Opplevde ein brors verste mareritt: – Då visste eg kva eg skulle drive med

1 week ago 16



– Det hadde vore gøy å vite korleis han hadde reagert visst han visste kva eg skal ut i no.

Dei seier Endre Lykken til NRK like før han skal ut i høgdepunktet i karrieren. Fem år etter at han opplevde sitt største mareritt.

For i 2021 la Endre ut på ein treningstur som har teke han heile vegen til Paralympics.

– Då fann eg ut av toppidrett og det ein verkeleg brenn for, dempar sjølv dei mest ekstreme tinga i livet.

Blind frå fødselen

Heile livet har Endre Lykken vore tilnærma blind, med 2 prosent syn på begge auga sidan fødselen.

Likevel har fysisk aktivitet og langrenn vore ein stor del av kvardagen sidan han var liten.

En skiløper, iført en blå, er i ferd med å gå over en snødekt trasé. I bakgrunnen sees to biler parkert på en grusvei, med en reklamebanner i nærheten. Solen skinner på himmelen, som er delvis blå med noen skyer. Det er tydelig vintervær med snø i området. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

GLEDE: Endre Lykken har alltid vore glad i skisporten, her frå Riderrennet på Beitostølen i 2015.

Grafikk: Thomas Lykken

Pappa til Endre, Thomas Lykken, fortel om eit skimiljø som alltid har tatt sonen godt i mot.

– Det å høyre at barna får tilbod om noko dei har lyst til å gjere er veldig flott. Alle vennane dreiv med idrett, kvifor skulle ikkje han? fortel Thomas om oppveksten til Endre.

Halvbroren Emil betydde mykje for Endre i kvardagen. Sjølv om han er eit par år eldre er han ein viktig støttespelar, både i løypa og på heimebane.

– Emil var veldig klar på at han ønska at Endre skulle drive med idrett, og syntest det var veldig stas å ha ein bror som var god på langrenn, fortel far Lykken.

Og Endre vart ein stadig betre utøvar.

En utøver iført treningsvest med teksten "Athlete 175" står på snøen. Bakgrunnen viser fjell og stadion med noen tilskuere. Dagen er klar med sollys, noe som gir tydelige skygger og kontraster. Bildet tas under Paralympiske leker i Milano-Cortina 2026. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PÅ PLASS: Her er han i løypene i Italia like før Paralympics startar.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Men med tenåra kom det store og vanskelege spørsmålet: Skulle han verkeleg satse på langrenn?

Midt i denne prosessen snudde livet seg opp ned. Valet vart enda klårare.

Berre 15 år

Familien dreg på hyttetur på Sjusjøen, slik dei ofte gjorde. Endre har planlagd sine treningsturar denne veka. Halvbroren er ikkje med.

Ein dag får familien ein telefon: Emil Lykken er funnen livlaus i si eiga leilegheit grunna overdose, 25 år gamal.

En person sitter foran kameraet, iført en blå jakke og cap. Bakgrunnen består av mørke farger og tekstiler. Det ser ut til å være et intervju eller opptak i en innendørs setting. Lyssettingen er dempet, noe som gir en seriøs atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

VENDEPUNKT: Då Endre får beskjeden om brorens bortgang er han knust, og han brukar treningane på å fordøye hendinga.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Endre er 15 år gamal då han får sjokkbeskjeden. Heilt knekt.

Han hadde planlagd ei rulleskiøkt den ettermiddagen. Og den fullfører han.

– Då var eg plutseleg ikkje i tvil: Då visste eg kva eg skulle drive med. Det her skal eg drive med i mange år framover.

En skikjører iført rød skidrakt står på snøen. Personen holder ski med staver i hendene, og ser mot kameraet. Bakgrunnen viser snødekte hytter og en klar, blå himmel. Omgivelsene indikerer en vinteraktivitet i fjellet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TRENINGSTUR: Like etter brorens bortgang stikk Endre Lykken ut på treningstur. Ein plass der han føler seg fri og kan prosessere smerta.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Endre visste ikkje noko om broren sitt forbruk.

– Det var så mykje som kom brått på. Familien min hadde jo skjerma meg for det eigentleg heile livet mitt, fordi broren min ikkje ville at eg skulle vite det. Og det er eg takksam for, for eg var ein veldig ung gut då.

Far Thomas fortel kva som var bakgrunnen til å halde rusproblemet skjult for Endre.

– Vi vurderte han som for ung til å bli involvert i problematikken. Derfor kom det nok som eit enda større sjokk for han, dessverre. Men han brukte det som ein styrke, for dei hadde eit veldig godt forhold.

Sjokket og sorga var enorm, men treningsturane gjorde det enklare å halde hovudet klårt.

Ein støttespelar som er med uansett

No er Endre Lykken blitt 19 år, og er ein av landets beste parautøvarar i langrenn.

Broren er alltid med han i tankane.

– Det var ein veldig, veldig fin tid som skulle vart så veldig mykje lenger. Ein tenker meir på det fine ein hadde saman. Og det hjelp på å halde motivasjonen oppe, og drive med det eg gjer.

To personer står foran en bygning i en by med fjell i bakgrunnen. Begge har på seg hvite jakker med logoer og har tilbehør som solbriller og luer. Det ser ut til å være klart vær, og det er en lekeplass i nærheten. Omgivelsene gir en urørt, naturskjønn setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

DUO: Her er Endre Lykken saman med sin følgjeperson i langrenn, Lars Øvrebø. I fleire år har dei jobba tett for å fungere best mogleg når dei går konkurransar saman. Lars framfor, Endre bak.

Foto: Frode Søreide / NRK

Prestasjonane i verdscupen denne sesongen har gjort at han har kvalifisert seg til det største ein utøvar kan oppleve.

– Mitt første mål var vel eigentleg berre å komme til Paralympics, no er det nådd. Og no er det vel berre å få eit så godt resultat som mogleg.

Og med seg til Italia får han mykje støtte heimanfrå.

– Familien min blir med nedover, ja. Både mor, far og kjærast og litt andre slektningar. Så vi blir ein fin gjeng. Så det gler eg meg veldig til. Det blir jo artig å kunne dele det med dei.

Endre Lykke skal først i aksjon på langrennssprinten tysdag, som du kan følge på NRK sine plattformer.

Publisert 08.03.2026, kl. 21.50 Oppdatert 08.03.2026, kl. 21.58

Read Entire Article