Obaida (6) vil lære på iPad, men får meir blyant og papir

2 days ago 4



6 år gamle Obaida er litt skeptisk.

– Det er gøy, alle elskar iPad, seier 6 år gamle Obaida.

Han er på biblioteket Deichman i Oslo i romjula og er helt sikker på kva han lærer mest av.

– Det er best når vi lærer på iPad, seier 1.-klassingen.

– Men når synest du det er mest roleg i klasserommet da?

– Når vi skriv på papir.

Og papir blir det meir av for Obaida og dei andre som går i 1. og 2. klasse

Blyant og linjal ligger på ruteark med en lærer og elever i ufokus bak i et klasserom.

Meir penn og papir, mindre iPad i Oslo-skulen.

Foto: Guro Hatlo / NRK

– For mykje nettbrett

For no kjem nye nyttårstakter frå Oslo rådhus. Skulebyråden har ei gammaldags nyttårsgåve til dei yngste elevane.

Ein blyant, ei kladdebok, og lesebøker.

– På nokre skular har det kanskje blitt for mykje nettbrett. Det eg er mest uroa for er dårleg bruk av nettbrett. Det har vi dessverre ein del eksempel på.

Det seier skulebyråd Julie Remen Midtgarden frå Høgre.

– No går vi vekk frå kravet om ein-til-ein-dekning av digitale verktøy på første og andre trinn, held ho fram.

Det betyr at elevane ikkje lenger treng få sitt eige nettbrett slik dei får no. Og dei nye reglane gjeld i Oslo allereie når elevane kjem tilbake frå juleferie.

– Er det blyant og papir som skal meir inn i skulen, og mindre nettbrett?

– Ja, vi må bruke meir tid på det fysiske. Dei må bruke hendene sine. Vi veit at det bidreg til læring, seier Midtgarden.

Åtvarar mot føleri

I første omgang er det dei yngste elevane som skal lære mindre gjennom skjerm.

Men fungerer blyant og papir for dei yngste er planen mindre nettbrett for dei eldre elevane også.

IKT Noreg er ikkje framand for ein diskusjon kring kor mange digitale verktøy ein skal bruke i skulen.

Kjersti Toppe og Øyvind Husby på Dagsnytt 18

– Mykje av debatten er meir prega av følelsar og oppfatningar om kva som er rett og gale, utan at det er bygga på fakta, seier IKT Noreg-sjef Øyvind Husby.

Foto: Amanda Iversen Orlich / n653058

Men når sjef Øyvind Husby høyrer om Osloskulen sin nettbrett-retrett, åtvarar han mot føleri kring tematikken:

– Det er viktig at dette ikkje fører til at ein unngår å realisere dei store fordelane med teknologi, fordi ein har ei generell haldning om at ein skal bruke mindre av det, seier Husby.

Sparetiltak

85 prosent av alle første og andreklassingar i norsk skule har fått sin eigen skule-iPad – eller nettbrett om ein vil.

Det viser Skjermbrukutvalet si oppteljing.

No går dei altså vekk frå dette kravet i dei første skuletrinna i Osloskulen.

Byråd Midtgard forventar no at mange skular difor vil droppe å bruke pengar på å kjøpe nye nettbrett når dei gamle blir øydelagde.

– Heile skule-Noreg har jo i stor grad innført nettbrett. Kvifor kjem de til den motsette erkjenninga no? Er det forhasta?

– Det er mykje klok bruk av digitale verktøy, men vi må kome bort frå den som ikkje fungerer og som ikkje bidreg til elevane si læring.

– Så no skal vi tilbake til skulen, klasserommet, slik som ein såg det for 20 år sidan?

– Forsking seier at det å øve seg på å lese tekstar i bok fungerer, det lærer ein av. Då må vi gjere det som vi veit at fungerer, seier Midtgarden.

Meiner for dårleg kunnskap er problemet

– Dei som seier at det digitale er framtida. Har de valt å ikkje høyre på dei då?

Vi kastar jo ikkje ut det digitale heller. Elevane våre skal lære seg digitale ferdigheiter.

Husby i IKT Noreg meiner nettbretta ikkje er problemet, men at elevar ikkje får godt nok utbytte av dei, fordi mange lærarar er for dårlege til å bruke teknologien.

– Eg er redd for at vi er for passive i bruken av teknologi i skulen, seier Husby, og meiner nabolanda våre er meir offensive.

Kari Nessa Nordtun besøker Etterstadjordet barnehage.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) er glad for å høyre at det truleg blir mindre skjerm på borna ved Etterstadjordet barnehage som ho møtte før jul, når dei skal starte på skule.

Foto: Marie Skikstein / NRK

Applauderer Oslo

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) applauderer Oslo sitt nyttårstiltak med mindre skjerm for dei yngste borna.

Men å sørge for at resten av landet følgjer Oslo sitt eksempel vil ho ikkje.

Fleire går no i større grad vekk frå det digitale som har fått rulle ukritisk ut i skulen, seier Nordtun.

Ho meiner erfaringane viser at elevane ikkje får like god konsentrasjon og like gode leseresultat med å berre det digitale, seier Nordtun.

I dagens læreplanar er det fem grunnleggande ferdigheiter: digitale ferdigheiter, munnlege ferdigheiter, å kunne lese, å kunne rekne og å kunne skrive.

– Kvifor er ein ikkje tydelegare med statlege føringar når det gjeld denne eventuelle retretten?

– Eg meiner at vi er tydelege. Det vi seier er at lesing skjer aller best via trykte bøker. Difor løyver vi ekstraordinære midlar til nettopp trykte bøker i skulen, seier Nordtun.

Publisert 02.01.2025, kl. 07.29

Read Entire Article