Opnar opp om einsamheit: – Var aleine kvar dag i tre månader

1 month ago 16



– Det eg skulle ønske eg visste før eg blei fotballspelar, er at det er ganske einsamt.

Det seier Napoli- og Italia-proff Leo Østigård i den ferske dokumentarserien som no er tilgjengeleg på NRK TV.

Som 18-åring forlét midtstopparen trygge Noreg for å freiste lykka i England og Brighton. Seinare har han vore innom fleire ulike klubbar i England, Tyskland og Italia før han no har slått seg meir til ro i Napoli, ein av verdas aller største og beste klubbar.

KLC3RlILCVU

TØFF: Leo Østigård går hardt til på banen.

Foto: AP

Men livet er ikkje berre glamorøst og problemfritt, sjølv om ein tener gode pengar og lever ut gutedraumen i varme og vakre Italia.

– Må få tida til å gå

Østigård fortel i dokumentaren at det hender, når han saknar Åndalsnes, at han set på Bruce Springsteens «My hometown» på YouTube, eller berre ein roleg Bruce-konsert, og lengtar tilbake til Noreg og heimplassen.

– Det blir ofte veldig like dagar. Ein drar på trening, drar heim, slappar av. Og frå klokka fire til ein legg seg, handlar det ofte om å få tida til å gå. Det er ikkje sånn at det er supergøy alltid, nei, seier Østigård.

Sjå alle episodane av «Drømmen om EM» på NRK TV nå.

Optimismen er skyhøg før kvalifiseringa startar. Men landslagsgutane møter uventa motstand i ein spåmann frå Sheffield og ein mystisk storm i Georgia.

Manchester City-spelar Oscar Bobb er vant til å bu langt unna familie og venner i Noreg. Han spelte for Porto i tenåra og flytta til Manchester som 16-åring etter eit kort mellomstopp i Vålerenga og Oslo.

– Aleine kvar dag i tre månader

I dokumentaren fortel Bobb at han kjenner seg igjen i Østigård si beskriving av eit proffliv som ofte kan by på einsame dagar.

– Det går litt opp og ned. Frå juli til oktober var eg aleine kvar dag i tre månader, seier Noreg sin nye yndling i samtale med Erik Solbakken og Morten Ramm.

– Då blir det einsamt?, spør Solbakken.

– Ja, bekreftar Bobb.

Oscar Bobb

MYKJE ALA: Oscar Bobb, her i leilegheita i Manchester, opnar opp om einsemd i NRKs nye landslagsserie.

Foto: Drømmen om EM/NRK

Han vil ikkje klage, og påpeikar at han lever livet mange barna og unge verda over draumar om.

– Ein lever i ein treningskvardag og gjer det ein elskar. Men ein får ikkje sett familie og venner så mykje, og eg blir påverka av det, men det er ikkje så negativt. I og med at ein får gjere noko så stort og gøy, så veg det litt opp for andre ting ein mistar, seier City-talentet.

– Trur vi gjer heilt sjuke, kule ting

Landslagskaptein Martin Ødegaard har også erfart skuggesidene i profflivet.

Han drog til Real Madrid som 16-åring og har vore utlandsproff med opphald i Spania, Nederland og England sidan det.

– Sidan vi er fotballspelarar trur folk vi gjer heilt sjuke, kule ting. Men vi har heilt vanlege liv, kjem heim frå trening, slappar av på sofaen, går ut og et lunsj eller tek ein kaffi, speler PlayStation, kva enn det er. Det er eit kjedeleg svar, seier Ødegaard.

– Stort sett handlar profflivet om trening, restitusjon, å ligge på sofaen, sjå seriar, spele PlayStation. Folk tenker at det er glitter og glamour, men det er eigentleg eit veldig A4-liv, seier Villarreal-proff og Noreg-spiss Alexander Sørloth.

Ødegaard / Spilling

KAN VERE SLITSAMT: Martin Ødegaard og Helene Spilling får sjeldan vere i fred når dei er ute blant folk.

Foto: Drømmen om EM/NRK

På spørsmål om kva som er det beste med å vere proff i utlandet, trekker Arsenal-stjerne Ødegaard fram at han får leve ut draumen om å spele i Premier League.

Men det er også sider ved profflivet han skulle vore forutan.

– Eg vil ikkje klage, eg kjenner meg kjempeheldig, elskar livet mitt og lever draumen, men det er dagar der ein blir kjent igjen og masa på, kor ein skulle ønske ein ikkje blei det. Viss eg har folk her på besøk, og vi taper, er det kanskje ikkje så lurt for meg å gå ut og ete ein middag, innleier han.

– Veldig i søkelyset

Ødegaard fortel ei historie som er eit godt eksempel på akkurat det. Det var nyttårsaftan og Arsenal gjekk på eit surt 1-2-tap mot Fulham.

– Da var alle gutane og Helene (Spilling) her, men det er ikkje sånn at eg har lyst til å gå ut og kose meg etter det. Ein er veldig i søkelyset og blir kjent att og tatt bilete av i situasjonar der ein helst vil vere i fred.

Bsnnt-jX5Mo

SLÅTT SEIG TIL RO: Martin Ødegaard har funne seg godt til rette i Arsenal, der han også denne sesongen har storspela.

Foto: Reuters

– Korleis opplevast det å ikkje få vere i fred?

– Det har vore ein del av livet mitt veldig lenge no, heilt sidan eg slo gjennom i Godset og fram til no, folk har kjent meg igjen overalt. Eg har levd med dette i ti år snart. Det er ein del av det, eg tenker ikkje så mykje over det, bortsett frå at det irriterer meg litt viss det er mange som vil ha bilde og eg for eksempel er ute og et med familien. Då er det litt irriterande, innrømmer han.

Erik Solbakken kontrar om at det ikkje ser irriterande ut for Ødegaard, som står fram som ein blid og roleg fyr nesten uansett.

– Eg er stort sett grei og smiler. Eg klagar ikkje, eg lever draumen og det er dette eg har vilja gjere heile livet. Det er ein del av pakken, seier han.

Optimismen er skyhøg før kvalifiseringa startar. Men landslagsgutane møter uventa motstand i ein spåmann frå Sheffield og ein mystisk storm i Georgia.

Settes ut av dommerne: — Ser ut som en gjeng som driver med rollespill 00:48

Read Entire Article