Om Benedikte knakk foten ein annan stad ville ho få fortsette på studiet tidlegare

1 week ago 16



NRK har tidlegare skrive om Benedikte Fjellheim i Narvik som ikkje fekk fortsette på sjukepleiarstudiet fordi ho knakk foten.

Fjellheim knakk foten midt i andre praksis og må no vente til neste år før ho får fortsette.

Sjølv meiner ho at ho kunne fullført praksisen sjølv om ho gjekk med krykker, og kom med fleire forslag til løysingar for at ho skulle sleppe å vente eit år med å fortsette studia.

Likevel sa universitetet nei.

Dei peikte på at det er EU-direktiv og nasjonale reglar som gjer at det må vere slik.

Men den 21 år gamle sjukepleiarstudenten meiner det ikkje stemmer.

Benedikte Fjellheim har brunt hår og briller. Hun står utenfor hovedinngangen til UiT.

– I mitt tilfelle var det eit stabilt brot. Eg kunne belaste foten og trong ikkje bruke gips, seier Benedikte Fjellheim utanfor studiestaden hennar, UiT.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg føler meg ikkje sett. Alle kriser er ikkje like. Eg synest dei er ganske firkanta og ikkje veldig tøyelege, seier Benedikte Fjellheim.

Ho synest studieplassen skulle sett hennar situasjon betre.

– Eg har fått høyre at andre universitet legg til rette for studentar som meg.

Så kven har rett? Er det eit regelverk som gjer alle utdanningane like, eller er det forskjellig handtering av reglane ulike stader?

Universiteta

Det er 13 utdanningsinstitusjonar i Noreg som har sjukepleiarutdanning.

NRK har spurt dei om dei har andre rutinar for å leggje til rette praksis enn UiT.

NRK har ikkje fått svar frå alle, men UiA, Nord Universitet, Høgskulen i Molde og NTNU svarar at dei ville gjort ting annleis:

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Oslo Met skriv at dei ville løyst det på same måte som UiT.

Alle studiestadene seier at praksisemna har læringsutbyte som studentane må vere i stand til å oppnå. Det handlar om hygieniske prinsipp og vareta pasientsikkerheit.

En person tar på seg brodder. Hun har rutete ulljakke, ring på fingeren og en blå hårstrikk rundt håndleddet.

Etter at Fjellheim brakk foten har ho vore veldig nøye med å bruke broddar. Ho knakk nemleg foten fordi ho glei på glattisen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Men kvifor blir det praktisert ulikt på dei ulike studiestadene?

Helsevitenskapelig fakultet på UiS skriv at sjølv om det er ein internasjonal standar for sjukepleiarutdanninga, har dei ulike institusjonane ulik organisering og ulik rekkefølge på praksisperiodane.

– Vår erfaring er at det oftare er dei moglegheitene vi har samen med praksisstadane som avgrensar kva som er mogleg, enn at det er dei nasjonale retningslinjene som står i vegen, skriv Dag Tomas Sagen Johannesen, instituttleiar for helse- og sjukepleievitskap ved UiA.

Kunnskapsdepartementet: – Simulering kan bli løysinga

Mens studieinstitusjonane ikkje er heilt samstemte, er statssekretær Ivar B. Prestbakmo i Kunnskapsdepartementet svært tydeleg om kva regjeringa forventar.

Han skriv i ein e-post til NRK at studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilde behov har rett til individuell tilrettelegging på studia.

Dette gjeld også studentar med større mellombelse utfordringar, slik som Benedikte.

Ivar B. Prestbakmo

Ivar B. Prestbakmo, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, seier at regjeringa forventar at alle studentar skal ha like utdanningsmoglegheiter.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / CHRISTIAN KRÅKENES

– Vi forventar at institusjonane jobbar aktivt for å sikre likeverdige opplærings- og utdanningsmoglegheiter for personar med funksjonsnedsetting og særskilde behov.

Prestbakmo skriv at dei har jamleg dialog med andre land om problemstillingar knytt til EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv.

– Dette gjeld til dømes om auka bruk av simulering i helseutdanninga kan gjere det enklare å gjennomføre praksis utan å nødvendigvis vere fysisk til stades på ein praksisplass.

UiT har 900 sjukepleiarstudentar

Laila Arnesdatter Hopstock, instituttleiar for helse- og omsorgsfag ved UiT, der Fjellheim studerte, fortel at EU-direktivet gir føringar på kor mange veker ein sjukepleiarstudenten skal vere i praksis. Det kan ikkje studiestaden gjere noko med.

Kvar praksisperiode er lagt opp som eit løp med samarbeid mellom praksisstad og undervisningsstad, seier Hopstock.

Benedikte Fjellheim har briller og brunt hår. Hun sitter blant datamaskin og mange bøker i stuen sin og leser til eksamen.

Benedikte Fjellheim for lov til å ta alle dei teoretiske faga og ein gruppeeksamen til sommaren. Etter det må ho vente i eit heilt år på å halde fram med studiane.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Det gjer at det er vanskeleg for dei å leggje praksis i ein annan periode i den som er sett opp på studiet. UiT har 900 sjukepleiarstudentar og praksis blir planlagt lang tid i førevegen.

– Det er ein stor logistikk rundt tilgang til praksisplassar, og planlegging av praksisstudiane i samarbeidet med praksisfeltet blir gjort lang tid i førevegen for sjølve praksisperioden, seier instituttleiaren.

Trur tilrettelegging kan ha samanheng med fråfall

Kåre Rønn Richardsen, prodekan for utdanning på Fakultet for helsevitskap på Oslo Met, fortel at dei heller ikkje hadde fått til tilfredsstillande tilrettelegging for ein student med knekt fot.

– Dette er fordi mange av læringsinstitusjonane krev at du beveger deg og har to armar til gjeremål samstundes.

Det heng også saman med at 50 prosent av utdanninga går føre seg i praksis. Det kan difor by på problem å leggje til rette slik at studentar som opplever noko uføresett kan fullføre på normert tid.

– Årsaka er mellom anna at nye studentar skal overta plassen i neste praksisperiode.

Benedikte Fjellheim har briller og brunt hår. Hun står i en sykehusgang med krykker. Hun gjør en misfornøyd grimase med ansiktet.

Benedikte Fjellheim syntest ikkje det er rettferdig at ho må vente eit heilt år med å halde fram med studiane. Om ho hadde studert ein annan stad, hadde ho kanskje berre måtta vente nokre månader.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Richardsen trur det kan vere samanheng mellom graden av moglegheiter for tilrettelegging og fråfall.

Kanskje særleg for studentar med småbarn og personar med nedsett arbeidsfunksjon som opplever at rammene i praksis blir umogleg å kombinere med livssituasjonen og arbeidsfunksjon.

Fjellheim i Narvik kjem no til å jobbe eit år, før ho held fram med studiene. Ho kjem ikkje til å falle frå. Men ho er eining med Richarsen i at det kunne vore mindre fråfall om studiet var meir tilrettelagt.

Dei gjer det forskjellig overalt. Då blir det berre eit sjansespill om du har valt den rette studiestaden når krisen inntreffer.

Publisert 06.05.2024, kl. 06.03

Read Entire Article