Det er ikkje nynorsken, men dei pubertale haldningane René Rønshof gjer seg til talsmann for, som er utryddingstruga. Heldigvis.
Norske elevar veit ikkje kven Ivar Aasen er, og den norske skulen bør ikkje drive opplæring i eit offisielt norsk skriftspråk, skal vi tru journalist og forfattar René Rønshof i ei ytring på NRK onsdag kveld.
Slike tekstar er vi i Noregs Mållag vande med, men då gjerne frå populistiske ungdomsparti som skal vinne skuleval. Heldigvis blir det færre av dei, for haldningane til nynorsken har blitt markant betre dei siste ti–femten åra.
Det er som om ein kan høyre ekkoet frå elevrådsmøte på ein vidaregåande skule i Bærum – for tjue år sidan, skriv Hauge og Natvik.
Thomas Brun / NTB og Norsk målungdomDen urbane motstanden mot nynorsk døyr ut, nynorsken lever i beste velgåande. Det beste argumentet for at NRK skal publisere Rønshof si ytring, er at vårt tilsvar bidreg til at NRK når målet om 25 prosent nynorsk på nett.
Det har aldri blitt skrive så mykje nynorsk tekst som i dag. Den politiske og kulturelle aksepten er stor. Mållaget opplever rekordstor auke i medlemstalet, og nynorsk vinn terreng på område etter område. Det har aldri vore enklare å vere nynorskbrukar enn i 2025.
Det er litt krevjande å få tak på kva han eigentleg vil fram til, utover at nynorsk er bortkasta (!). Det er frisk og freidig omtale av eit nasjonalspråk – og bruksspråket til over 600.000 nordmenn. Det er som om ein kan høyre ekkoet frå elevrådsmøte på ein vidaregåande skule i Bærum – for tjue år sidan.
Sidemålsopplæringa til Rønshof kan ikkje ha vore den beste. Det er synd. For norske elevar fortener meir enn å «vite kven Ivar Aasen var».
Dei fortener engasjerte lærarar som kan drive opplæring i og på nynorsk. Som formidlar leseglede heller enn mekanisk pugging. Og som formidlar positive haldningar, slik at fordommar blir brotne ned og kompetansen går opp.
Rønshof skriv at han vore både i Frankrike og Tyskland og høyrt engelsk. Fint det. Men skal vi følgje logikken hans, så skal vi altså ikkje lære nynorsk i Noreg fordi dei har lært seg engelsk i sentraleuropa. Om engelsk uansett skal ta over – kvifor skal vi som eit lite land i ei verd med over sju milliardar menneske lære oss bokmål? Kan vi ikkje gå over til engelsk først som sist?
Eit land Rønshof derimot neppe har besøkt, er Wales. I så fall hadde han visst at der satsar styresmaktene tungt på å styrkje walisisk – eit språk om lag på storleik med nynorsk. Fordi språk handlar om eigenart, identitet og felles referansar.
Målsaka i Noreg er vårt bidrag til det globale språkmangfaldet. Det har ein eigenverdi – også i framtida. Ei framtid der nynorsk ikkje berre står trygt, men vil styrkje seg – trass kulturkrigerske dommedagsprofetiar i debattspaltene hos allmennkringkastaren.
Publisert 12.12.2025, kl. 12.46













English (US)