Tysdag la Miljødirektoratet fram nye endringar for laksefiske i 2026.
Dei opnar for regulert laksefiske i tre vassdrag, som tidlegare har vore stengt. Dette gjeld Leirelvvassdraget i Nordland, Signaldalselva i Troms og Skibotnelva i Troms.
Bakgrunnen for stenginga var parasitten, Gyrodactylus salaris, som alle dei tre vassdraga no er friskmeldt for. Dei vurderer at vassdraga toler eit avgrensa fiske, melder Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Skibotnelva blir opna for laksefiske i 2026 etter friskmelding frå parasitt.
Foto: Rune MuladalJølstra stengt for fiske
I elva Jølstra i Vestland vert det derimot totalforbod mot fiske etter laks og sjøaure. Grunngjevinga er svak laksebestand.
– Det er jo ein tragedie sjølvsagt. For grunneigarane, sportsfiskarane og Sunnfjord kommune, seier Eiliv Erdal, leiar i Førde elveeigarlag.
Han forklarar at laksebestanden er kritisk ramma, men meiner det offentlege har påført ei stor samla belastning på elva gjennom urbanisering og kraftutbygging.
– Ein ting er kva ein gjorde på 60-, 70- og 80-talet då ein ikkje visste betre. Men no opplever vi framleis at elva vert behandla som eit avfallssystem og ikkje som eit levande miljø.
Elva Jølster får totalforbod for fiske for både laks og sjøaure.
Foto: Rune Møklebust / NRKErdal erkjenner at eit totalforbod er nødvendig, men ønskjer seg meir handling og ressursar frå Miljødirektoratet
– Bestanden vert ikkje bygd opp att utan hjelp. Det visar seg frå andre elvar at når ein fyrst kjem ned på eit lågt nivå, blir det veldig tungt å komme seg opp igjen.
Ny vurdering i juli
Miljødirektoratet planleggar å gjere ei undervegs-evaluering i juli. Då skal dei sjå på innsiget av villaks og vurdere eventuelle justeringar.
Viss innsiget av laks er 50 prosent lågare, kan dei sette inn ytterlegare avgrensingar på fiske i elv og sjø.
Villaksen er klassifisert som nært utryddingstruga og står i fare for å døy ut. Regulering av fisket er naudsynt for å sikre berekraftig forvaltning, skriv miljødirektoratet.
Publisert 14.04.2026, kl. 14.14 Oppdatert 14.04.2026, kl. 14.46











English (US)