KOMMENTAR: Økonomien til SUS er endå verre enn før. Styret er endå meir bekymra enn dei pleier å vera. Og så?
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Styret ved Helse Stavanger, som i praksis er SUS, har hatt styremøte, som dei har sånn cirka ein gong i månaden. Her blir dei oppdaterte om tingas tilstand. Som kor mykje budsjettet sprakk med denne månaden, om kor viktig det er å likevel fortsetja å bygga, og denne gongen om varelagerheisar og sengeheisar og røyrpostsystem og for mange pårørande i pasientsenger og anna plunder og heft som heftar dei tilsette, og bidrar til at ein ikkje får operert så mange av dei som står i køen som ein gjerne vil, og heller ikkje får behandla folk på akutten så akutt som ein helst vil.
Plunder-status:
Varelagerheisane, som ER sjølve lageret på nye SUS, blei stansa 16. desember, for dei var altfor ustabile i drift. Dei som skal operera, for eksempel, får dermed ikkje alt dei treng levert systematisk, og har måtta lagra utstyr litt rundt forbi mens dei ventar. Det har tatt tid å finna fram i det. Nå skal heisane begynna å gå igjen, ein etter ein.
Sengeheisane, som skal levera nye senger til avdelingane når du trykker på knappen, har heller ikkje fungert som dei skal, noko som sjølvsagt gjorde at portørane sleit med å ta køen unna. Det skal vera i orden nå.
Røyrposten fungerte heller ikkje. Den som skulle senda blodprøvar og slikt mellom avdelingar og lab’en. I staden sprang sjukepleiarane på akutten med dei sjølv. Det skal fungera nå.
Intensivromma som skal bli tomannsrom er også på gang. Men det må sjølvsagt prosjekterast og slikt.
Dei smale og glatte rampane i parkeringshusa ser ein på om kan justerast, ingen tilsette står lenger på venteliste for å få garderobeplass, og ein jobbar med å finna nok arbeidsplassar, og eit rom legar på vakt kan sova på, før dei blir kalla til neste akutte operasjon.
Men:
På nyfødtintensiven er dei veldig fornøgde. Eineromma gir ro for alle. Når noko skjer med eit barn, må ein ikkje hiva alle andre foreldre på gangen. Vindu og glasflater fungerer så dei tilsette ser kvarandre, dei har samtalerom, og har klart overgangen til einerom utan å oppbemanna. Dei har inkludert foreldra meir, og har kunna skyva fleire sjukepleiarvakter over på kveld og natt, når foreldra søv. Dei har fått det betre.
Økonomi-status
- Det går endå verre enn før.
- Planen – budsjettet – for 2026 er at ein kan gå 440 millionar kroner i minus.
- Budsjettet for januar var dermed på 36,6 millionar i minus.
- Januar enda likevel på rundt 81 millionar i minus.
- Viss resten av månadene i år blir som januar, endar ein altså på 971 millionar i minus. Det er nesten ein milliard.
Betong-status
Betongarbeida på det som skal bli blokk E, første del av den siste halvparten, startar snart. Planen er å fylla blokk E med dagbehandling, med poliklinikkar, nevrologi, onkologi, øyre-nase-hals. Då får ein samla mange fagmiljø på Ullandhaug. Det er viktig, det gir meining på alle tenkelege måtar.
Men det kan også enda med eit tomt betongbygg, viss økonomien er for dårleg til å fylla det. Leiinga ved SUS må få ned overforbruket. Meir enn halvparten av det. Umiddelbart.
Publisert:
Publisert: 20. februar 2026 12:07

2 hours ago
2




English (US)