Opplevde marerittet i løypa: – Får jo fullstendig panikk

5 days ago 3



– Eg blei sjølvsagt redd. Ein får jo fullstendig panikk.

Venke Gulli skildrar dramatikken som fann stad då ho deltok på Norway Trail på Beitostølen fredag.

Undervegs i hundeløpet velta sleden, og ho blei hengande bak i fleire hundre meter.

Klarte ikkje stoppe

Det starta i ein skarp sving.

Føraren framfor Gulli fekk full stopp. For å unngå ein kollisjon med personen, måtte ho trakke på bremsen og stoppe sitt eige spann.

Hundane blei ståande stille i nokre sekund, noko som gjorde dei ekstremt ivrige, fortel Gulli.

Då ho skulle køyre i gang att, skaut hundane fart. Dei kasta seg framover, og i rykket mista ho kontrollen.

Venke Gulli

IVRIG: Venke Gulli er ein ivrig hundeførar.

Foto: Venke Gulli / Privat

– Me hamna utanfor løypa i laussnø, og der gjekk me over ende. Eg blei liggande etter sleden, for hundane fann vegen inn på løypa igjen. Dei er lynraske og ivrige, så eg blei hengande etter i 400–500 meter nedover.

Ho fortel at ho ikkje er sikker på om hundane la merke til at ho var hengande bak sleden.

– Eg prøvde å halde hovudet kaldt. Eg har ansvar for sju hundar, og viss eg slepper sleden, kan det gå veldig gale med dei.

Gulli fortel at ho køyrer med Alaska-huskyar, ein hunderase som er betre eigna for lengre løp enn Norway Trail. Likevel trur ho at hundane var oppe i ei fart på 30 km/t då ho hang bakpå.

– Ho er jo redningskvinna mi

Heldigvis for Gulli kom det ein snartenkt førar bakfrå som straks skjønte kva som måtte gjerast.

– Eg berre ropte til ho. Eg veit ikkje heilt kva eg bad om, for ho kom jo der med sine eigne åtte hundar. Det er nesten galskap å be om hjelp i ein slik situasjon, men eg var panisk og måtte finne ei løysing raskt, fortel Gulli.

Bak kom sveitsaren Marketa Bednar. Ho såg fallet og at Gulli ikkje klarte å reise seg att. Ho nølte ikkje med å handle.

– Eg fekk ideen om å stoppe mitt eige hundespann, hoppe av og prøve å stoppe hundane hennar på ein eller annan måte, fortel Bednar.

Hundeføraren sette «handbrekket» på sleden og kasta seg over hundespannet til Gulli.

kvinne med hund i snødekte skoger

REDNINGSKVINNE: Marketa Bednar.

Foto: Marketa Bednar / Privat

– Ikkje kvardagskost

– Eg var usikker på kva eg skulle gjere, for dette er jo ikkje akkurat kvardagskost. Først trudde eg kanskje at hundane hennar ville senke farten når eg køyrde opp på sida av dei, men det skjedde ikkje, forklarar Bednar.

Sist Gulli opplevde noko liknande var i 2007. Under EM i Polen blei ho kasta inn i eit tre medan sleden forsvann frå ho. Den gongen fekk ho ikkje same hjelpen som på Beitostølen.

– Ho er jo redningskvinna mi. Me er berre så takknemlege, understrekar Gulli.

Ho fortel at det står bra til med både ho og hundane, og at dei skal konkurrere vidare.

Også redningskvinna har det bra, trass i at ho måtte ofre sitt eige resultat for å redde Gulli.

– Ein må hjelpe kvarandre ute i sporet, sjølv om det er konkurranse. Ho ropte på hjelp, og da måtte eg sjølvsagt prøve. Det var eigentleg den einaste moglegheita der og då.

«Dabber» i mål: – Han er arrogant

Publisert 09.03.2026, kl. 07.02

Read Entire Article