Nytt rentemøte – trur ikkje renta blir sett ned før etter sommaren

2 weeks ago 14



3. mai 2024 kl. 08:26

I formiddag held Noregs Bank rentemøte, og klokka 10 kjem dei med si avgjersle. Det kan få stor betyding for lommeboka di.

– I utgangspunktet påverkar styringsrenta mest dei som har bustadlån. Styringsrenta er på ein måte det sentralbanken ber bankane om å justere. Det vil seie at viss du ikkje har bustadlån, så blir du påverka i mindre grad av dei justeringane som sentralbanken eventuelt gjer. På den andre sida ser vi at næringslivet blir påverka.

Det seier forbrukarøkonom Linda Tofteng Eliassen frå Sparebank1 Nord-Norge.

Noregs bank har heva renta 14 gongar sidan hausten 2021, sist i desember 2023. Eliassen har ikkje trua på at det skjer så mykje på møtet i dag.

– Fint lite. Vi kan håpe på betre vêr i alle fall her kor det regnar, seier ho lattermildt.

– Når eg les dei som analyserer dette, så er det nesten ingen som trur at det skjer noko i dag. Dei er mest spente på møtet som skal vere i juni. Og då er dei ikkje ein gong spente på om renta går opp eller ned, men kva prognosene blir.

– Så dei fleste ventar ikkje at det skal skje noko med renta før tidlegast i semptember eller desember. Eg trur at folk flest, som oss, må belage seg på at det skjer lite med bustadrenta vår før eller under sommaren. I verste tilfelle er det ikkje før nærare jul at det skjer endringar.

Read Entire Article