Økokrim meiner smugling av laks kan skje i stort omfang

13 hours ago 2



NRK har avslørt at norsk laks med sår og skader som aldri skulle kryssa grensa, likevel kjem ut i Europa.

Direktør Thomas Farstad i Milarex seier dei sjølve har opplevd å få laks med sår og feil som er smugla ut frå Noreg.

– Då dette kom på bordet for leiinga skjerpa vi prosedyrane, seier Farstad.

Milarex driv ein stor fabrikk som foredlar norsk laks i Polen.

– Det er store økonomiske gevinstar ved å bryte forbodet.

NRK fortalde i helga om laksetraderen «Olsen». Han kunne få ei forteneste på 100.000 kroner på å smugle ut ein lastebil med laks.

Økokrim: – Store mørketal

Assisterande sjef Inge Svae-Grotli i Økokrim fryktar systematisk og omfattande smugling av laks.

– Kriminalitet i fiskeri- og havbruksnæringa skjer også i organiserte former. Det er grunn til å tru at mørketala kan vere store.

Han stadfestar at det er store pengar å tene.

Dette skjer planmessig, profesjonelt, over tid og ofte i det skjulte, seier Svae-Grotli.

Mann på kontor

Inge Svae-Grotli er assisterande sjef i Økokrim. Dei kom nyleg med ei ny trusselvurdering om miljøkriminalitet. Den peikar mellom anna på fiskeri- og havbruksnæringa.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Laksen kan bli seld i fleire ledd før den blir smugla.

– Det gjer at slakteria kan miste oversikta over kor fisken endar opp.

Vogntog over Svinesund

Kø med vogntog over Svinesund under ein kontrollaksjon Tolletaten gjennomførte på svensk side av grensa i sommar.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Meiner alt ligg til rette for smugling

Direktøren i Milarex meiner det er liten sjanse for smuglarar til å bli oppdaga, og at «konsekvensane uansett er fråverande»:

– Då ligg alt til rette. Eg har ikkje registrert at nokon har jobba verkeleg aktivt med å få slutt på dette, seier han.

Thomas Farstad, CEO Milarex

Thomas Farstad i Milarex seier dei fleste i næringa driv seriøst: – Men næringa må arbeide slik at lista med utfordringar blir kortare, seier han.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

NRK har gått gjennom tilsyn og reaksjonar frå Mattilsynet for dei siste fem åra.

19 aktørar er blitt tatt for brot på eksportregelverket. Sju er tekne fleire gonger.

Dei fleste sakene har enda i rettleiing frå Mattilsynet til bedriftene, også dei meir alvorlege tilfella.

Berre fire aktørar er politimeldt. Ein av desse har fått bot.

Mattilsynet har tidlegare sagt til NRK at dei har brukt dei verkemidla dei har til rådigheit.

Ifølge Farstad har det vore godt kjent at laks blir ulovleg eksportert.

Samstundes meiner han det er viktig at «det ikkje får feste seg ei forståing av at laksenæringa er prega av økonomisk kriminalitet».

Dei fleste driv seriøst, seier Farstad.

Han meiner styra i dei største oppdrettsselskapa må ta ansvaret for å sikre at laks ikkje blir smugla ut.

– Selskapa må ha rutinar slik at fisken blir følgt opp, og at det blir kontrollert at fisken ikkje blir ulovleg eksportert.

Norsk produsent: – Det heng ikkje på greip

På ein fabrikk i Orkanger jobbar 280 menneske med å ta bort sår og feil frå norsk laks.

Salssjef i Isfjord Norway, Lars Krogh, ser verdiar dei sjølve skulle ha jobba med forsvinne ut av landet.

Han meiner risikoen for smuglarane er altfor liten.

– Det er veldig liten sjanse for å bli tatt. Dei får berre rettleiing, sjølv om dei bryt regelverket for fleire hundre millionar kroner.

en mann iført maske og hansker

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Han meiner det ikkje heng på greip.

Det er klart at dette held ikkje, det heng ikkje på greip i det heile tatt.

Krogh meiner staten kontrollerte oftare før. No er det tillit som gjeld.

Det må vere faktiske kontrollar, og reaksjonar som står i stil.

En høy vinkel av mennesker som jobber i en fabrikk

Isfjord Norway sin fabrikk på Orkanger i Trøndelag.

Foto: Odd Arne Oldebakk / NRK

– Kan truge liv og helse

Økokrim er bekymra for mattryggleiken om smuglinga held fram.

– Miljøkriminalitet er samfunnstrugande kriminalitet som det er veldig viktig å ta på alvor, seier Svae-Grotli.

Han fryktar store konsekvensar av denne typen kriminalitet.

– Ikkje minst for mattryggleik og menneske sine liv og helse.

Krisemøte i dag

I dag skal fiskeri- og havbruksministeren møte havbruksnæringa.

Dette skjer i lys av NRK sine avsløringar av smugling av laks med sår og skader ut av Noreg.

– Enkeltaktørar som medvite vel å omgå lovar og reglar må takast og følgjast opp av rette myndigheit, seier administrerande direktør i Sjømat Noreg, Geir Ove Ystmark.

En mann i dress svarer på spørsmål fra en NRK-journalist.

Administrerande direktør i Sjømat Noreg, Geir Ove Ystmark.

Foto: Tor-Arne Vikingstad / NRK

Han seier at «å gamble med gullstandarden norsk laks representerer er uakseptabelt». Han er likevel usamd med Økokrim som koplar slik kriminalitet og mattryggleik.

– Dette handlar om brot på eksportregelverket, ikkje om mattryggleik, seier Ystmark.

Publisert 12.11.2025, kl. 08.24

Read Entire Article