Palestinarar blir drepne i matkø: – Eg vil heller gå svolten

7 hours ago 3



44 menneske blei drepne i to angrep medan dei stod i matkø i Gaza natt til tysdag, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Mange av dei drepne skal ha vore unge gutar som prøvde å skaffe mat til familien. Det seier fleire palestinarar til eit lokalt team i Gaza som NRK samarbeider med.

– Barnebarnet mitt Mohammed gjekk for å hente mat til systrene sine. Han kom aldri heim att, fortel ein av dei, Siham Abu Jame.

Han vart drepen medan han prøvde å skaffe mat til familien.

En liten gruppe mennesker som bærer hvite sekker i bekmørket

Svært mange palestinarar som blir innlagt på sjukehus i Sør-Gaza har vore på veg til matkøar i område, sa Røde Kors til NRK tidlegare i juni.

Foto: EYAD BABA / AFP / NTB

Fleire andre fortel om liknande hendingar dei siste vekene.

Sidan slutten av mai har den israelsk-støtta organisasjonen Gaza Humanitarian Foundation (GHF) tatt over delar av matutdelinga i Gaza.

Organisasjonen blir skulda for å setje sivile i fare ved å dele ut nødhjelp i nærleiken av militære område.

I ei uttale laurdag hevda GHF-sjef John Acree at organisasjonen leverer hjelp til folk i Gaza i stor skala, og at hjelpa er sikker og effektiv, ifølgje France 24.

Den israelske hæren (IDF) har ikkje kommentert meldingane om dei to angrepa, men har tidlegare hevda at dei ikkje med vilje drep sivile som ventar på mat.

silhuetter av en gruppe mennesker som står foran en lyskilde

Natt til 24. juni venta mange på ein matleveranse på Salaheddin-vegen ved flyktningleiren Nuseirat sentralt på Gazastripen.

Foto: EYAD BABA / AFP / NTB

– Eg vil heller gå svolten enn å bli drepen

Waleed (18) skulle hente mat til syskena sine. Han kom aldri tilbake.

– Prosjektet er laga for å drepe dei vi er glade i, seier tanta hans, Maha Alnajar.

GHF er eit privat selskap som sett saman av tidlegare amerikanske soldatar som samarbeider tett med israelske styresmakter.

Det tok over etter at den israelske blokaden av nødhjelp blei oppheva.

Alnajar seier fleire av utleveringsstadene ligg tett på israelske soldatar og stridsvogner.

To ungdommer gråter på et sykehusgulv. Blodige plasthansker ligger i forgrunnen.

To palestinske ungdommar sørger på golvet til Awda-sjukehuset. Slektningen deira blei drepen i matkøen ved Nuseirat-leiren, skriv AFP.

Foto: EYAD BABA / AFP / NTB

Palestinarar har ikkje tilgang til annan hjelp, og blir tvungne til å stille seg i desse farlege køane, seier ho.

Ho har sjølv valt å ikkje gå til utdelingane lenger.

– Eg vil heller gå svolten enn å bli drepen utan verdigheit.

Også Samer Alnajar seier at han har mista fleire unge slektningar i liknande situasjonar.

Han uttrykkjer djup frustrasjon over det han meiner er ei livsfarleg felle forkledd som hjelp:

– Kvifor blir borna våre drepne medan dei prøver å få hjelp? Dette er ikkje hjelp, det er ei felle.

FN: Matkøane har blitt ei dødsfelle

FN og fleire hjelpeorganisasjonar nektar å samarbeide med GHF. Dei meiner at utdelingane bryt med krava til nøytralitet og sjølvstende.

FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA) fordømmer angrepa mot køane der mat og nødhjelp blir delt ut.

– Det nye systemet for levering av mat og hjelp er ein katastrofe og ei dødsfelle, seier UNRWA-sjef Philippe Lazzarini.

En matkø omringet av gjerder med GHF-soldater som følger med

Vakthaldet under denne matleveransen 8. juni blei gjennomført av et privat amerikansk sikkerheitsselskap, sett i verk av GHF, melder AFP.

Foto: EYAD BABA / AFP / NTB

Også FN-talsperson Thameen al-Kheetan rettar krass kritikk mot organisasjonen.

Han seier til Reuters at folk må velje mellom «å svelte i hel eller risikere å bli drepne».

– Fortvilte, svoltne menneske i Gaza fortset med å få det umenneskelege valet.

Ifølgje al-Kheetan har over 410 palestinarar blitt drepne i matkøar.

Minst 93 andre har blitt drepne av israelske styrkar medan dei prøvde å få tak i anna nødhjelp, melder nyheitsbyrået AFP.

en gruppe menn som bærer en hvit likpose

Palestinarar flyttar på kroppen til ein drepen slektning, som ifølge AFP prøvde å skaffe seg mat ved grensekryssinga Ziskim i Gaza by.

Foto: OMAR AL-QATTAA / AFP / NTB

Samanliknar med Netflix-serien Squid Game

Ifølgje Care Noreg blir nødhjelpa delt ut under kaotiske og livsfarlege forhold.

A

Anonym:Folk blir samla midt på natta. Når det blir lyst, kjem ei drone med ei kvinnestemme som seier «gå framover». Då spring tusenvis mot kassene med mat.

Det skriv ein person på melding til utlandssjef i Noreg, Gudrun Bertinussen. NRK har sett denne meldingsutvekslinga.

Kontakten skriv vidare at kulene regna frå sidene medan folk sprang i panikk.

A

Anonym:Eg såg mange døde liggje på bakken. Eg kunne ikkje redde nokon.

Han samanliknar opplevinga med den sørkoreanske serien Squid Game, der deltakarar må gjennomføre livsfarlege leikar for å overleve.

Anonym:100.000 menneske står i kø. Gutar, kvinner, unge. Alle med ryggsekkar for å samle mjøl, sukker og hermetikk.

A

Anonym:Men hjelpa har blitt ei felle.

Sjukehus «på brestepunktet»

Røde Kors seier feltsjukehusa i Gaza er på brestepunktet. På dei verste dagane har opp mot 200 skadde og drepne kome inn etter matutdeling, ifølgje organisasjonen.

Ambulansepersonell, legar og sjukepleiarar på dei fem sjukehusa som dei driftar, seier dette utgjer fleirtalet av pasientane dei får inn.

– Det er mange som blir behandla for akutte skotskadar og som er underernærte, seier Ola Ulmo, nestleiar for internasjonale operasjonar for Noregs Røde Kors.

Ola Ulmo, nestleiar for internasjonale operasjonar, Norges Røde Kors(Syria, mai 2015).

Ola Ulmo er utanlandssjef for Røde Kors Noreg og fortel om ein krevjande situasjon for deira feltsjukehus de siste vekene.

Foto: Olav A. Saltbones

– På sjukehusa våre manglar vi smertestillande og andre typar medisinar, som gjer at vi må ta vanskelege prioriteringar for kven som skal få helsehjelp.

Khalil Aldagran, lege og talsperson ved Aqsa-sjukehuset, seier at heller ikkje deira sjukehus klarer å handtere straumen av drepne og skadde.

– Dette er ikkje hjelp, det er eit bakhaldsåtak forkledd som humanitær bistand, seier han.

Publisert 25.06.2025, kl. 07.41

Read Entire Article