OL-utøvar om skrekkbilda frå heimlandet: – Dei svømmer for å overleve

1 month ago 14



– Eg ser på nyheitene og ser folk svømme for å få tak i nødhjelp. Eg svømmer for å konkurrere, dei svømmer for å overleve.

Det sa Valerie Tarazi (24) under ein pressekonferanse før OL. Ho skal konkurrere i 200 meter individuell medley i leikane i Paris.

Valerie Tarazi

KONTRAST: Valeri Tarazi kjenner seg heldig som får representere Palestina i OL.

Foto: Reuters

Svømmaren er fødd og oppvaksen i USA, men familien hennar har røter frå Gaza. Ho er ein av åtte utøvarar som representerer Palestina i Paris, mens krig og hungersnød pregar heimlandet.

– Å praktisere sport er ein grunnleggande menneskerett. Vi er stolte over å konkurrere, men vi kan ikkje ignorere dei harde realitetane, som alle palestinarar møter kvar einaste dag, sa 24-åringen vidare.

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 30.7.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

I mars døydde 18 palestinarar, mens dei prøvde å nå nødhjelpa som blei sleppt i havet utanfor Nord-Gaza. 12 drukna, mens seks skal ha blitt trakka i hel.

Fleire av utøvarane som representerer Palestina, har aldri budd der sjølv, fordi familiane deira blei tvinga til å flykte.

– Om du ser på delegasjonen finn du palestinarar frå overalt. Palestinarar frå diasporaen, som vart fordrive frå heimlandet. Du vil sjå palestinarar frå Jerusalem, palestinarar frå Gaza, palestinarar frå Vestbreidda. Du vil sjå heile Palestina, seier nestleiar i Den palestinske olympiske komité Nader Jayousi til NRK.

Palestinere på stranda i Nord-Gaza, som forsøker å få tak i nødhjelp i mars 2024.

BRUTALT: Eit dusin palestinarar drukna, og seks blei trakka i hel da nødhjelp blei sleppt over kysten ved Nord-Gaza i mars.

Foto: Reuters

– Dei må gjenopplive håpet til barna i Gaza

– Vi er blant dei heldigaste palestinarane i verda. Vi har høve til å konkurrere, men den retten har blitt tatt frå barna våre. Dei har ingen rett til å drive med idrett. Overlevingsferdigheita svømming er nå ein luksus, sa Tarazi på pressekonferansen.

Krigføringa på Gaza og angrep på den okkuperte Vestbreidda eskalerte etter Hamas-angrepet på Israel 7. oktober, og har nå gått føre seg i over ni månader.

Ifølge Den palestinske olympiske komité har rundt 400 utøvarar, trenarar og idrettsleiarar blitt drepne i israelske angrep på Gaza sidan 7. oktober. 90 prosent av idrettsanlegga på Gazastripa skal òg vere bomba sund.

Nader Jayousi i den palestinske olympiske komité.

VIKTIG REPRESENTASJON: Nader Jayousi er teknisk leiar og nestleiar i Den palestinske olympiske komiteen. Han påpeikar viktigheita av at åtte palestinarar får delta i OL.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

– Utøvarane våre forstår at dette ikkje er tida til å vere eigenrådig. Dei må gjenopplive håpet til barna i Gaza fordi det håpet er dødt nå, og det er vårt ansvar å vise dei at dei må fortsette å kjempe gjennom vanskane og vise kva ein palestinar er, seier nestleiar Jayousi.

Telefonen hans står knapt stille i løpet av tida Jayousi er med NRK utanfor deltakarlandsbyen i Paris. Dagane hans er så fulle at mørket har senka seg innan han til slutt kjem ut for å gjere intervju. Jayousi har sprunge mellom møte, intervju og treningar dei siste dagane.

I tillegg til å leie den palestinske delegasjonen i OL er han trenar for ein av utøvarane i Paris: boksaren Waseem Abusal, som bur på vestbreidda.

Han trekker fram tre ting som er viktig for den palestinske delegasjonen i Paris:

Teknikk, identitet og verdigheit.

– Deltakinga vår i dette OL-et blir rekna som ein av dei viktigaste i palestinsk historie.

Yazan Al Bawwab og Valerie Tarazi på plass i Paris.

PARIS: Svømmarane Yazan Al Bawwab og Valerie Tarazi er på plass i Paris.

