Holsen er overlege ved hudavdelinga på Haukeland sjukehus i Bergen. Det var han også då han tok influensavaksine i 2015. Men han blei sjuk og 60 prosent ufør.
Etter lang kamp for rettferd og erstatning, men avslag frå både Norsk pasientskadeerstatning (NPE) og pasientskadenemnda, saksøkte han staten.
Ni år etter at han tok influensavaksinen, like før saka skulle opp i Hordland tingrett denne veka, trekte staten seg.
No erkjenner dei erstatningsansvar.
Ei stor belastning
– Tida som har gått har vore ei belastning i seg sjølv. Det har tatt uforholdsmessig lang tid å køyre denne saka. Det har vore ei stor belastning, heilt klart, seier Holsen til NRK.
Holsens advokat, Helge Husebye Haug, seier den lange saksbehandlingstida er kritikkverdig.
– Dette er eit betydeleg rettstryggleiksproblem.
Bainca Reichelt er advokat for pasientskadenemnda. Ho har stor forståing for at tidsbruken er belastande.
– Eg tenkjer at det må vera veldig belastande. Samtidig er det viktig for oss at dette blir riktig. Og så er det viktig å understreke at det ikkje er fordi han er helsepersonell at staten har erkjent ansvar.
– Kvifor erkjenner staten ansvar no?
– Det gjer vi fordi det kom fram nye bevis i samband med søksmålet som viste at denne vaksinen er å sjå på som ein anbefalt vaksine for Holsen. Vi måtte undersøkje om det var riktig at denne vaksinen var anbefalt for han. Dette blei ikkje klart før for ein månad sidan.
Holsen avviser at dette er ny informasjon.
– Dette er noko eg hevda tidleg.
Kamp og omkamp
Letta, men framleis opprørt, registrerer Dag Holsen statens tilbaketrekking.
Han har brukt tid og krefter i kampar og omkampar.
– Det har vore litt underleg å sjå korleis dette spelet har vore. Men alt i alt føler eg kanskje at eg har vore privilegert. At det har vore ein styrke at eg har kunna lese i alle fall det medisinske, om ikkje det juridiske, spelet i dette.
– Føler du at staten kjempar for å vinne på same måten som du kjempar for å vinne?
– Ja, det føler eg heilt klart. Og spesielt så lenge dette med helsepersonell og anbefalt vaksine var ein sentral del av saka. Då føler eg at staten har sterke eigeninteresser som dei kjempar for.
Tok anbefalt vaksine
I 2015 gjorde Dag Holsen som han hadde gjort i alle år før, og som helsepersonell flest gjer:
Han følgde den klare anbefalinga frå både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet om å ta influensavaksine. Dag Holsen har vore trufast mot denne anbefalinga sidan han blei utdanna lege i 1988.
Etter ei stund blei han sjuk, og det gjekk ikkje over. Seinare viste ein MR viste at han hadde leddgikt.
Han er framleis overtydd om at det var den anbefalte vaksinen som var årsaka til sjukdomsutbrotet.
Men då Holsen kravde erstatning, svarte staten at den anbefalte vaksinen ikkje var anbefalt, trass i at den var det. Og pasientskadeloven er klar på at det skal vera låg terskel for å gi erstatning til personar som blir sjuke etter å ha tatt anbefalt vaksine.
Erkjenner ansvar
Etter mykje fram og tilbake, klagde han NPE sitt avslag inn til pasientskadenemnda som også avslo kravet om erstatning.
Saman med advokat Helge Husebye Haug, stemna Holsen staten for Hordaland tingrett i fjor: Rettssak blei beramma til 9.desember i år.
Men i november kom det ein e-post til advokat, Helge Husebye Haug der staten erkjenner ansvar, og hovudforhandlingane i Hordaland tingrett i Bergen blei dermed avlyst.
Sjøv om staten erkjenner erstatningsansvaret, erkjenner staten ikkje at vaksinen er årsak til at Holsen fekk leddgikt kort tid etter vaksinering i 2015.
Erkjenner ikkje at vaksine førte til leddgikt
I ein e-post til NRK skriv advokat Bianca Reichelt, som har saka for pasientskadenemnda, at det ikkje er bevist at vaksine kan utløyse leddgikt.
– Det finst ikkje forsking som underbyggjer dette. Høgsterett har sagt at dette ikkje er avgjerande for retten til erstatning i vaksinesakene. Det må også vera praktisk mogeleg at vaksinen kan utløyse tilstanden. Grensa mellom kva som er praktisk mogeleg og berre teoretisk mogeleg er ikkje heilt enkelt å definere.
Ho viser til dei spesielle bevisreglane som gjeld for anbefalte vaksiner.
– Vi skal legge til grunn at vaksinen er årsaka til ein skade med mindre staten kan bevise at dette mest sannsynlig ikkje er tilfelle. Som følgje av konkrete forhold i denne saka er det vår vurdering av vi ikkje ville klare å møte denne bevisbyrda. Det var då riktig å erkjenne erstatningsansvar når det kom fram nye bevis som viste at vaksinen var å rekne som anbefalt for Holsen, skriv Reichelt
Viktig med anbefalt vaksine
– Denne saka viser kor viktig det er at ein vaksine er anbefalt. Utan å vera på liste som anbefalt vaksine, er det nær sagt uråd å få erstatning for vaksineskade, seier advokat Helge Husebye Haug til NRK.
Saka går no, ni år etter stikket som sendte Dag Holsen delvis ut av arbeidslivet, over til erstatningsutmåling, men det er uklart når denne er klar, og kor stor erstatninga blir.
Publisert 13.12.2024, kl. 06.35