– Det er på høg til med eit lobbyregister. Vi må kunne sjå kven som påverkar politikken, seier Elin Floberghagen generalsekretær i Norsk Presseforbund.
Med seg på Løvebakken framfor Stortinget har ho Transparency International Norge.
– Publikum, presse, alle bør få innsyn i kven som driv påverking. Openheit er avgjerande viktig for tilliten til demokratiet, seier spesialrådgjevar Tor Dølvik
Dei neste fire åra ligg det an til meir lobbyverksemd mot Stortinget.
Både Dølvik og Floberghagen understrekar at påverking er heilt legitimt.
– Fryktar du at mykje går føre seg i det skjulte?
– Det veit vi jo ikkje, men det går føre seg veldig mykje lobbyverksemd i Noreg. Våre organisasjonar driv også med det. Påverking er ein viktig del av demokratiet, men det må skje i det opne, seier Floberghagen.
Noreg har fått kritikk for manglande openheit om kven som påverkar politikken frå både OECD og GRECO.
I juni gjentok Europarådets antikorrupsjonsorgan anbefalinga om eit norsk lobbyregister i si evaluering av korrupsjon i Noreg.
Venstre fremma forslag om dette i førre periode, men Ap, Høgre, Sp og Frp stemte forlaget ned.
Debatten har også gått i nabolanda våre.
I Sverige anbefalte eit ekspertutval innføring av lobbyregister tidlegare i år. Saka er nyleg ferdig på høyring, og ligg no på bordet til den svenske regjeringa.
Finland vedtok innføring i 2023. Der har registeret vore i drift i snart to år.
– Positive erfaringar
Universitetslektor Fredrik Malmberg har forska på politisk tillit og korrupsjon i Finland.
– Det har stort sett vore positive erfaringar her, seier han.
Den finske Riksdagen har vedteke at lobbyistar må registrere «påverkings-kommunikasjon».
Foto: Sergei Grits / AP / NTBDet finske registeret gjeld for all kontakt med Riksdagen og regjeringa, som har som mål å påverke ei sak. Dei har unntak for små aktørar som tek kontakt inntil fem gongar i året.
– Det gir større innsikt i kven som påverkar politikken, seier Malmberg.
Motstandarane mot registeret har argumentert for at registeret kan føre til meir skjult påverking. Den finske forskaren meiner det ikkje har vore tilfelle der.
– Det ført til kritikk i pressa at for eksempel våpen- og tobakksselskap har droppa å registrere kontakt med politikarar. Vi kan ikkje fjerne skjult påverking, men det har vore eit steg mot meir openheit, seier Malmberg.
Riksdagen er nasjonalforsamlinga i Finland.
Foto: ANTTI AIMO-KOIVISTO / AFP / NTB– Vi har allereie interessante funn. Vi ser for eksempel kven av politikarane som har mest kontakt med lobbyistar. Eit anna døme er at næringslivet har mest kontakt med regjeringa – medan fagforeiningar og frivillige organisasjonar har mest kontakt med Riksdagen, seier Malmberg.
– Liten pris å betale
Eit anna motargument for å innføre eit slik register i Noreg har vore at det kan bli dyrt, og føre til meir administrasjon.
I Finland reknar dei med at registeret vil koste 220.000 euro i året. Det tilsvarar 2,6 millionar norske kroner i årlege utgifter.
I tillegg har dei hatt eingongskostnader med å lage systemet på omtrent 317.000 euro, tilsvarande 3,7 millionar kroner.
Det viser tal frå Finlands öppenhetsregister sin årsrapport.
– Eg kjenner ikkje til at vi har hatt debatt om kostnaden her. Eg trur dei fleste vil seie at det er verdt pengane, seier Malmberg.
Elin Floberghagen og Tor Dølvik meiner Noreg kan innføre eit system som liknar på det finske.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKTransparency International Norge meiner Finland har vist veg.
– Det er ein liten kostnad, samanlikna med gevinsten, seier Dølvik
– Vi snakkar om å sikre tilliten til demokratiet og politiske avgjerder. Då er dette ein liten pris å betale, seier Floberghagen.
Publisert 05.11.2025, kl. 08.04



















English (US)