Oda (30) gjekk opp 50 kilo av medisinane – no vil forskarar gje slankemedisin til psykisk sjuke

1 hour ago 5



– Medisinane mot psykosen gjorde at eg gjekk opp 50 kilo på to år. Eg trygla mange gonger legane om å få avslutte behandlinga, seier Oda Djupevåg.

Hennar oppleving er typisk for pasientar med psykosediagnose. Dei går kraftig opp i vekt.

No er Djupevåg erfaringskonsulent i eit større forskingsprosjekt som skal finne ut kva nytte pasientar med denne diagnosen har av slankemedisinen Wegovy.

– For mange er det ein stor ekstra byrde å gå opp i vekt. Alt i kvardagen er tyngre, og sjukdommen tek jo allereie det meste av krefter.

Professor i psykologi foran bokhylle

Rune Andreas Kroken leiar Stabil-Nor. Det er finansiert av Mohn forskningsssenter for psykoselidelser og Hjernehjerteprosjektet på Sandviken sjukehus.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

– Bør få det dekka

– Denne pasientgruppa opplever å gå mykje opp i vekt på grunn av medisinane, seier Rune Andreas Kroken.

Han er professor i psykiatri ved UiB, og overlege på Haukeland.

– For mange er det ein så alvorleg biverknad at dei rett og slett sluttar med medisinar.

Kroken leiar forskingsprosjektet Stabil-Nor, og samarbeider med fagmiljø i Oslo, Trondheim og Stavanger.

Målet er å finne ut om slankemedisinen har god effekt på pasientar med psykoselidingar. Om det fører til at dei kan takle behandlinga betre, og at det ikkje har negative effektar saman med antipsykotiske legemiddel.

Om resultata viser det Kroken vonar, meiner han at det bør gjere at denne pasientgruppa får medisinen dekka av det offentlege. Ein standard dose kostar rundt 2000 kroner i månaden.

– Denne pasientgruppa har sjeldan råd til å kjøpe denne medisinen sjølve.

Mann som tar kognitiv test

Knut Farstad er ein av dei som er med i forskingsprosjektet Stabil-Nor

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

Kan hjelpe på det kognitive

Knut Farstad prøver å hugse orda han nettopp har fått ramsa opp for seg. Berre tre ord klarar han å gjenta.

Han har årevis med rus og tung medisinering mot psykisk sjukdom bak seg.

Det har gått ut over dei kognitive evnene, som hukommelse, konsentrasjon og problemløysing. No får han testa desse på eit rom på sjukehuset i Sandviken.

– Dette gjekk ikkje så bra, meiner Farstad.

Kroken seier det finst studiar som tyder på at Wegovy har ein positiv effekt på dei kognitive evnene i denne gruppa.

Difor er det ein viktig del av forskingsprosjektet Stabil-Nor å finne ut om det kan stemme.

– Denne sjukdomen går sterkt ut over det kognitive. Og det er vanskeleg å hjelpe pasientane med det, seier professoren.

Sandviken sykehus

Forskarane held til på Sandviken i Bergen, men samarbeider med miljø fleire andre stader i landet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Dansk forsking

Eit dansk forskingsprosjekt har vist at overvektige schizofreni-pasientar har hatt god nytte av slankemedisin.

I prosjektet Histori ville forskarane prøve å sjå korleis verkestoffet semaglutid kunne hjelpe denne gruppa med blodsukker.

Konklusjonen var at menneske med prediabetes gjekk kraftig ned, men at og vekta vart redusert med i snitt 9 kilo, forklarer Niels Bilenberg. Han er professor og overlege i psykiatri ved Syddansk Universitetshospital i Odense.

– Slankemedisin hadde stor effekt på den fysiske livskvaliteten, men hadde ingen signifikant effekt på den mentale livskvalitetsskoren, forklarer Bilenberg.

Dei danske forskarane håper resultata vil føre til at dei danske pasientane får økonomisk hjelp til å finansiere slankemedisin. Som i Noreg må dei i dag betale alt sjølv.

portrettbilde av mann

Niels Bilenberg er ein av forskarane bak den danske Histori-undersøkinga

Foto: Syddanske Universitet / Syddanske universitet

Vil ha fleire med på forskinga

Det er til no kring 140 menneske som er med i det norske forskingsprosjektet. Forskarane vil gjerne at fleire skal melde seg.

For Knut Farstad har det i alle fall vore til hjelp for å gå ned i vekt.

– Det er stigmatiserande å gå så mykje opp i vekt. Eg la på meg kring 30 kilo. Sjukdomen vert på ein måte ekstra synleg, meiner Farstad.

No har han klart å gå ned mykje, og trur han skal klare å halde vekta sjølv utan slankemedisinen han fekk gjennom forskinga.

Oda Djupevåg meiner dette handlar om mykje meir enn berre eit par ekstra kilo.

– Å hjelpe denne pasientgruppa med kroppen sin kan redde liv. Det er det ingen tvil om.

Publisert 04.03.2026, kl. 20.39

Read Entire Article