«Oppdra ungane sine inne i Oslo? Det kunne eg aaaaaldri gjort!»

4 hours ago 4



Foto: Privat

Eg ler ikkje av dine val. Kan ikkje det gå begge vegar?

Publisert: 20.09.2024 20:00

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

«Hei, du! Du er heime på ferie, ser eg?»

«Neimen halloien! Jajaja, her er vi! Steike, det var lenge sidan! Korleis går det med deg og dine?»

«Berre bra her, ungane veks til og trivast, veit du. Og snart er det skulestart på eldstemann.»

«Aha, så da blir det kanskje flytting, da?»

«Flytting? Kva meiner du? Vi tenkte å bli verande her heime?»

«Åja, ehe, hm. Nei, eg tenkte vel at det kanskje blir litt feil å oppdra ungane sine … her, liksom? På ein så liten stad? Langt ute i distriktet? Dette med oppvekstmiljø og slikt er jo viktig, det er jo slik ein tenker på som forelder?»

Denne samtalen har aldri skjedd. Eg har i alle fall ikkje høyrd den.

Den som vel å stifte familie og bu i ein storby, får høyre at det er eit totalt uforståeleg og grenselaust dumt val

Og viss du hadde møtt nokon som hevda at det ikkje går an å oppdra ungane sine på ein liten tettstad eller ute på bygda, så hadde du forhåpentlegvis kalla vedkomande for eit dra-til-tryne og bedt hen om å skjerpe seg og vise litt folkeskikk.

Med god grunn. For slikt bør ein ikkje meine, og absolutt ikkje seie høgt. I alle fall ikkje direkte til den det gjeld. Men tilsynelatande er det heilt ok å gjere det motsett veg:

At den som vel å stifte familie og bu i ein storby, får høyre at det er eit totalt uforståeleg og grenselaust dumt val. «Oppdra ungane sine inne i Oslo? Det kunne eg aaaaaldri gjort!»

Snakkar ned andre folk sine livsval

Sjølv er eg oppvaksen i Førde, men bur i Oslo på 21. året og har barn her. Og eg snakkar av erfaring når eg seier at det knapt er mogeleg å ta seg ein tur til heimbygda eller lese Firda utan stadig å få høyre at mitt livsval er skadeleg for barn.

No sist, i lokalavisa Firda 28. august, hadde dei intervjua ein nyslått pensjonist som mimra tilbake til då han 30 år tidlegare hadde flytta til Førde, «så ikkje barna våre skulle vekse opp i ein stor by».

Det er sjølvsagt eit val alle må få lov til å ta. Alle må få ha sine grunnar. Men eg ville aldri ha stilt opp i avisa og sagt at eg heldt ungane mine unna Førde «så dei ikkje skulle vekse opp i ein liten by».

I mi bok ville det vere langt utanfor folkeskikken, men i visse krinsar ser det ut til å vere heilt patent å seie det motsette, å hånle av heilt fundamentale livsval som vi har gjort, vi som aldri flytta heim att. Og eg forstår ikkje kvar dette kjem ifrå, hangen til heilt ope å snakke ned andre sine val.

Eg bur ikkje i Oslo fordi eg ikkje likar Førde. Tvert imot, skriver Andreas Kokkvoll Tveit. Foto: Privat

Eg opplever både førdianarar og folk flest elles i landet som skikkelege menneske med solide moralske kompass. Kanskje er forklaringa at ein på bygda kan føle at ein blir utsett for ein slags arroganse frå hovudstaden. Og den arrogansen finst nok i ei eller anna form, den.

Men den heilt opne nedsnakkinga av oppvekstvilkår, den går mest frå bygd mot by.

Barndomsminne frå ein liten stad

Eg bur ikkje i Oslo fordi eg ikkje likar Førde. Tvert imot. Eg elskar Førde og Sunnfjord. Eg har høyrd folk seie at Førde er eit barn som berre ei mor kan elske, eller omvendt, ei mor som berre eit barn kan vere glad i.

