Nynorsk er lesarvenleg – ein må berre nytta det rett

1 month ago 22



Å leggja til bokmålsord i staden for nynorske er rett og slett ei løysning forma frå tunnelsyn, skriver Adrian Ådlandsvik. Foto: Privat

Lesarvenleg nynorsk handlar mest om flyten i setningane heller enn dei einskilde orda. Dette kan kvar og ein av oss gjera noko med.

Publisert: 31.07.2024 18:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Ein av professorane våre i nordisk gav oss eit råd for å skriva nynorsk, som fekk det til å koka i meg. Han sa at ein burde tenkja på nynorsk som eit anna språk og gløyma bokmålet heilt. Då eg høyrde dette, so var eg retteleg sur. Det høyrest særs strevsamt ut å læra eit nytt språk som me teknisk sett hadde kunnskap ifrå dialektane.

I seinare tid har eg skjønt litt av kva han meinte. Det bokmålske systemet er ikkje kompatibelt med nynorsk. Det er som å blanda olje og vatn – dei flyt frå kvarandre.

Korleis unngå tungvint nynorsk

Målfrid Asheim Nummedal meinte, i eit nyleg innlegg til Aftenposten, at nynorsk ikkje er lesarvenleg nok og oppfatta det som eit tungvint språk. Eg vil svara att på poenga hennar, og i tillegg vinkla problemet lite grann. Personleg synest eg nynorsk er nokså brukarvenleg, men mange fylgjer bokmålslogikk når dei skriv nynorsk. Då vert det tungvint å lesa.

Dersom ein skriv nynorsk med bokmål i tankane, so sym ein mot straumen.

Nummedal hadde eit godt døme på korleis å symja mot straumen kan sjå ut. Ho formulerte seg såleis: «[…] primærhelsetenesta viser pasientar primært på dagtid». Å nytta «viser» i staden for «viser» høyrest logisk ut når ein først skriv. Men som ho sjølv seier, er det vanskeleg å skjøna meininga av setninga i ettertid. Gode avløysarar kan vera: «sender vidare til sjukehuset» eller «dirigerer vidare til sjukehuset». Ofte må ein leggja til eit ekstra ledd for å få fram poenget sitt.

Som å knusa handtaket med ein stein

Eit anna døme er korleis avløysaren av adjektivet «påtvunget» frå bokmål ikkje fungerer i frasen: «Eit tvinga inn på syn». Problemet her er ikkje sjølve uttrykket, men at oppbygnaden av setninga ikkje er kompatibel med omskrivinga. Dette er som å opna ei dør med å knusa handtaket med ein stein. «Eit syn som vart tvinga på oss» kan vera ein måte å skriva frasen på, og som i tillegg legg til eit element av agens. Sjølve «synet» får hovudrolla i setninga og er meir aktiv enn i den fyrste freistnaden.

Dette er ofte kor problem oppstår. Nynorsk er forma til presisjon. «Et påtvunget syn» fortel ikkje mykje om det spesifikke og skildrar lite reint teknisk. Med mindre det er meint metaforisk, fortel ikkje frasen noko om kven som er involverte.

Om eit skal eg vera samd med Nummedal. Om ein tek eit bokmålsord, kokar det i hel og stikk det inn i ein nynorsktekst, då kan teksta verka ujamn og vanskeleg å skjøna.

Korleis ser kvardagsspråket «nynorsk» ut?

Å leggja til bokmålsord i staden for nynorske er rett og slett ei løysning forma frå tunnelsyn. Det finst fleire gode nynorskord som kan vera vel so gode som, om ikkje betre enn, bokmålet. Er eg heilt ærleg, synest eg òg det er forferdeleg å rasa gjennom ordlista for å sjå om ein kan nytta eit einskild ord eller ikkje.

Likevel har nynorsken ein logikk og ein flyt som ein ikkje kan spalta frå bokmålet. Dei er to eigne skriftspråk. Nett som eg ikkje kan bryta ut i spansk midt i denne teksta, vert det då feil å nytta bokmålsord i nynorsken. Men uansett kva for ein tekst ein skriv, må det vera ein samanheng i det store og heile.

So korleis kan nynorsk verta eit godt kvardagsspråk? Det fyrste steget er å ta det i bruk

Nynorsk skal vera mykje meir enn lyrikk og sidemål. Det er noko ein skal nytta. Skriv ein nynorsk i kvardagen, og har ein nokre ord ein veit finst i ordboka, er det mykje lettare å skriva på målforma. I nokre fagfelt kjem ein likevel ikkje unna bokmålske frasar, med mindre det finst etablerte avløysarar frå før. Men dette stoppar ikkje at bokmålslogikken somme gonger rører seg opp i nynorskflyten.

So korleis kan nynorsk verta eit godt kvardagsspråk? Det fyrste steget er å ta det i bruk.

Om ein vel bort nynorsk til fordel til bokmålet, vert resultatet at ingen har vane for å lesa, eller eingong skjøna, målforma. Dess fleire som nyttar nynorsk, gjerne òg konservativ nynorsk, dess meir vert det vanleg å sjå nynorsk i andre samanhengar. Kastar ein seg ut i nynorsken, handlar det so om å finna seg til rette i den nye straumen.

Read Entire Article