Nye kostråd frå Helsedirektoratet

1 month ago 20



15. august 2024 kl. 12:36

Helsedirektoratet har lagt fram sine råd for kva du bør eta for å ha ei sunn og god helse.

Det er no sju kostråd, ein nedgang frå dei tidlegare tolv.

Det første rådet er å ha eit variert kosthold, velge mest mat frå planteriket og ete med glede.

Frukt, bær eller grønnsaker bør vera ein del av alle måltid.

La grovt brød eller andre fullkornsprodukter vera ein del av fleire måltid kvar dag.

Velg oftare fisk og sjømat, bønner og linser enn raudt kjøtt. Et minst mogleg bearbeida kjøtt.

Ha eit dagleg inntak av melk og meieriprodukt. Velg produkt med mindre fett.

Godteri, snacks og søte bakevarer bør begrensast.

Drikk vatn.

Råda vart lagt fram av Linda Granlund, divisjonsdirektør folkehelse og forebygging i Helsedirektoratet, under Arendalsuka.

Dette er dei første offisielle kostråda som Helsedirektoratet gir etter dei mykje omtala nordiske kostråda kom i fjor sommar.

Read Entire Article