Nye nasjonale kostråd: Dette bør du eta for å vera sunn

1 month ago 34



Kor mykje raudt kjøt er for mykje? Og kan ein drikke så mykje mjølk ein berre vil?

Etter ulike forslag og diskusjonar det siste året, har Helsedirektoratet no lagt fram sine endelege kostråd for nordmenn.

Dette er dei nye kostråda:

  • Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planterike og et med glede.
  • Frukt, bær eller grønsaker bør vera ein del av alle måltid.
  • La grovt brød eller andre fullkornsprodukt vera ein del av fleire måltid kvar dag.
  • Vel oftare fisk og sjømat, bønner og linser enn raudt kjøtt. Et minst mogleg tilarbeida kjøtt.
  • Ha eit dagleg inntak av mjølk og meieriprodukt. Vel produkt med mindre feitt.
  • Godteri, snacks og søte bakevarer bør avgrensast.
  • Drikk vatn.

    Smågodt

    Smågodt med masse sukker er ikkje å anbefala i store mengder, ifølge Helsedirektoratet.

    Foto: NRK/Turi Grønbech

Baserer seg på nordiske råd

Dette er dei første offisielle kostråda som Helsedirektoratet gir etter dei mykje omtala nordiske kostråda kom i fjor sommar.

– Kostråda er basert på det beste og mest oppdaterte kunnskapsgrunnlaget som finst på samanhengen mellom kosthald og helse, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.

Ho seier dei har hatt kostråda på grundig høyring, og har derfor gjort tydeleg råda så godt som mogleg.

– Me håpar at dei nye råda er enklare å forstå og meir motiverande enn dei gamle var, seier Granlund.

Kostråd-Arendal

Kostråda vart lagt fram under Arendalsuka torsdag ettermiddag.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

350 gram raudt kjøtt i veka

I tillegg til dei sju kostråda, har Helsedirektoratet kome meg anbefalingar til kor mykje av dei ulike matgruppene du bør få i deg.

Blant anna bør du ikkje ete meir enn 350 gram raudt kjøtt i veka. I tillegg bør ein ete så lite tilarbeida kjøt som mogleg.

Ein kan ete tre porsjonar med mjølk og meieriprodukt til dagen. Det svarar til fem desiliter mjøk.

En butikkseksjon hvor de selger rødt kjøtt.

Ein bør ikkje kjøpe kilovis av raudt kjøtt om ein skal halda seg sunn, meiner Helsedirektoratet.

Foto: Christian Aras Shuany / NRK

Og er du glad i kaffi bør du ikkje drikke meir enn fire koppar til dagen. Vatn bør drikkast meir.

Drikk minst mogleg alkohol

Kostråda har skapt mykje diskusjon den siste tida, spesielt blant ernæringsfysiologar og andre mat- og helseinteresserte.

Tidleg i vår kom Helsedirektoratet ut med sine forslag til kostråd. I etterkant bad dei folk flest om å kome meg tilbakemeldingar.

Men råda nemnde blant anna ingenting om alkoholbruk, noko foreininga Av-og-til syns var merkeleg.

Alkohol er framleis ikkje ein del av dei sju nye råda. Men likevel anbefalar Helsedirektoratet å drikka minst mogleg alkohol, for helsa si skuld.

Og om ein drikk alkohol, bør ein drikke godt med vatn i tillegg.

Nordiske kostråd

I fjor kom det heilt nye nordiske kosthaldsråd. Desse råda la stor vekt på å ete klimavennleg.

Ein burde ete lite kjøtt, 350 gram i veka er nok. I tillegg anbefala dei folk å unngå all alkohol. Det reagerte fleire på.

Publisert 15.08.2024, kl. 12.39 Oppdatert 15.08.2024, kl. 12.59

Read Entire Article