Oskar Westerlin har meldt flytting til Sveits

11 hours ago 2



Det var VG som først melde at Westerlin har meldt flytting ut av landet.

Ifølgje opplysningar frå folkeregisteret endra han adressa si frå Frogner i Oslo til Sveits 10. november.

Ei rekke nordmenn har valt å flytte til Sveits, særleg på grunn av gunstige skattefordelar i landet.

Sveits er nummer fire på lista over verdas skatteparadis, ifølgje organisasjonen Tax Justice Network.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Oskar Westerlin på denne saka.

Han er særleg kjend frå podkast-kollektivet «Gutta». Før valet intervjua dei blant anna har intervjua ein annan fersk Sveits-utvandrar, Øystein Stray Spetalen.

Publisert 12.11.2025, kl. 10.52 Oppdatert 12.11.2025, kl. 10.59

Read Entire Article