Opnar opp om NRK-intervjuet «alle» snakka om: – Lågaste punktet

1 week ago 8



NRK møter han i hoppbakken i Granåsen, berre 173 dagar før det heile skal sparkast i gang i VM-anlegget.

Denne dagen smiler han og er ikledd polsk sponsortøy. For etter at han var ferdig som norsk landslagstrenar etter 13 år, er han nå sportssjef for det polske landslaget.

Alexander Stöckl i Granåsen under en treningssamling for det polske hopplandslaget

NYTT TØY: Alexander Stöckl ikledd sponsortøyet til Polen. Korleis er det for deg?, spør NRKs journalist. – Eg ser det ikkje. Det kjennest berre som sportsklede. Og eg er i arbeidsklede, så det kjennest eigentleg heilt fint, svarer Stöckl.

Foto: Jørgen Leangen / NRK

Smilet står i sterk kontrast til dagen da den folkekjære hopptrenaren hadde fått beskjeden om at han var ferdig som norsk landslagstrenar.

Da møtte han opp med ei alvorstyngd mine i Dagsnytt 18-studio og publikum blei vitne til ein nedbroten Stöckl.

– Etter den seansen, så hadde eg det ikkje så bra, seier Stöckl om dagen han var ferdig i februar.

Dagsnytt 18-intervjuet fekk stor merksemd, og både bilda og intervjuet prega dei største nettavisene.

Det trur eg var lågaste punktet i utgangspunktet, seier Stöckl og fortset:

Da var eg utsliten. Eg hadde ikkje sove veldig mykje.

– Ubehageleg

Frå 2011 og fram til mai 2024 var 50-åringen landslagstrenar i éin av dei mest suksessrike periodane for hopplandslaget nokosinne. Men i kulissane ulma det.

Det heile enda med at landslagshopparane uttrykte misnøye i eit brev til hoppkomiteen etter VM i skiflyging i slutten av januar. Dei sakna ein meir utviklingsorientert trenar.

Det var veldig ubehageleg, sjølvsagt. Det å vere i ein sånn situasjon. Med den merksemda rundt det. Så var det jo ... Det kjentest vondt til tider, seier Stöckl.

Halvor Egner Granerud serverer bobler til hopptrener Alexander Stöckl etter Hoppuka-seieren i 2022/2023

DEN GANG DA: Halvor Egner Granerud serverer boblar til daverande landslagstrenar Alexander Stöckl etter at han vann Hoppuka i 2022/2023.

Foto: Geir Olsen / NTB

Den tidlegare landslagstrenaren var også inne på tanken å fremje eit søksmål mot den tidlegare arbeidsgivaren sin, Skiforbundet. Dette enda i staden med ein sluttavtale.

– Det eg har gjort, kjenner eg har gjort med beste meining. Eg har prøvd mitt beste for å sørge for at vi kan lykkast med det vi driv med. Det må eg berre stå for. Så er det å vurdere om eg burde gjort noko annleis, seier Stöckl.

Var nesten på matchvekt for skihopparar

Mens det storma som verst rundt Stöckl drog familien hans heim til Austerrike for å få ro.

Han fortel at noko av det tyngste var at den åtte år gamle dottera hans også skjønte kva som gjekk føre seg.

Fysisk gjekk eg mykje ned i kroppsvekt. Eg var nesten på matchvekt for skihopparar. Så det var ... Den kjente eg på. Og så var det lite søvn. Så det var ... Ja. Det var ikkje så behageleg, seier Stöckl.

Nå meiner 50-åringen at han har komme styrkt ut av situasjonen og at han har tatt med seg viktig læring inn i den nye rolla som sportssjef.

– Eg har erfart mykje i den fasen som var, både på godt og vondt, seier Stöckl.

– Kva har du erfart?

– At ein må utvikle seg vidare, rett og slett. Ein kan aldri stå stille.

– Men var det noko av det du tar sjølvkritikk på, at ikkje du utvikla deg?

– Ja, eg utvikla meg i ei retning som kanskje ikkje var heilt optimalt for andre. Eller eg gjorde ting som eg kjente var viktig, men som andre meinte ikkje var det som skal vere ein del av rolla til hovudpersonen, seier Stöckl.

Kunne handtert det annleis

Dei polske utøvarane og Stöckl trena i VM-anlegget på same tid som hans tidlegare elevar på det norske landslaget trena der.

Halvor Egner Granerud vil ikkje gå djupt inn i konflikten som gjekk føre seg i vinter og beskriv forholdet i dag som kollegialt.

– Det har gått heilt fint. Vi sa «hei» da vi såg kvarandre. Eg har ikkje hatt så mykje med han å gjere dei siste fire-fem månadene.

Halvor Egner Granerud trener i VM-anlegget i Granåsen

Foto: Andreas Hagen / NRK

Granerud kjenner ikkje at han har noko usnakka med den tidlegare trenaren sin og meiner at dei fekk snakka ut gjennom vinteren. Etter VM i skiflyging og verdscupen i Sapporo, der Stöckl ikkje deltok, var han og hopparane samla til møte på Gardermoen i håp om å løyse konflikten.

Etter alt bråket som oppstod i kjølvatnet av brevet frå hopparane, vedgår Granerud at konflikten kunne ha vore handtert på ein annan måte.

– Sikkert. Som med det meste her i livet, ein kunne sikkert gjort ting annleis. Men i staden for å dvele ved det som har vore, så ser eg framover mot det som skal komme.

Publisert 11.09.2024, kl. 19.13

Read Entire Article