Over halvparten på Stortinget vil ikkje anbefale venar og familie å bli politikar

1 month ago 36



Er prisen for å vere politikar blitt for høg?

Det er ikkje godt å sei.

Men det ein kan sei er at over halvparten av dei som sit på Stortinget, ikkje kan anbefale venar og familie å gå inn i politikken.

Det kjem fram i ei spørjeundersøking NRK gjorde før sommaren, kor vi spurte stortingsrepresentantane om deira forhold til media.

Målet var å gje dei folkevalde ei moglegheit til å svare mest mogleg ærleg og fritt.

Derfor var undersøkinga anonym og bestod av ei rekke spørsmål og påstandar dei skulle ta stilling til.

Av dei 169 folkevalde som sit på Stortinget, var det 102 som svarte. Det er desse svara grafane referer til.

Dette er den første undersøkinga NRK har gjort om temaet. Vi veit ikkje korleis stortingspolitikerne tidelegare ville stilt seg til dei same påstandande (sjå faktaboks).

Ni av ti angrar ikkje

Sjølv om majoriteten av dei som sit på Stortinget ikkje vil anbefale venar og familie å bli politikar, angrar dei ikkje sjølv på at dei gjekk inn i politikken.

I undersøkinga svarer ni av ti at dei ikkje angrar på at dei gjekk inn i politikken.

Og sju av ti seier dei ville blitt politikar på nytt om dei hadde hatt valet.

Men som NRK har skrive tidlegare, er politikarane bekymra for at mediepresset gjer at nye og viktige stemmer vegrar seg for å gå inn i politikken.

Du kan lese om fleire funn lengre ned i saka.

Høg pris

Ei av dei som opplever at prisen for å vere politikar byrjar å bli høg, er stortingsrepresentant Margret Hagerup (H) frå Jæren i Rogaland.

Margret Hagerup

Stortingsrepresentant Margret Hagerup (H)

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Ho fekk masse mediemerksemd under plagiatsakene då VG hadde ein dobbeltsidesak i papiravisa om at det var funnet tekstlikskap i masteroppgåva hennar frå 2011.

Overskrifta var «Høgre-politikar henta tekst frå annan masteroppgåve: – Eg vil beklage».

VG-artikkel om Margret Hagerup

VG valte å sette av to sider i papiravisa for saka om oppgåva.

Foto: VG

I sakene til dei tidlegare ministrane Sandra Borch (Sp) og Ingvild Kjerkol (Ap) var store delar av oppgåva tekstlik, mens i Hagerups sak var det 93 ord som var identiske med ei anna tekst.

Først dagen etter VG publiserte saka, la dei ut ein notis om kvifor dei omtala saka. Der skreiv dei at oppgåva til Hagerup ikkje var samanliknbar med Kjerkol og Borch.

– Då det skjedde så var det frykteleg ubehageleg. Eg tenkte no har eg gjort ein feil, noko som eg har vore redd for i ganske mange år i politikken at ein skulle gjere.

Hagerup meiner hennar oppleving er eit eksempel på eit større problem.

Etterlyser sjølvgransking hos media

Ho etterlyser ein større debatt om korleis media skriv om politikarane.

– Eg synest ansvaret til media må vere å ta denne ballen.

Margret Hagerup

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Konkret meiner ho media må bli flinkare til å:

  • Skilje mellom stort og smått: Ho meiner pressen har for lav terskel for å omtale ting som kritikkverdig.
  • Puste roleg med magen: Ho er uroa over at media forsøker å slå kvarandre i nyheitskampen om å vere først ute. Ho håper at dei tek seg god nok tid til å undersøke ei sak grundig før dei publiserer den.
  • Vere opne for kritikk: På same måte som politikarane skal vere opne for kritikk, bør pressen også lytte når dei får kritikk.
  • Vise kvardagslivet som politikar: Hagerup saknar fleire saker kor ein skriv om kvardagsutfordringar politikarar står ovanfor, for eksempel korleis det er å pendle kvar veke eller balansen mellom jobb og privatliv.

Per i dag meiner ho pressen ikkje er gode nok på det.

– Kritikk blir fort avfeia med at vi er privilegerte og at vi må tole disse greiene.

– Ja, vi skal tole innsyn og det skal vere høge krav til oss. Men vi må og snakke om kva som er relevant for offentlegheita og kva som ikkje er det.

