Oppfordrar til å boikotta Harry Potter-serien – to år før premieren

3 days ago 15



Tidlegare i år vart det klart at Harry Potter-bøkene skal verta TV-serie.

Det er kanskje ikkje så rart. Både bøkene og filmane hadde massiv suksess, og har sørga for heftige inntekter til forfattaren J.K. Rowling og andre involverte.

Men sjølv om det framleis er minst to år til premieren, tek fans allereie til orde for å boikotta serien.

Éin av grunnane er at Rowling sjølv skal vera ansvarleg produsent for serien.

Forfattaren har dei siste åra hamna i hardt vêr på grunn av motstanden sin mot transpersonar.

Fans har ved fleire høve oppfordra til å boikotta både filmane og bøkene for å ikkje bidra til pengekassa til Rowling – som ifølge Forbes var god for rundt 600 millionar kroner i 2020.

Uansett ser det ut til å vera mange fans som vil gjera sitt for at ikkje ho skal verta endå rikare.

Eit innlegg som sirkulerer i sosiale medium ber fansen tenka seg om før dei ser serien.

Innlegget skuldar mellom anna Rowling for å støtta serien fordi fleire av Harry Potter-stjernene har teke til orde mot henne – og for transpersonar.

– Ho vil laga ein ny versjon utan å involvera dei, står det mellom anna.

Threads-innlegg som ber Harry Potter-fans tenke seg om to ganger før de ser serien som skal komme i 2027

Eit innlegg frå Threads som har vorte hyppig delt i sosiale medium dei siste dagane. «Viss du planlegg å se den Harry Potter-serien på HBO, håpar eg verkeleg at du forstår to ting: 1) Ho har dytta på for å laga ein ny versjon fordi dei opphavlege skodespelarane har offentleg støtta transpersonar og ho vil laga ein ny versjon utan å involvera dei. 2) Å støtta ho med pengar vil direkte skada transpersonar og spesielt transbarn. Ho brukar rikdomen sin til å blokkera lovforslag som ville ha beskytta unge transpersonar. Det er annleis enn berre hatprat (som er ille nok i seg sjølv).»

Faksimile: Skjermdump / Threads

Motstand frå skodespelarar

For medan forfattaren har vorte stempla som både transfob og terf, har fleire av skodespelarane i Harry Potter-filmane gått ein heilt annan veg.

Daniel Radcliffe spelte sjølvaste Harry Potter i alle filmane. Han har teke til orde mot Rowling fleire gonger.

– Transkvinner er kvinner. Å seia det motsette viskar ut identiteten og verdigheita til transpersonar, sa han i eit intervju med The Atlantic i 2024.

Radcliffe sa også at han ikkje har hatt kontakt med Rowling sidan ho begynte å uttala seg mot transpersonar.

Rupert Grint, Emma Watson, Daniel Radcliffe poserer for kamera, i bakgrunnen filmplakat for Harry Potter-film

Trioen Rupert Grint, Emma Watson og Daniel Radcliffe har alle uttrykt klar støtte til transpersonar – i motsetnad til forfattaren av bøkene.

Foto: MAX NASH / AP / NTB

Òg Emma Watson, som spelte Hermine Granger, har vore tydeleg i støtta til transpersonar.

– Eg vil at trans-følgarane mine skal vita at eg, og så mange andre rundt i verda, respekterer dykk og elskar dykk for den de er, skreiv ho på X i 2020.

Den siste i trekløveret, Rupert Grint som spelte Ronny Wiltersen, har òg teke til orde for transpersonar og rettane deira.

På spørsmål om kvifor han meinte det var viktig å ta til motmæle mot Rowling, svarte han:

– Eg følte eg måtte, fordi det var viktig, sa han i eit intervju til Esquire.

Svarar på boikott-oppfordringar

J.K. Rowling har nyleg fått mykje merksemd for ein kommentar på X.

Melding fra J.K. Rowling på X. Hun svarer på et innlegg som spør hvilken skuespiller som umiddelbart ødelegger en film. Hun svarer "gjett tre ganger. Sorry, klarte ikke dy meg" og tre latter-emojier

Faksimile: Skjermdump / X

Ho nemner dei ikkje med namn, men fleire tolkar det som eit stikk til nettopp Radcliffe, Watson og Grint.

Allereie i 2023 var det oppfordringar om å boikotta serien. Då kommenterte Rowling saka i ei melding på Twitter, som plattforma framleis heitte då:

– Aktivistar prøver å organisera nok ein boikott av arbeidet mitt, denne gongen av Harry Potter-serien. Sidan det er betre å vera føre var, har eg tatt forholdsreglar og kjøpt inn store mengder sjampanje.

Det er selskapet Warner Bros som skal produsera serien. I ei utsegn sitert av Variety seier selskapet at dei er stolte over å kunne fortelja historia om Harry Potter nok ein gong.

– J.K. Rowling har ein rett til å uttrykka sine personlege meiningar. Me vil ha fokus på utviklinga av den nye serien, som berre vil dra nytte av bidraget hennar.

Dei nye skodespelarane

Litt etter litt har det kome drypp om kven som skal gje liv til karakterane i den nye serien.

John Lithgow er den førebels einaste skodespelaren som har vorte offisielt stadfesta. Han skal spela Galtvort-rektor Albus Humlesnurr.

John Lithgow med hvitt hår, kraftige svarte briller og iført dress

John Lithgow tar over etter Michael Gambon når han skal portrettera Albus Humlesnurr i Harry Potter-universet.

Foto: Danny Moloshok / Reuters / NTB

Bransjemedium har likevel nemnt fleire namn som ikkje skal vera langt unna å signera kontrakt.

Ein talsperson for HBO har likevel vore klar på éin ting:

– Me vil ikkje gjenta folk som spelte i filmane, sa Sarah Aubrey til Hollywood Reporter tidlegare i mars.

Avviste serie-deltaking

Trass i det har fleire skodespelarar frå filmane vorte nemnde som moglegheiter.

Ein av dei er David Tennant, som spelte Bart Kroek Jr. i den fjerde filmen.

Då han deltok i eit panel på Comicon Kansas nyleg, fekk han mellom anna spørsmål om det var ein karakter han ville spela i den nye TV-serien. Det skriv mellom anna Metro.

– Det er flotte historier. Eg føler at mitt bidrag sannsynlegvis er ferdig. Eg har fått fortalt at det er ein ansvarleg produsent i den serien som ikkje elskar meg, sa han med tilvising til J.K. Rowling.

Salen reagerte med jubel og applaus – og latter.

Publisert 27.03.2025, kl. 22.06

Read Entire Article