Men dei som seier slikt, må ha gløymd korleis det var å springe ned bakkane til fotballbana på Halbrend ein tysdag ettermiddag for å spele sesongens første kamp i Grendaserien, kanskje er det Kletten 3 eller Sunde 2 som kjem på besøk, og det kjennest ut som om det ikkje finst ein einaste stad nord for ekvator der våren kjem så tidleg og er så grøn og frisk som i Sunnfjord, og i år kan vi kanskje klare å slå Jupiter eller dei andre gode laga frå Vieåsen, og om ikkje så lenge er vatnet i Kulpen varmt nok til at vi kan bade.

Den som seier noko stygt om å vekse opp i Førde, må ha gløymd den gongen fem gutar lo så dei ramla av dei grøne vippeseta i kinosalen og såg «Ace Ventura», «Austin Powers» eller ein annan klassikar frå storbarnsåra.

Og ingen kan snakke om verdas styggaste by viss ein kan minnest å gå på Firda Billag for å kjøpe byens «beste» softis (ja, dei skreiv «beste» i hermeteikn, eg forstod aldri om det var ein spøk eller ei) og så fort du fekk isen, springe over vegen og opp trappene der bestemor di hadde kjøpt seg ein ny og lettstelt leilegheit med utsikt heilt heim til Ulltang, der ho vaks opp i ei skråning ned mot fjorden nesten 100 år tidlegare.

Det er ikkje mangel på gode barndomsminne som gjer at eg har valt ein større by

Den som ikkje har eit godt ord å seie om Sunnfjord, kan heller ikkje hugse korleis det kjennest når støvlane dine sklir på haustvåt jord når du går mot skulen i Vevring fordi der er det utstilling, og dei serverer dei beste svelene i verda, og mamma har sagt at du kan få så mange du vil, eller telle ned til sleppdagen for Oasis sitt tredjealbum når du etter skuletid skal springe heile vegen til Musikkcenteret for å høre gjennom plata og håpar den er like bra som dei to forrige, for du kan ikkje bruke 159 kroner på kva som helst.

Om nokre år skal du lengte etter å køyre utover Førdefjorden og sjå korleis landskapet opnar seg. Kanskje kan du sjå sola gå ned i havet forbi Svanøy, og medan du køyrer utover, så ber du om at dei for alltid må tråkke berrbeint på legoklossar og leite etter nøklane når dei har dårleg tid, dei som senkar den snåle og nydelege Vevring-bygda i ei sky av støv og støy, og det einaste bygdefolket får tilbake, er litt sympati som dei uansett ikkje kan leve eller gå i barnehage av.

Vi trivst. Ungane òg. Viss ikkje, hadde vi ikkje blitt verande.

Den som ikkje er glad i Sunnfjord, kan heller aldri ha opplevd å få bli med ein onkel litt lengre ut i fjorden for å ta opp ruser, og når det kjem ein steinbit over ripa, skal du lære at du må passe fingrane, og mange år etterpå skal du vere heilt sikker på at den finaste plassen på jord, det var Stavang ein sommar ein gang tidleg på 1990-talet.

Og her kunne eg ha halde fram. Eg skulle gjerne fortalt om ein vennegjeng som møttest på Sporten kvar laurdag føremiddag med nokre samanskrapte myntar til ein felles kupong, og den gongen vi fekk 12 rette i tipping og fekk utbetalt 324 kroner på deling, men eg skal gi meg her.

Summen av omsyna i liva våre

Så det er ikkje mangel på gode barndomsminne som gjer at eg har valt ein større by som ramme for oppveksten til mine ungar.

Det er fordi summen av omsyna i liva våre tala for at det er her heile familien blir mest lukkeleg. Og vi trivst. Ungane òg. Viss ikkje, hadde vi ikkje blitt verande.

Eg håpar mine gutar ein dag kan kjenne på varmen frå eit godt barndomsminne frå Oslo, utan å få høyre at dei vaks opp ein stad der ingen kan ha ein god barndom.

Kronikken er først publisert i avisen Firda.

Read Entire Article