Foto: Reuters

– Berre å vere her er ein siger

Israels pågåande bombing av Gaza blir samanlikna med «Nakbaen» (katastrofen) i 1948, da rundt 750.000 palestinarar blei drivne på flukt frå heimlandet sitt. Ein FN-rapport meiner terskelen for folkemord er nådd.

– Folk vil ikkje at palestinarar skal eksistere. Dei ser på flagget, og dei vil ikkje ha det. Så berre å vere her er ein siger, seier svømmaren Yazan Al Bawwab (24) til Reuters.

Han var han flaggberar for den palestinske delegasjonen og deltok i 100 meter rygg i Paris på søndag. Der enda han til slutt på 43. plass.

Yazan Al Bawwab

FLAGGBERAR: Yazan Al Bawwab meiner det er ein siger i seg sjølv å få delta i OL.

Foto: AP

Al Bawwab blei fødd i Saudi-Arabia, men har både palestinsk og italiensk statsborgarskap gjennom foreldra og har ofte vore på besøk i Palestina. I dag bur han i Canada, der han har tatt ei bachelorgrad i ingeniørfag.

I fjor ønsket han å gi tilbake til folket i Palestina. Svømmaren er del av Den internasjonale olympiske komiteens (IOC) unge leiarprogram og starta eit prosjektet for svømmeopplæring i Palestina.

Yazan Al Bawwab ser på treneren Ahmed Gebrel under Reuters-intervjuet

SKULLE STARTE SVØMMEOPPLÆRING: Yazan Al Bawwab ser på trenaren Ahmed Gebrel under Reuters-intervjuet. I Palestina har ein ikkje lenger moglegheit for å gjennomføre svømmeopplæringa, som planlagt.

Foto: Reuters

Svømmeopplæringa som svikta

SwimHope Palestine heitte initiativet, som skulle starte hausten 2023. Men svømmehåpet slokna, og blei ikkje gjennomført på grunn av krigen.

– Å sjå at dei som la på svøm for nødhjelp druknar, slår ein hardt. Yazan jobba med eit prosjekt for å gi barn i Gaza svømmeundervisning og det prosjektet blei ikkje gjennomført på grunn av krigen. Det kunne vore unngått, og det er frykteleg vondt å tenke på, fortel Tarazi til Reuters.

FN og fleire humanitære organisasjonar har sagt at Israels krigshandlingar på Gaza strir med folkeretten.

Al Bawwab er oppgitt over situasjonen.

– Det er ikkje noko basseng. Korleis skal du ha olympiske svømmarar om vi ikkje har basseng? Det er ingen trenarar eller infrastruktur. Ingenting, seier han til nyheitsbyrået.

Valerie Tarazi

«GI FRED EIN SJANSE»: Står det på flagget til Valerie Tarazi.

Foto: AP

– Vi er ikkje i den politiske verksemda

Denne veka bad Den palestinske olympiske komité IOC om å stoppe Israels deltaking i sommarleikane i Paris, på grunn av krigen på Gaza.

– Mange israelske idrettsutøvarar gjorde seg skuldig i brot på det olympiske charteret ved å gjennomføre offisielle besøk til kampbataljonar ved grensa til Gaza, meiner Jayousi.

Palestina-demonstrasjon i Paris

DEMONSTRASJON: Fleire demonstrantar ønskjer frigjering av Palestina.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Over alt kor du går i Paris er det politifolk i gatene. Blant anna fryktar arrangøren store Palestina-demonstrasjonar. Tysdag gjekk NRK forbi ein demonstrasjon til støtte for Palestina og på fotballkampen mellom Israel og Mali onsdag hadde fleire tilskodarar tatt med palestinske flagg.

Men det er uaktuelt å forby israelske utøvarar, ifølge IOC-president Thomas Bach.

– Vi er ikkje i den politiske verksemda, vi er her for å fullføre oppdraget vårt om å samle utøvarane, sa han under ein pressekonferanse tysdag.

Jayousi seier til NRK at dei ikkje har fått eit offisielt svar frå IOC.

Tidlegare har IOC stengt ute Russland og Belarus frå OL på grunn av krigen i Ukraina. Nå kan utøvarar frå desse landa delta som nøytrale.

Svømmekonkurransane starta allereie på OLs første dag, laurdag 27. juni. Her finn du heile OL-programmet.

Frankrikes president Emmanuel Macron og IOC-president Thomas Bach

PRESIDENTMØTE: Frankrikes president Emmanuel Macron og IOC-president Thomas Bach.

Foto: AP

Publisert 30.07.2024, kl. 17.05 Oppdatert 30.07.2024, kl. 17.09

Read Entire Article