Framstegspartiet er landets mest populære parti.
Arbeidarpartiet går tilbake – medan Frp og Høgre går fram.
Det viser desembermålinga som Norstat har gjort for NRK, Vårt Land og Dagbladet.
Meningsmåling desember 2025 Hvordan ville Norge stemt?
Vis i tillegg
Forrige måling Valget i 2025 Feilmargin
| 27,3 % | +1,7 |
| 24,1 % | −0,8 |
| 17,2 % | +0,7 |
| 6,4 % | −1,1 |
| 5,2 % | 0,0 |
| 4,5 % | +0,3 |
| 4,4 % | −1,1 |
| 4,0 % | +1,3 |
| 3,0 % | −1,2 |
Partimåling fra Norstat for desember 2025 med 999 spurte. Viser endring fra meningsmåling i november.
– Det er alltid kjekt med gode målingar, men det er valresultatet som tel. Vi skal fortsette jobben for å få bytta ut venstresida ved neste val, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Om dette blei valresultatet ville vi fått regjeringsskifte.
Arbeidarpartiet har ikkje sans for å ligge på andreplass, seier nestleiar Tonje Brenna.
– Arbeidarpartiet sin jobb er å vere størst. Det kjem vi til å halde fram med å jobbe for.
Tonje Brenna har hatt ein hektisk haust som leiar av stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. I same periode har populariteten falle.
Foto: Benyamin Farnam / NRK– Kvifor trur du de blir mindre populære?
– Vår jobb er å bli større enn dette. Det jobbar vi med kvar einaste dag. Vi skal vere tydelege på våre prioriteringar. Folk skal få betre råd, ha tryggleik for helsa si og få den velferda dei treng. Det er vår viktigaste jobb, seier Brenna.
Flertall på Stortinget Kunne Støres regjering ha fortsatt?
Fordeling av politikere til venstre- og høyresiden
Venstresiden

Antall politikere: 80
Ned 8 politikere sammenlignet med valget 2025 ↓
Høyresiden

Antall politikere: 89
Opp 8 politikere sammenlignet med valget 2025 ↑
Viser politikere på Stortinget ifølge desembermålingen, sammenlignet med dagens storting. Støres regjering har støtte fra 88 politikere fra Ap, Sp, SV, R og MDG. En regjering må ha flertallet (85) av Stortinget bak seg. I målingen ligger de fem partiene an til å miste flertallet.
Bevisst Frp-satsing
I denne målinga er feilmarginen inntil 3 prosent. Ved å samanlikne fleire målingar over tid får vi eit sikrare bilde.
– Trenden i haust viser at Frp har vakse sidan valet. Dei gjer det godt også på andre målingar. Ap har svekka seg sidan valet, og er landets nest største parti på eit snitt av målingane no, seier Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking.
Dei har nettopp publisert veljarundersøkinga for 2025.
Den viser at Frp har styrka rolla som det mest markante partiet på høgresida.
Johannes Bergh er valforskar og jobbar som forskingsleiar for politikk, demokrati og sivilsamfunn ved Institutt for samfunnsforsking.
Foto: William Jobling / NRK– Høgre var det naturlege styringspartiet på borgarleg side i lang, lang tid. No har dei mista truverd i mange saker. Framstegspartiet har tatt eigarskap til fleire saker – og styrka seg i svært stor grad, seier Bergh.
Det har vore bevisst satsing frå Frp-leiaren.
– Det har vore eit lagarbeid over tid. Vi har løfta fram ulike saker. Til dømes skulepolitikken er ei sak vi har tatt meir eigarskap til fordi det er viktig for veljarane, seier Listhaug.
Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere
| 11 | +2 ↑ | |
| 9 | 0 → | |
| 45 | −8 ↓ | |
| 7 | −2 ↓ | |
| 8 | 0 → | |
| 2 | −5 ↓ | |
| 7 | +4 ↑ | |
| 30 | +6 ↑ | |
| 50 | +3 ↑ |
Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling desember 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2025.
Færre er nøgde med Støre
På dei tre siste undersøkingane har folk også fått spørsmål om dei er nøgde med jobben Jonas Gahr Støre gjer som statsminister.
Også der har Støre fallande trend.
I oktober sa 50 prosent at dei var nøgde – i november var talet nede i 38 prosent.
I desembermålinga seier berre 36 prosent at dei er nøgde med Støre.
Publisert 17.12.2025, kl. 06.00















English (US)