«Pedojegerar» skal ha tatt lova i eigne hender – ber om 420 timar samfunnsstraff

17 hours ago 1



– Det er eit stor samfunnsproblem at unge personar kan rote seg bort i slik kriminalitet, seier aktor Sigurd Granli.

Ein junidag i fjor sommar skal ein mann i 50-åra ha blitt møtt av fem maskerte tenåringar i eit skogholt i indre Sogn.

Ein 14-åring skal ha avtalt å møte mannen på ein sjekkeapp. Ungdommane ville konfrontere mannen med interessa dei oppfatta han hadde for born.

I skogholtet skal han ha blitt slått fleire gongar og stukken med ein kniv i hals-brystområdet og ein finger. Hendinga blei filma og delt på sosiale medium.

Knivstikking i Indre Sogn (5 av 5)

I eit skogholt i Indre Sogn blei ein mann knivstukken.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Fire av ungdommane er tiltalte i saka.

  • To av ungdommane er tiltalt for medverknad til grov kroppsskade.
  • To ungdommar er tiltalt for medverknad til grov kroppskrenking.
  • Alle fire er tiltalt for å unnlate å hjelpe den skade mannen.
  • Ein av ungdommane er også tiltalt for å ha filma og delt video av hendinga, mens ein annan er tiltalt for å ha bore kniv.

Den femte tenåringen var under den kriminelle lågalderen då hendinga skjedde og har ikkje blitt tiltalt.

Aktor ønskjer at ungdommane skal straffast ulikt:

  • Ber om at tre av ungdommane skal straffast for medverknad til grov kroppsskade.
  • Ber om at ein av ungdommane straffast for medverknad til grov kroppskrenking.
  • Ber om at alle fire ungdommane straffast for å ikkje ha hjelpt den skadde mannen.

Granli ber om samfunnsstraff på 420 timar for den eine av ungdommane, og på 180 timar for den andre.

Han ber om ungdomsstraff for dei to andre tenåringane. Ungdomsstraff er for ungdommar som har behov for meir oppfølging.

For begge grupper handlar det om at ein ikkje skal bruke fengselsstraff for så unge personar, berre i dei mest alvorlege tilfella. Hadde dette vore vaksne personar hadde det vore nedlagt påstand om vilkårslaus fengsel av lengre varigheit, seier Granli.

Han ber også om inndraging av telefonane som blei brukte under hendinga og ein kniv som var med på staden.

en mann i hvit skjorte

Statsadvokat Sigurd Granli ber om ungdom- og samfunnsstraff for tenåringane.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Ber om frifinning

Dei fire ungdommane erkjenner ikkje straffskuld for å ha medverka til knivstikkinga, og for å ha reist frå den skadde fornærma.

Tre av ungdommane har forklart i retten at dei ikkje hadde planlagt å bruke vald og skade mannen, berre skremme han.

Den fjerde ungdommen har ikkje forklart seg og følger rettssaka frå eit anna rom.

en mann i hvit skjorte

Ungdommane har sagt at dei ikkje planlagde å bruke vald mot mannen.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Forsvarar til éin av dei tiltalte, Eirik Nåmdal, seier i retten at han har problem med å forstå tiltalen og grunnlaget for den.

– Er det mogleg at det burde vore ei sak med éin tiltalt om han hadde vore over 15, år, sidan han ut av det blå knivstakk mannen, og skulle hatt ansvaret med å vareta han etter det han gjorde?

Forsvarar til ein av dei andre, Kim Villanger, minner om at den tiltalte ungdommen er barn og ikkje fullt utvikla.

Også forsvarar Ivar Hauge sluttar seg til det dei andre har sagt.

– Saka har vore ei stor belastning for guten. At saka har tatt så lang tid har vore vanskeleg.

Alle de fire forsvararane ber om frifinning for medverknad til knivstikkinga og for å ikkje ha hjelpt den fornærma mannen.

Den fornærma mannen sa i retten at hendinga i skogen har vore ei forferdeleg oppleving. Han har slite fysisk og psykisk etterpå, og vore sjukemeldt i fleire månadar.

– Saka har vore ei veldig påkjenning. Det var ein forferdeleg oppleving, og særleg då dei stakk til skogs og blodet pump.

en mann i hvit skjorte

Bistandsadvokat Rolf Knudsen.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Planla på chat

Første dag i retten viste statsadvokaten fram fleire av meldingane som ungdommane utveksla i forkant av hendinga.

I ei av meldingane står det at fornærma skulle «bankast kraftig», og at dei skulle sende bildebevis til familien hans om at han var ein «skitten pedo».

Kva type våpen som skulle nyttast var også tema, og ungdommane nemnde både kniv, øks, hammar og balltre.

«Kan hende vi tek livet av han», skreiv den yngste av gutane i chatten, som ikkje er blant dei tiltalte. Svaret var «det er det beste som kan skje med han».

en mann i hvit skjorte

Mykje av hendinga blei planlagt i ei telegramgruppe.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

I retten kom det fram at ein av dei tiltalte ikkje var med i chatten og at ungdommane deltok i samtalen i ulik grad.

Ein av dei tiltalte forklarte i retten at chatten inneheldt mykje «ræl».

Med ræl meiner eg at det er ingen som trur at det går an å drepe nokon eller i det heile tatt kan denge han. Det er heilt urealistisk.

Den fornærma mannen i 50-åra er også sjølv sikta for å ha avtalt møte med ein person under 16 år, med seksuell omgang som mål. Denne saka er førebels ikkje avgjort.

Publisert 16.05.2025, kl. 14.57 Oppdatert 16.05.2025, kl. 15.26

Read Entire Article