NRK har spurt VG-redaktør Gard Steiro om det var riktig å lage ei sak på tekstlikskapen hennar.

– Eg synast to sider i papiravisa var for mykje. Det har eg sagt tidlegare. Inntrykket det skapte var at saka var større enn det den var, svarer han.

Likevel meiner han det var riktig å publisere saka.

Dette seier pressen om at sju av ti stortingspolitikarar har fått svekka tillit til media dei siste fem åra:

Sjefredaktør i Aftenposten Trine Eilertsen.

Thomas Brun / NTB

Trine Eilertsen, sjefredaktør i Aftenposten

Stortingspolitikarane har blitt gjenstand for kritisk journalistikk dei siste fem åra, og den har gått nærare inn på integriteten deira. Dette er ubehageleg og uvant for mange av dei. Det er lett å prisa rolla til ein uavhengig og kritisk mediebransje i festtalar, men mykje vanskelegare å leva med kva det betyr i praksis.

Sjefredaktør Gard Steiro i VG.

Berit Roald / NTB scanpix

Gard Steiro, sjefredaktør i E24

Det er ei oppleving som vi skal ta på alvor og møte med nysgjerrigheit og openheit. Det er ikkje slik at media er ufeilbarlege. I store sakskompleks som pendlar, metoo og aksjesaker blir det publisert viktige saker, men også saker som ikkje er like viktige.

Det er ikkje nødvendigvis berre sakene som blir publiserte, men også opplevinga av å bli kika i korta. Det kan opplevast belastande.

Karianne Solbrække er nyheitsredaktør i TV 2.

TV 2 Eivind Senneset / TV 2 / NTB

Karianne Solbrække, nyheitsredaktør i TV 2

At det skal vera 100 prosent tillit mellom politikarar og media er ikkje sunt i eit velfungerande demokrati. Media skal alltid vera kritisk til dei med mest makt, og då kan ein ikkje forventa applaus i retur. Eg er nysgjerrig på kvifor tilliten er svekka. Om det handlar om omfang og vinklingar, eller val av tematikk.

Ubalansert dekning av pendlarsakene

NRK har også spurt representantane om å vurdere kor balansert eller ubalansert dei meiner dekninga av dei forskjellige skandalane har vore.

Og her meiner sju av ti at mediedekninga av pendlarbustadsakene har vore litt eller heilt ubalansert.

I undersøkinga hadde dei moglegheit til å skrive meir utfyllande om kva dei tenkte om media, og da uttrykte fleire frustrasjon over særleg pendlarsakene.

Dei meiner blant anna at media ikkje fekk fram usemja mellom Skatteetaten og Stortingsadministrasjonen om regelverket rundt pendlarbustadene.

Når det derimot gjeld dekninga av #metoo, meiner eit fleirtal at dekninga har vore balansert.

Det same gjeld aksjehandelsakene.

Når det gjeld reiserekningar, plagiat og habiliet er Stortinget omtrent splitta i to om dei meiner dekninga var balansert eller ikkje (du kan sveipe til høgre for fleire resultat).

Neste generasjon

Så korleis ser neste generasjon politikarar på framtida?

På sommarleiren til AUF i år trefte NRK på Even Dalaker Grønner (16) og Maia Eline Lunde (17), som begge er politiske aktive.

Dei blir overraska når NRK fortel dei at halvparten Stortinget ikkje vil anbefale venar og familie å bli politikar.

– Eg synas det er ganske rart. Eg hadde anbefalt mine venar og familie. Men ein kan jo tenke at det å vere politikar som jobbar og sit på Stortinget er litt annleis enn det å berre vere engasjert i ein ungdomsorganisasjon, seier Lund.

AUF

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Det er nok ein del andre forventningar og du får nok ein del meir hets av folk som er ueinig med deg. Folk kan vere veldig direkte og sei nøyaktig kva dei meiner utan noko filter og sjølvkontroll, seier Grønner og legg til:

– Men eg tenker no at sånn har det nesten alltid vore i politikken.

Hei!

Har du tips til kva eg bør skrive om? Tidlegare har eg skrive om korleis stortingspolitikarar har fått svekka tillit til media og om Equinors planar for netto null i 2050. 

Eg er generelt interessert i kunstig intelligens, politikk, økonomi og energi. Send meg gjerne ein e-post eller ei melding på Signal +47 917 44 070. 

Publisert 15.08.2024, kl. 07.16

Read Entire Article