Øksil-damene: Sikra seg sølv ei runde før slutt

1 month ago 33



Øksildamene sikra seg sølv i årets eliteserie i handball, etter at grunnspelet i Mizunoligaen runda av i helga.

Etter å ha kjempa seg til 3-1 over Randaberg i nest siste kamp er sølvet sikra for volleyballdamene frå Øksnes.

Gullet glapp fredag, då TIF Viking vann 3-0 over Førde.

– Vi er mest og jentene er ein smule rørt over at vi har klart å nå så langt. Sølv er også gull når du aldri har vore i nærleiken med klubben din, seier Hanne Steen som er hovudtrenar for Øksil kvinner.

Ho meiner det er viktig at jenter er synlege og tar plass i eit kystsamfunn.

– Hardt arbeid over mange år gir resultat. Eit nært samarbeid med næringsliv, støttespelarar og publikum har gjort dette mogleg. Vi føler oss som og er vinnarar, slår ho fast.

Med andreplass er dei direkte kvalifisert til sluttspelet som startar den siste helga i mars.

Read Entire Article