Santa Giulia Ice Hockey Arena i Milano skal bli Italia si nye storstove på is.
Den splitter nye arenaen som skal arrangere dei største ishockeykampane i OL er enda ikkje ferdigstilt, berre dagar før første puck vert droppa.
Slik såg det ut utandørs under test-arrangementet 9.–11. januar.
Foto: APNo jobbar dei på spreng for å få på plass ein god nok arena.
Arrangøren er tydeleg: Det er ingen plan B.
Uverdige forhold
– Det er jo ikkje OL verdig at det skal vere ein slik problematikk rett før dei skal i gang med å spele kampar. Det er altfor mange spørsmålsteikn rundt det reint praktiske og gjennomføringa.
Det fortel Cato Cocozza, dagleg leiar i EHL (Elitehockeyligaen i Noreg), til NRK. Han meiner det ikkje står i stil med størrelsen på arrangement og idretten.
NRK har vore i kontakt med IOC-topp Krister Kloster om kritikken. Les hennar svar lenger ned i artikkelen.
Cato Cocozza, dagleg leiar i EHL (Elitehockeyligaen i Noreg).
Foto: Thomas Fure33 kampar, semifinalar og finalar er det som ventar ein arena fylt med usikkerheit og nedskaleringar.
Det aller viktigaste for utøvarane er kvalitet på isen. Den vart lagt for første gang tidleg i januar, og fekk sin første test 9.–11. januar, under ei test-turnering.
Hol i isen
Første dagen oppstod det eit hol i isen. Dei to resterande dagane skal kampane ha gått føre seg utan problem, melder ESPN.
Bak ishockeyspelar James Livingston ser vi delar av uferdig infrastruktur. Han var ein som fekk prøve isen først, under ei turnering i januar.
Foto: APDette er første gang sidan Sotsji 2014 at NHL-spelarar deltar i eit OL. Og stjernene dreg med seg tydelege krav.
Bill Daly, visekommissæren og sjefjuristen for National Hockey League (NHL), har tidlegare meldt til AP at NHL ikkje vil sende spelarane sine til Italia om isen ikkje held topp standard.
Per i dag er sannsynet stort for at stjernene stiller frå start på sine respektive landslag.
Frå ei oppvarming i tidleg januar frå den nye isen i Milano.
Foto: APUlik størrelse
Også størrelsen på isflata har løfta eit og anna augebryn.
NHL sin banestandard er 60,96 x 25,9 meter (200 x 85 fot), medan den nye arenaen i Milano har måla 60 x 26 meter (196,85 x 85,3 fot). Ein meter kortare og 10 centimeter breiare.
Vantet bak mål kjem tettare på målet, og trenarar må tilpasse taktikk til ei mindre bane.
Sjefjurist Daly har påpeikt at NHL forventar at OL i 2030 vil ha standard NHL-dimensjonar.
Nedjustert kapasiteten
Den opphavlege planen om å huse 16 000 tilskodarar under OL har gått i vasken, sjølv om talet framleis står oppført på Italia sine offisielle OL-komité sider.
Ein rekkje arbeidarar tek pause i arbeidsdagen inn i hallen.
Foto: APFørst vart talet justert til 14 000, før dei har enda på 11 800.
– Infrastrukturen rundt garderoben, treningsområdet og isen vil vere klar. De kjem ikkje til å reise til Milano for ingenting.
Det sa Luc Tardif, presidenten i det internasjonale ishockeyforbundet, på ein pressekonferanse i forbinding med test-arrangementet førre helg, melder Canadian Press.
Luc Tardif, presidenten i det internasjonale ishockeyforbundet, var til stades under test-arrangementet i januar.
Foto: APMangelen på viktige fasilitetar som toalett, inngangar, nødutgangar skal vere grunnen til nedskaleringa.
– For meg verkar det ganske uprofesjonelt. Det er synd for dette er den største vinteridretten som er i OL, fortel Cocozza i EHL, til NRK.
Cocozza er likevel veldig glad for at NHL-spelarane endeleg stiller opp, både for interessa og fordi dei største stjernenen bør delta i OL.
– Sikker på ei fin oppleving
Kristin Kloster, leiar for IOCs koordineringskommisjon for OL i Milano-Cortina, seier arrangøren har hatt korte tidsfristar for å få levert arenaen til bruk under OL i tide, men at det er ingen grunn til at kampane ikkje skal gå som planlagd.
Kristin Kloster, leiar for IOCs koordineringskommisjon for OL i Milano-Cortina.
Foto: Play the GameHo vil ikkje kommentere Cocozza sitt utsegn om uverdige forhold.
– Det aller viktigaste for arrangøren, det internasjonale ishockeyforbundet og IOC er å sikre at utøvarane får eit godt og profesjonelt opplegg, med god is og gode oppvarmings- og garderobefasilitetar. Og at publikum som er der vil få ei fin oppleving. Og det er eg sikker på at det vil bli, seier Kloster til NRK.
Samtidig vil det vere delar av bygget og område utandørs som ikkje vil stå endeleg ferdig til meisterskapet, forklara ho.
Kampane under OL vil bli spelt på nemnte Milano Santa Giulia Ice Hockey Arena og den litt mindre Milano Rho Ice Hockey Arena.
Første kamp på begge arenaene er 5. februar. Noreg klarte ikkje å kvalifisere seg.
Publisert 20.01.2026, kl. 07.08















English (US)