Over 700 elevar skal flyttast: – Her blir det kamp om pultane

3 weeks ago 14



Etter mykje diskusjon, protestar og fakkeltog vart det vedteke at Innlandet fylkeskommune legg ned to vidaregåande skular og fire skulestader i fylket.

Endringa skal etter planen skje allereie når klokkene ringer inn til eit nytt skuleår hausten 2025. Over 700 elevar skal dermed få ein ny plass å gå om under eitt år.

Urealistisk tidsplan, meiner fleire.

Stiller spørsmål ved tidsplanen

Fleire fylkespolitikarar stilte spørsmål ved denne tidsplanen då saka vart behandla i fylkestinget førre veke.

Venstre, Senterpartiet og Raudt seier til NRK at dei ikkje skjønar korleis fylkeskommunen skal ha på plass alt innan hausten.

– Vi har ikkje lokale for å ta imot nye elevar fleire stader. Ingen reguleringsplanar er klare, ingen bygg er prosjektert. Mange elevar, som ikkje er klare for det, blir tvinga til å flytte på hybel der apparatet ikkje er klart, seier Ketil Kjenseth frå Innlandet Venstre.

– Her blir det kamp om pultane. Eg trur vi får utfordringar med å få på plass undervisningslokale, hyblar, buss, sjåførar og ikkje minst auka drosjebehov neste haust. Alternative opplæringsmodellar er heller ikkje forankra med næringslivet, seier Aud Hove, frå Innlandet Senterparti.

– Det er veldig mykje arbeid som står att og eg kan ikkje forstå korleis vi skal få tid til alt. Eg fryktar også at det blir store klasseskilje mellom dei som har råd til å flytte på hybel og ikkje, seier Svein Birger Ørsnes, som er fylkestingsmedlem for Raudt.

dokka vgs

Mange kjempa for Dokka vidaregåande skule, men nå blir den lagt ned.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Joakim Ekseth (H), leiar av hovudutval for utdanning, meiner det er både tid og plass.

– Det viktigaste er at eit vedtak er på plass. Nå startar jobben med å detaljplanlegge gjennomføringa. Eg trur det aller meste vil kome på plass, og noko har vi teke omsyn til allereie, seier Ekseth.

Les heile tilsvaret hans lenger ned i artikkelen.

Internat, bussar og investeringar i bygg

I sakspapira frå fylkeskommunen er det lista opp kva som må på plass når ein skal flytte 700 elevar frå dei seks skulestadene som blir lagt ned.

Blant anna reknar politikarane med at mange av ungdommane må flytte på hyblar eller internat. Ein treng fleire bussar. Og mange av skulebygga som skal ta imot elevar treng også oppgradering.

Svein Birger Ørsnes frå Raudt stiller spørsmål ved planane om å bygge internat ved Otta, Vinstra, og Våler. Og korleis ein skal få på plass dette på ni månader.

– Eg sjekka nyleg kor mange hyblar som er ledige på Vinstra. Det er fem stykk, og mange av dei er dyre, seier Ørsnes.

Fylkestinget møtest igjen i desember. Då skal dei ifølge Ørsnes, vedta kva linjer og tilbod ungdommane skal kunne søke på neste år. Hovudgrunnen til det er at søknadsfristen for vidaregåande opplæring er 1. mars.

– Det er utruleg mykje usikkerheit her. Mange er usikre på kor og kva dei kan søke på, og er det plass til dei? Det er nesten ikkje sjanse til å få dette til, seier Ørsnes.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

Hit til Otta kjem mange av elevane frå Lom til å søkje seg meiner fylkeskommunen. Kor lang tid det vil ta å få på plass internat, eller kor mykje det vil koste, er framleis usikkert.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth

Kritisk næringsliv

Når byggfag i Lom blir borte, vil fylkeskommunen ha eit pilotprosjekt innan bygg- og anleggsteknikk i Lom i samarbeid med LO/NHO/KS/kommunar/Y-nemnda og lokalt næringsliv. Då skal elevane vere ute i bedrift i fire år.

Svein Birger Ørsnes, fylkestingsmedlem frå Raudt lurer også på korleis bedriftene skal rekke å rigge seg for dette.

– Eg er veldig spent på kva fylkeskommunedirektøren legg fram i desembermøtet vårt. Bedriftene skal ta imot elevar i lære i fire år, og det er ikkje noko «quick fix» å gjere det klart, seier han.

Jan Christensen, dagleg leiar for tømrarbedrifta Stokk og Stein i Lom, er kritisk til vedtaket og dialogen med fylkeskommunen.

– Vi har ikkje hatt noko dialog. Eg har snakka med 38 bedrifter i nærområdet her, og at vi skal ta imot 15-åringar i fire år utan at dei har gått på skule fyrst er eg kritisk til. Vi er ikkje lærarar, seier Christensen.

Han fortel at det er stor forskjell på å ta imot ein umoden 15-åring og ein 17-åring som har fått grunnleggande innføring i tømrarfaget.

– Å ta inn nokon som ikkje kan opp ned på ein tommestokk, grunnleggjande om HMS og om verktøy blir for krevjande for oss. Fylkeskommunen må gjerne fortelje kva dei har tenkt, men eg skjønner ikkje korleis vi skal få dette til, seier Christensen.

Meiner det er både plass og tid

Ekseth har ikkje svaret på kor lang tid det vil ta å bygge internat på Otta eller Vinstra. Elevane frå Sønsterud skal bu på internatet fram til eit nytt på Våler er klart.

Joakim Ekseth

Joakim Ekseth, leiar av hovudutval for utdanning, meiner det er plass til elevane og tid nok.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

– Vi ser på fleire løysingar når det gjeld internat, opplyser Ekseth.

Han fortel at dei også vil gjere grep for at dei som skal på hybel får ein god overgang.

– Ein kan få stipend frå Statens lånekasse, som har auka betydeleg, og i tillegg kan ein få fylkeskommunal bortebuarordning. Det er også sett av middel til heimreiser til dei som bur borte. Vi prøver å gjere det slik at det blir minst mogleg meirkostnad å bu borte, seier Ekseth.

– Er det plass til alle elevane som skal flyttast neste år?

– Fram til no har vi sett i gang tilbod til 1800 fleire elevplassar enn det er elevar til. No har vi kutta omtrent 750 elevplassar, så slik sett er det plass nok i fylket. Men svaret får vi ikkje før vi ser kva elevane søker på, seier Ekseth.

Ifølge han er strukturvedtaket på plass no og så kan det hende det blir gjort justeringar. Han seier dialogen med skulane er i gang denne veka. Det kan bli aktuelt med justeringar etter dette, seier Ekseth.

Når det gjeld alternative opplæringsmodellar i samarbeid med lokalt næringsliv meiner han at dette er eit ynskje frå næringa som fylkeskommunen har svart på.

Utvalsleiaren fortel at mange av spørsmåla vil bli svart på i møtet for fylkestinget som er 17–19. desember.

– Viss det er noko som blir vanskeleg å gjennomføre får vi ta stilling til det og gjere ei konkret vurdering. I desembermøte vil vi også diskutere inntaksforskrifta, seier Ekseth.

Publisert 29.10.2024, kl. 15.40

Read Entire Article