London-marerittet held fram for Manchester United

3 hours ago 4



Manchester United pressa på frå start og skapte sjanse på sjansen mot Crystal Palace, men det enda med poengdeling og 0–0 i London.

Selhurst Park har utvikla seg til å bli ein av dei vanskelegaste bortebanene for United.

Etter ein elendig første omgang frå Oliver Glasner sitt mannskap, der dei så godt som fekk til ingenting, hadde dei nokon kjempemogelegheiter etter sidebyte.

Ein upressa Eberechi Eze får ballen på sju meter, men skyt utanfor. Eddie Nketiah og Sarr fekk begge mogelegheit aleine med Uniteds målvakt. Men takka vere to dobbeltredningar frå Onana blei det berre hjørnespark.

United var totalt dominerande i den første omgangen. Gernacho og Fernades hadde kvar sin store sjanse før pause, men tverrliggaren stod i vegen.

– Litt sånn småkjedeleg, men samtidig har United sånn forholdsvis god kontroll og skulle kanskje leia både 1–0 og 2-0, oppsumerte Viaplay-ekspert Jan Åge Fjørtoft i pausen.

Ingen av dei to laga har hatt ein draumestart på årets sesong. United står med to sigrar og to tap og låg på ein 10.-plass før kveldens oppgjer.

Rett nok tok Erik ten Hag sine menn med seg ein god porsjon sjølvtillit inn i kveldens kamp etter at dei slo Barnsley overbevisande 7–0 i ligacupen tidlegare i veka.

Crystal Palace har enda til gode å vinne ein kamp i årets Premier League og hadde berre to poeng før kveldens heimekamp mot Manchester United.

Read Entire Article