Har du følt deg omringa av hoste i haust?
Det er det nemleg ein grunn til.
Tala for tala kikhoste og mykoplasma har skote til vêrs dei siste 3 månadene samanlikna med i fjor. Det viser tal frå Folkehelseinstituttet.
I fjor haust fekk litt over 1200 påvist mykoplasma, medan i år har det auka til nesten 35.000.
– Denne hausten har vi hatt pågåande utbrot av kikhoste og mykoplasma. Det har gjort at vi har hatt mykje smitte med desse luftvegsbakteriane, seier overlege ved FHI, Trine Hessevik Paulsen.
P4-nyheitene skreiv om tala først.
Ifølge Paulsen er mykoplasma ein bakterie som kjem med nokre års mellomrom.
– Fire til seks års mellomrom, og det er ei god stund sidan sist vi har hatt utbrot av denne bakterien i Noreg. Så denne hausten er det mange som har hosta.
Det er også fleire som har hatt kikhoste, i forhold til dei tidlegare åra, seier overlegen.
– Når vi samanliknar dei to med kvarandre, så har det vore påvist omtrent ti gonger meir mykoplasma enn kikhoste. Men begge dei to sjukdommane gir langvarig hoste. Så difor er det mange som har oppsøkt lege og fått ein test.
Korona har litt av skulda
Det er flest barn og unge som får disse luftvegssjukdommane.
– Mykoplasma er mest sjukdom blant skulebarn og yngre vaksne. Og det er faktisk det same for kikhoste.
– Kvifor er det så mange fleire som har fått påvist mykoplasma i år?
– Det er fordi vi har hatt utbrot med den bakterien. Så vi har hatt høg førekomst i samfunnet, mens det har vore lite tidlegare. Og under pandemien så var det jo nesten ingen som fekk påvist mykoplasma.
Med dei strenge tiltaka vi hadde under koronapandemien så vart nesten alle luftvegsinfeksjonar borte. Ho seier vi har vore meir sjuke med luftvegsinfeksjonar dei siste åra fordi vi ikkje fekk immunitet under pandemien. Men ifølge Paulsen immuniteten i befolkninga er no i ferd med å normalisere seg.
– Både kikhoste og mykoplasma kjem gjerne i utbrot med nokre års mellomrom. Det har vore ekstra lite i dei periodane mellom utbrota. Så det kan jo ha ført til eit slags immunitetsunderskot. Men det er nok ikkje heile forklaringa, for dette er også naturleg for desse luftvegsbakteriane, at dei kjem med nokre års mellomrom.
Har du vore sjuk i haust?
Mindre i covid-19
Ein annan grunn til at det er så mange som har fått påvist sjukdommane i haust, er at det er mange som har testa seg.
Det gjeld også for covid-19. Men her har smitta gått nedover.
– Det er færre som har fått påvist covid-19 enn førre haust.
I hausten 2023 var det litt over 14.000 som fekk påvist sjukdommen, medan i haust ligg talet på 13.353.
Det ser altså ut til at det ikkje har vore noko høgare smittetrykk med covid-19 denne hausten enn i fjor, seier overlegen.
– Berre at det er fleire som har fått påvist det gjennom ei prøve analysert hos eit laboratorium.
På veg ned
No når hausten er over, er også mykoplasma utbrotet på veg ned.
– Det ser ut som at utbrotet er i ferd med å redusere seg i omfang, og vi har nådd smittetoppen.
Kikhosten har også vore litt i nedgang den siste tida, men det der er ikkje eit like tydeleg dropp som det er for mykoplasma, seier Paulsen.
Men på same tid er det ein annan sjukdom folk må vere obs på i jula.
– Vi har sett litt auke i influensa dei siste vekene. Det betyr at dei som ikkje har vaksinert seg, men som er anbefalt vaksine, burde ta vaksine nå.
Publisert 13.12.2024, kl. 11.19