Optikaren gjer undersøkingar 500 kilometer unna kundar: – Utfordrande å få tak i folk
1 day ago
9
Frå optikarbutikken i Brekstad på Ørlandet i Trøndelag, styrer Kristin Syvertsen Bettum synsundersøkinga i Bodø sentrum i Nordland.
Det er kring 50 mil i luftlinje mellom dei to optikarbutikkane.
– Eg likar veldig godt å jobbe på denne måten, seier optikar i Brilleland, Kristin Syvertsen Bettum over teams.
Når testen er gang, fjernstyrer optikaren undersøkinga og utstyret over internett.
Optikarbutikkar over heile landet har dei siste åra byrja med synsundersøkingar over nettmøte eller videolink.
NRK sin journalist får demonstrert undersøkinga i stolen hos Brilleland i Bodø.
Brilleland i Bodø har mange slike synsundersøkingar kvar dag. Fleire av dei føregår over Teamsmøte. Assistenten som er til stades er hendene til optikaren.
Optometribransjen kallar den nye måten å gjennomføre ei synsundersøking «teleoptometri». Grunnen er at mange optikarar vil jobbe og bu i sentrale strok.
– Me hadde truleg ikkje mangla optikarar enkelte stader om alle var godt fordelt, men me ser at mange vil bu sentralt og inn mot dei store byane. Det førar til at distrikta lid og mangelen er stor i resten av landet, seier fagsjef i Norges Optikerforbund,Torvald Haugo.
Hans Torvald Haugo i Norges Optikerforbund er positiv til bruk av teleoptometri, men meiner at det framleis er best å møte ein optikar fysisk.
Foto: Norges Optikerforbund
Løysinga har blitt å bruke ledige optikarar frå andre stader i landet via nettmøte. Også i sentrale strok er dette blitt vanleg praksis, ifølgje bransjen.
Foropter skifter linser i optikerbutikken Brilleland i Bodø
Foto: Per-Magne Steen / NRK
– Utfordrande å få tak i folk
I Noreg finst det berre éi optikarutdanning. Den er i Kongsberg ved Universitet i Sør-Aust-Noreg (USN) dei har kring 90 studieplassar.
Tina Alvær er dagleg leiar i Optikerbransjen. Dei organiserer optikarbedrifter i heile Noreg.
Ho forklarar at det er mange som buset seg sentralt i Søraust-Noreg etter utdanninga.
Alvær meiner dette er noko av grunnen til at det kan vere krevjande å rekruttere optikarar til andre stader i landet.
Ho tykkjer denne måten å ta synsprøve kan gjere optikar meir tilgjengeleg og gi eit betre tilbod til kundane.
– Er det nokon forskjell på dei ulike måtane å ta ei synsprøve?
–Denne måten å få ei undersøking er annleis, men korkje betre eller dårlegare, den skal gi ei like god teneste.
Hos Brilleland har dei tatt i bruk teleundersøking i dei fleste optikarbutikkane sine.
Dei grunngjev bruken fjernundersøkingar med at mange plassar kan det vere vanskeleg å få tak i fagfolk.
– Me valde å satse på slike undersøkingar fordi me har hatt utfordringar med å få tak i folk i Utkant-Noreg og frå det sentrale Austlandet, seier fagsjef Karin Lund i Brilleland.
Kva føretrekker du?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Brilleland vil ikkje gå ut med kor mange synsundersøkingar dei gjer, heller ikkje kor stor andel av undersøkingane som er over nettmøte. Dette er på grunn av konkurranseomsyn.
Ein bransje i endring
Men ifølgje Optikerforbundet og Optikerbransjen såg dei eit skifte etter covid-19-pandemien. Det var færre som brukte teleundersøking for berre to år sidan.
– Det er truleg fleire grunner til det, men eg trur me kan summere det ganske enkelt med drift, kapasitet og økonomi, seier Haugo i Optikerforbundet.
Sjølv om fjernundersøking har blitt eit supplement for mange optikarbutikkar sine vanlege synsundersøkingar meiner Haugo det ofte er betre med optikaren fysisk til stades.
– Avstanden kan gjere det vanskelegare å oppfatte heile situasjonen til kunden. Dei små detaljane kan gleppe unna. For enkelte kundar kan det få konsekvensar, seier Haugo.
Optikarforbundet og Optikerbransjen anbefaler ikkje å bruke slike teleundersøkingar til å finne kontaktlinser.
Dette fordi optikaren ikkje kan undersøke korleis kontaktlinsa sit på auget.
I tillegg er det enkelte undersøkingar som mellom anna bruk av spaltelampe som ikkje kan gjerast over nettmøte.
Optikaren er med på undersøkinga over nettmøte
Per-Magne Steen/NRK
Fordi ei teleundersøking kan opplevast litt annleis, meiner Optikerforbundet det er viktig å gi god informasjon før, under og etter.
– Å gi rett informasjon til rett tid, det trur eg er nøkkelen her. Det må ikkje bli for mykje, men det skal heller ikkje vere for lite, seier Haugo i Optikerforbundet.
Medhjelparen Katrine Øyren justerer foropteren, ho er optikaren sine hender under synsprøva