

– Det klarer vi absolutt best ved å skape fotballmiljø i kvar krik og krok av Telemark og Noreg. Når barn og unge blir dratt ut av dei trygge oppvekstmiljøa sine, blir moglegheita for læring og utvikling svekt.

  • en mann i svart skjorte (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Øyvind Gonsholt

    klubbutviklar for NFF Telemark

Samtidig er ikkje fotballforbundet mot at talent samlast.

– Det er inga motsetning i det, men ein naturleg del av utviklinga. Det er veldig bra at vi har ein toppklubb i Odd, og at vi også har eit godt kretslags – og sonetilbod for dei som ønsker å ha større utfordringar.

En gruppe unge gutter som spiller fotball (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fallgruva ved å gå til ein stor klubb, kan vere at ein sjølv eller andre rundt legg for stort press på at ein skal lukkast og utviklast, seier Øyvind Gonsholt i NFF Telemark.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Fallgruva ved å gå til ein stor klubb, kan vere at ein sjølv eller andre rundt legg for stort press på at ein skal lukkast og utviklast, seier Øyvind Gonsholt i NFF Telemark.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Står på i halvtanna år til

Så har klokka blitt 17 og treninga er over denne vårkvelden i Skien.

På sidelinja gjer bestemor Bente seg klar for returen til Kragerø.

– Lucas elskar å spele fotball, og eg ser kor mykje det betyr for han i kvardagen. Eg ser også gleda på banen både frå han og dei andre. Da er det gløymt at ein blir sliten innimellom.

– For det er ikkje småtteri av tid, kilometer og pengar du legg ned?

Nei, det er ikkje det, men eg trur vi skal få det igjen. Eg tenker det er veldig lurt nå som han var så heldig å komme inn på Odd-laget, som han jo har drøymt litt om.

Om halvtanna år bur han kanskje her når skal han begynne på vidaregåande skole.

Og da skal bestemor kvile.

En gruppe unge fotballspillere på en bane.

Om halvanna år skal Lucas begynne på vidaregåande. Da kan det bli flytting til Skien – og mindre køyring på bestemor Bente Sandvik.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Om halvanna år skal Lucas begynne på vidaregåande. Da kan det bli flytting til Skien – og mindre køyring på bestemor Bente Sandvik.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Publisert 13.04.2026, kl. 12.49

Read Entire Article