Nye funn etter Estonia-forliset

5 hours ago 5



Estiske dykkarar har funne eit rekkverk frå ein del av baugrampen til bilferja «Estonia», melder Sveriges Radio.

Styresmaktene i Estland meiner det kan vere i ei viktig brikke i kartlegginga av kva som skjedde då skipet havarerte i 1994.

Sjølve baugrampen blei berga i fjor sommar.

852 menneske, blant dei seks nordmenn, miste livet då «Estonia» gjekk ned i Østersjøen natt til 28. september 1994, på veg frå Tallinn til Stockholm.

Read Entire Article