Roar Martin Helseth frå Ålesund har bestemt seg for å legge opp. Det har 30-åringen skrive i ei pressemelding til Sunnmørsposten.
Sunnmøringen har delteke i OL både i 2020 og 2024.
Helseth skulle satse mot VM i Shanghai i haust, men har no bestemt seg for å legge opp.
Til avisa seier han at han hadde håp for sesongen, men at det dårlege resultatet i det siste har vore avgjerande for at han no gir seg som roar. Under verdscupen førre helg kom han langt bak dei andre i singelsculler.
Deltok i to OL
Helseth har i ei årrekke representert Aalesunds Roklub. Sunnmøringen har fleire pallplassar i verdscupen i roing og medaljar frå U23-VM. Han har også tatt ein rekke NM-gull opp gjennom åra og i 2021 fekk han også kongepokalen.
Under OL i Tokyo i 2021 deltok han i dobbeltfirar saman med Erik Solbakken, Oscar Stabe Helvig og Olaf Tufte. Der blei laget nummer 9.
Under OL i Paris i 2024 konkurrerte han i dobbeltsculler saman med Kjetil Borch. Dei blei til slutt nummer 10.
Både han og søstera Thea Helseth konkurrerte under OL i Paris.
Under OL i Tokyo rodde han saman med Erik Solbakken, Oscar Stabe Helvig og Olaf Tufte.
Foto: CARL SANDIN / BILDBYRÅNEngasjement for havet
Sunnmøringen har også utmerka seg utanfor sporten.
I 2022 fekk han Ålesund kommune sin miljøpris for sin innsats med både å fysisk fjerne tonnevis med søppel frå havet, men også for å skape merksemd rundt marin forsøpling.
Publisert 21.06.2025, kl. 09.08 Oppdatert 21.06.2025, kl. 09.14