Vetle Sjåstad Christiansen var sterkast på den siste runden og gjekk Noreg inn til siger på stafetten i Oberhof.
Då han kryssa målstreken, peika han opp mot himmelen.
– Det er den viktigaste sigeren og stafetten vi har gått. Eg kan ikkje beskrive kor krevjande det har vore dei siste vekene, seier Christiansen til NRK.
Før sprinten torsdag, var det minnestund for avdøde lagkamerat Sivert Guttorm Bakken:
– Eg synest det har vore heilt forferdeleg kjipt. Og det har kosta mykje energi. På torsdag var eg heilt borte vekk. Kroppen min var her i Oberhof, men hovudet mitt var i det heile ikkje her, forklarar Christiansen, som hamna på ein 64. plass på sprinten.
Han er takksam for all omtanken han og lagkameratane har fått i den krevjande tida.
– Vi har opplevd enormt mykje støtte. Eg har fått tusenvis av meldingar og det har vore in kjempegod prosess frå Olympiatoppen og forbundet.
Han fortel også at det har vore sterkt og emosjonelt i laget.
– Men dei opplevingane vi har hatt med kvarandre i det siste. Eg trur aldri eg kjem til å gløyme det. Eg har vel gråte på omtrent alle løparmøte, seier Christiansen.
FØRST I MÅL: Vetle Sjaastad Christiansen peika opp mot himmelen då han kryssa målstreken under stafetten i Oberhof.
Foto: Hendrik Schmidt / AP / NTBSekundstrid
Christiansen gjekk ut i tet saman med Frankrike og Tyskland etter ein god etappe av Martin Uldal.
Det blei spennande på den siste ståande skytinga då alle i teten bomma. Christiansen klarte likevel å klistre seg i ryggen på franke Éric Perrot ut frå matta, og i spurten mot mål var nordmannen best.
UTAN TAP: Noreg har vunne alle stafettar denne sesongen.
Foto: Hendrik Schmidt / AP / NTB– Det var ein tøff stafett. Eg var litt tung i beina frå i går, men eg prøvde berre køyre på, seier Perrot til NRK.
Noreg vann stafetten framfor Frankrike, medan Sebastian Samuelsson gjekk Sverige inn til ein tredjeplass.
Noreg har vunne dei to første stafettane denne sesongen. Både i Östersund og Hochfilzen var det dei norske herrane som stakk av med sigeren. I dag vann dei sin tredje på rad.
Men sigeren var på ingen måte sjølvskriven etter at Noreg hamna langt bakpå midtvegs.
PALLEN: Noreg vann framfor Frankrike og Sverige.
Foto: Matthew Childs / Reuters / NTBSprakk på ståande
Etter ein god opningsetappe av Isak Leknes Frey, fekk Johannes Dale-Skjevdal eit perfekt utgangspunkt. Men då han kom inn til ståande skyting, sprakk han fullstendig. Noreg måtte ut i to strafferundar og gjekk ut heile 53 sekund bak Austerrike.
Hovudpersonen sjølv var skuffa etterpå:
– Eg veit ikkje heilt. Har ikkje noko godt svar på det, seier Johannes Dale-Skjevdal til NRK.
– Kjem i tet der. Det er tøft å stå på nummer ein, men det var veldig dårleg. Så det er skuffande, held han fram.
TO BOM: Johannes Dale-Skjevdal måtte gå ut i strafferunden.
Foto: TOBIAS SCHWARZ / AFP / NTB– Eg taklar nok eigentleg ikkje så godt å kome inn på nummer ein der, seier Dale-Skjevdal.
– Da er det vanskeleg for Noreg å henge med her, sa NRKs ekspert Ola Lunde.
Men Martin Uldal leverte rask og feilfri skyting på etappen etter, og kunne sende Christiansen ut i tet.
Isak Frey var uheldig då han hang fast i matta på standplassen under herranes stafett søndag. Bilete frå TV 2 Direkte.
Tryna ut av standplass
Isak Leknes Frey starta sterkt for Noreg og tok leiinga etter to raske seriar. Men i det han skulle gå ut frå standplass, sklei han og gjekk i bakken.
– Det har dessverre skjedd før. Det skjedde i fjor også. Eg har ikkje lyst at det skal vere varemerket mitt, seier Isak Leknes Frey til NRK.
Han fortel at skia hang fast i matta då han skulle gå ut i leiinga.
– Synest det er litt merkeleg, det er kjedeleg når det skjer. Det kan vere noko med meg også, at eg er litt ivrig når eg skal ut av matta der, seier Frey.
TRYNA: Isak Leknes Frey datt på veg ut frå matta.
Foto: Hendrik Schmidt / AP / NTBSkytetrenar Siegfried Mazet la ikkje skjul på frustrasjonen då Frey gjekk i bakken. Han meiner utstyret på standplass må ta delar av skulda for fallet:
– Skytematta har fire skruar, og ein av skruane var kanskje litt for oppe, og skia kom borti, seier han til NRK.
– Eg gav beskjed til Ibu-sjefen, ikkje berre for oss nordmenn, men for dei andre også, seier Mazet.
Publisert 11.01.2026, kl. 12.20 Oppdatert 11.01.2026, kl. 13.44




















English (US)