Villaksen er ikkje bortskjemt med gode nyheiter, men no teiknar Norsk institutt for naturforsking (NINA) eit meir nyansert bilde.
I ein ny database har dei for første gong samla resultata frå alle gytefiskteljingar i 149 elvar – frå Agder i sør til Finnmark i nord – på éin stad.
Tala spriker, men for store delar av kysten er utviklinga positiv.
Mellom 2019 og 2025 ser tala for villaksen slik ut i tre av fylka:
- Vestland (+26 %)
- Trøndelag (+11,5 %)
- Troms og Finnmark (+69,4 %)
I andre delar av landet er utviklinga meir problematisk:
I Rogaland har gytefiskbestanden gått ned med 27 prosent sidan 2022.
I Møre og Romsdal ser det enda verre ut: Ned med 56,2 prosent sidan 2022.



Lokale tiltak som restaurering av elvebotnar og bygging av laksetrapper har gitt positive resultat i enkelte elvar.
Video: Oddmund HaugenRestaurerer elvebotnen
To av lyspunkta finst i Sunnfjord.
I elvene Nausta og Gaula har lokale entusiastar teke spaden i eigne hender for å betre gyteforholda.
Her har dugnadsfolket harva opp elvebotnen og skylt bort gammalt slam slik at laksen får tilgang til «fødestovene» – eller akkurat passe stor gytegrus.
Andre tiltak er trapper som hjelper laksen å forsere oppover i vassdraga, og utplassering av store steinar som yngelen kan søke ly bak.
Villakskoordinator i NJFF, Alv Arne Lyse, meiner innsatsen i elvane er heilt avgjerande for framtida til laksen:
– Miljødesign verkar, og det er målbart. Det gir rett og slett fleire lakse- og sjøaureungar i dei elvane der dette er gjennomført.
– Det er håp for villaksen, men det krev at vi tar dei rette grepa.



I Nausta har eldsjeler lagt ned tusenvis av dugnadstimar på «miljødesign».
Ole Kristian Svalheim/NRKOppdrettsbransjen: løysingane finst i elvane
Utviklinga i Sunnfjord skjer mot eit elles dystert bakteppe.
I 2024 melde Miljødirektoratet at dei «med tungt hjarte» var nøydde til å stenge laksefisket i 33 elvar på grunn av ein historisk «kollaps» i laksebestanden.
I fjor varsla dei om enda strengare restriksjonar.
Oppdrettsbransjen meiner forvaltninga har sett seg blind på problema i havet, og overser effektive tiltak i elvane.
Fagsjef i Sjømat Noreg, Krister Hoaas, skriv at den «fine utviklinga i dei oppdrettstunge fylka Vestland og Trøndelag» bør få konsekvensar:
– Talet på gytefisk for både sjøaure og villaks aukar i elvane, heilt motsett av det som blir fortalt.
– Det understrekar behovet for ei breiare samansetning av forskarar og fagfolk som ser på kunnskapsgrunnlaget, enn det som har vore tilfellet til no.
Nye data frå 149 elvar viser ein auke i talet på gytelaks og sjøaure i fleire fylke, men utviklinga er framleis negativ i enkelte område.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK– Den største trusselen er stadig lakselus
Pål Mugaas i Norske lakseelver understrekar at oppgangen må sjåast i samanheng med at 2019 var eit «verstingår».
Han viser til at 2025-sesongen totalt sett gav rett over 67.000 laks i elvefisket – det nest dårlegaste resultatet nokre sinne – og åtvarar mot å tru at faren er over sjølv om enkelte elvar har ein lokal opptur:
– Vi må fortsette å fjerne problema som påverkar villaksen. Den største trusselen er stadig lakselus frå opne merdar. Vi skal nok klare å redde villaksen, men vi har ikkje så lang tid på oss.
Forskar Helge Skoglund ved Laboratorium for ferskvassøkologi og innlandsfiske (LFI) i Norce peikar på det same:
Sjølv om pasienten har fått litt høgare puls, så må han framleis liggje til observasjon.
Han legg til:
– Det er framleis litt tidleg å seie om dette er starten på ei betring for laksen generelt, eller om det berre var ein større del av laksen som kom tidlegare tilbake frå havet.
I Havbruksmeldingen held regjeringa fast på at lakselus er den største trusselen mot villaksen.
Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRKPolitisk dragkamp om «trafikklyset»
Talstriden landar no på bordet til politikarane.
I dag blir havbruksnæringa styrt av det berykta trafikklyssystemet. Her avgjer modellerte luseestimat om oppdrettarane får vekse eller må kutte i produksjonen.
Eit stort fleirtal på Stortinget har bede regjeringa om å utvikle eit meir heilskapleg kunnskapsgrunnlag.
Kravet er klart: Fleire forskarmiljø og eit breiare spekter av fagfolk må med for å sikre at vi ikkje navigerer etter eit kart som ikkje stemmer med terrenget.
Alv Arne Lyse minner om at skjebnen til villaksen avheng av meir enn berre éin variabel:
– Vi må ta dei rette grepa: Kalke mot sur nedbør, stramme inn lakselusa av omsyn til sjøauren, og sørge for nok vatn i dei regulerte elvane.
– Du må kanskje vere optimist for å jobbe med dette, men det er håp.
Publisert 24.03.2026, kl. 16.51








English (US)