OL-helten song for full hals på Taylor Swift-konsert – da blei det bråk

1 month ago 25



Kontrastane kunne knapt vore større.

Søndag nedkjempa han det svenske stortalentet Truls Möregårdh og sikra OL-gull i bordtennis. Han stilte opp i Kinas fargar, eit blikk med laserfokus og i intervjusona etterpå var han alt anna enn snakkesalig.

Fan Zhendong, OL-finale

THE MAN: Zhendong blei olympisk meister søndag.

Foto: WANG ZHAO / AFP

Nokre månader tidlegare filma Fan Zhendong seg sjølv på Taylor Swift-konsert i Singapore. Kinesaren var iført både T-skjorte, hovudplagg og armband til ære for artisten.

Filmsnutten viste blant anna at han song for full hals til éin av dei populære songane til superstjerna, men oppmøtet til 27-åringen på konserten skulle vise seg å bli alt anna enn populært i heimlandet.

Han måtte rett og slett ut og forsvare seg.

Fan Zhendong på Taylor Swift-konsert

I KOSTYME: Bordtennisstjerna stilte opp i t-skjorte fra Red-albumet og vennskapsarmbånd fra Swifts Midnights-album.

Fan Zhendong på Taylor Swift-konsert (med munnbind)

TOPP TIL TÅ: Hodeplagget var fra Reputation-æraen til Taylor Swift.

Fan Zhendong på Taylor Swift-konsert

CRUEL SUMMER: 27-åringen sang høylytt til hiten Cruel Summer.

– Eg er berre ein vanleg mann

Zhendong var nemleg i Singapore for å spele ei bordtennisturnering, og nokre dagar etter konserten rauk han ut. Kritikarane meinte Taylor Swift-showet hadde skulda.

Heng Zhu, journalist i Beijing Radio og TV (BRTV), snakkar med NRK etter OL-finalen i Paris:

– Eg høyrde om det der, og eg synest ikkje konserten var eit stort problem. Særleg ikkje nå som han har vunne OL-gull, seier Zhu.

Heng Zhu, kinesisk journalist

IT'S NICE TO HAVE A FRIEND: Journalist Heng Zhu forsvarer bordtennisspelaren.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Men kritikken var faktisk så heftig at Zhendong sjølv rykte ut og forsvarte seg.

– Eg er berre ein vanleg mann, skreiv han, ifølge The Guardian.

– Eg har vanlege fritidsinteresser, eg har eit sosialt nettverk, og eg kjem til å halde fram med å vere tru mot meg sjølv, lydde meldinga vidare.

Kritikken gjekk på at Zhendong ikkje hadde orden på prioriteringane sine. Det vill han ikkje høyre noko av.

– Eg er ein idrettsutøvar som kjempar for landet mitt, og eg har ikkje slurva med noko på over ti år, stod det i meldinga han publiserte da det storma.

I DID SOMETHING BAD: 27-åringen lét seg ikkje lokke til ein Taylor Swift-prat etter OL-gullet.

Ny Swift-melding

Journalist Heng Zhu meiner at òg idrettsutøvarar fortener å kunne kose seg på fritida.

– Zhendong er stor fan av Real Madrid òg. Og han er superfan av Cristiano Ronaldo, påpeikar han.

– Vi må tillate han å ha hobbyar. Eg vil ikkje at folk skal plage han om det, seier den kinesiske journalisten vidare.

NRK prøvde altså å få Zhendong i tale om konsertkritikken, men utan hell.

Kort tid etter la han likevel ut denne meldinga i sosiale medium, ifølge Pop Base:

Fan Zhendong la ut Taylor Swift-melding etter OL-gull

GOLD RUSH: Zhendong publiserte ein ny Taylor Swift-melding rett etter gullet.

Foto: Skjermdump

Han la altså ved Swift-låten «The Alchemy» og skreiv «endeleg». Songtittelen viser til prosessen som gjer metall om til gull.

Og gull blir det altså med heim til Kina.

Publisert 05.08.2024, kl. 17.48

Read Entire Article