Olivia gir Noreg 17 gongar meir KI-reknekraft

7 hours ago 3



Langt inne i ei nedlagt gruve i Nordfjord står Olivia. Det er Noregs nye superdatamaskin, som no er klar til bruk.

Norske forskarar skal nytte datamaskinen til store og avanserte berekningar.

Til dømes skal KI-forskarar nytte Olivia for å lage ein norsk språkmodell – litt som vår eigen ChatGPT.

Olivia debuterer på 117. plass på den årlege Top500-lista over dei kraftigaste datamaskinene i verda.

Datamaskinen vart levert i april, men først skrudd på tysdag.

Den har dei kvassaste komponentane det er mogleg å få tak i.

Olivia gjer at Noreg får 17 gongar meir KI-reknekraft, ifølgje regjeringa.

Den nest kraftigste superdatamaskinen i landet heiter Betzy og står i Trondheim.

– Olivia er eit svært viktig tilskot for Noregs konkurransekraft innan forsking, seier redaktør Henning Meese i Computerworld.

– Men om det er godt nok, er eit anna spørsmål, legg han til.

Tusenvis av iPhonar

Tysdag vart Olivia «offisielt skrudd på», nede i Lefdal Mine Datacenter i Stad kommune.

Det var forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) som trykte på «power-knappen».

Datamaskinen kan bidra til store resultat innan forsking.

Til dømes kan forskarar laste inn store mengder vêr- og klimadata, som Olivia kan bruke for å simulere framtidige klimaendringar, ved å finne mønstre og samanhengar i store datasett.

Olivia kan løyse slike oppgåver mykje raskare enn Betzy i Trondheim.

Eit anna døme er Nasjonalbiblioteket, som jobbar med ein eigen språkmodell på norsk og samisk, som skal vere tilgjengeleg for alle.

Olivia vil gjere arbeidet med denne lettare.

Datamaskinen Olivia

Svein Arne Brygfjeld i Nasjonalbiblioteket.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Vi har tigga til oss reknekraft her og der. No kan vi komme til éin plass. Det er fantastisk for oss, seier Svein Arne Brygfjeld i Nasjonalbiblioteket.

Bak naboane våre

Når ein snakkar om superdatamaskinar, snakkar ein om tungreknekraft. Olivia 17-doblar kapasiteten i forhold til det nasjonale tilbodet av tungreknekraft i dag, ifølgje regjeringa.

I reine tal har Olivia like mykje reknekapasitet som rundt 5000 av dagens iPhonar, ifølge Computerworld-redaktør Meese.

– Men dette er likevel å samanlikne eple og pærer. I praksis vil du trenge veldig mange fleire iPhonar for å gjere det Olivia er designa for, seier Meese.

Sigrun Aasland (Ap) nyttar store ord om datamaskinen.

– Dette er et viktig skritt inn i framtida, seier Aasland om datamaskinen.

Likevel har både Sverige og Danmark kraftigare datamaskiner enn oss. Og i datahallen til Olivia er det sett av mykje plass, viss regjeringa vil utvide kapasiteten.

Datamaskinen Olivia

Datamaskinen står langt inne i fjellet. Den er oppkalla etter Olivin, mineralet som vart utvinna her.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Det vi har kapasitet til nå, er forsking. I det du også skal nytte reknekraft innanfor offentleg forvaltning, som forsvar, helse eller klima, så vil også behova bli enda større, seier Aasland.

Rasande tempo

Olivia har kosta ein kvart milliard kroner.

Datamaskinen som tidlegare var den kraftigaste i landet, er Betzy i Trondheim. Den er om lag fem år gammal.

Som nemnt, blir den slått ned i støvlane av Olivia. Likevel debuterte Betzy på 56. plass over verdas kraftigaste datamaskiner i si tid.

Utviklinga går altså i ein rasande fart. Det gjeld å smi mens jernet er varmt, viss regjeringa har planar om å utvide Olivia – før komponentane ikkje lenger er siste skrik.

Datamaskinen er derimot blant dei mest energieffektive datamaskinene av sitt slag. På Green500-lista er Olivia på 22. plass.

Publisert 17.06.2025, kl. 20.38 Oppdatert 17.06.2025, kl. 21.58

Read Entire Article