Nybilsalet er på veg opp, og det kan kjøparane tene på

1 week ago 271



Tal frå Opplysningskontoret for vegtrafikk viste ei auke på 25 prosent i nybilsalet samanlikna med i fjor.

I april vart det registrert 11.241 nye personbilar. Det er 2265 fleire enn i april 2023.

Det blir teke i mot med glede i bilbransjen i Bodø.

– Vi ser at det har gått oppover. Det ser veldig bra ut, seier dagleg leiar hos bilforhandlaren Flygt i Bodø, Patrick Flygt.

Han trur det er fleire grunnar til aukinga.

– Blant anna har det kome mange billigare elbilar som gjer at folk heller vel ein ny bil framfor ein brukt bil.

– Folk vurderar heller ein ny bil til 300.000 kroner enn ein bruktbil. Då har du garanti og ein tryggleik, i staden for at du er redd for at noko går gale og du får ei stor utgift, seier Flygt.

– Treig start på året

Fagsjef for bilsal i Noregs bilbransjeforbund, Tore Rylander, seier tida då folk kjøpte nye bilar i prisklassen mellom 500.000 kroner og 1 million kroner, er forbi.

No kjøper folk heller nye bilar til 250.000-500.000.

– Vi ser det er jamt over rimelegare prisklassar det seljast mest av. Dei dyrare modellane har ein dårlegare marknad enn dei hadde for ein to tre år tilbake.

Han kallar det ein justering av marknaden.

– Dei som treng å kjøpe seg ein ny familiebil, dei finn ein velfungerande bil til 500.000 kroner i staden for 700.000 kroner.

Han stadfestar også at april er den første månaden i år der nybilsalet ser ut til å ha normalisert seg.

– Det har vore ein litt treig start på året, men april ser ut til å gi ein liten oppsving, seier han.

Nye biler står på havna i Drammen.

TRONGT OM PLASSEN: Hos fleire bilforhandlarar i Noreg er det for tida trongt om plassen på grunn av mange nye bilar som står klar for sal.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Venter til økonomien stabiliserer seg

Ifølgje Rylander søkk nemleg nybilsalet veldig i 2023.

Det heng saman med at då statsbudsjettet kom i hausten 2022 vart det bestemt at terskelmomsen på elektriske bilar skulle ned. Med andre ord måtte ein byrje å betale moms på bilar over 500.000. I tillegg kom det ei vektavgift.

– Begge desse tinga var sett i verk 1. januar 2023. Det førte til at vi fekk ein heftig avslutning på 2022.

I desember 2022 vart det seld nesten 40.000 bilar på ein månad.

– Alle som jobbar med bilar visste at dette ville få ei betydning for starten for 2023.

I tillegg har auka rente, matprisar og straumprisar spelt ei rolle nybilsalet i fjor.

– Bransjen vår har merka det på nybilsal i 2023, og hittil i 2024. Difor er det veldig hyggeleg å registrere at april ser ut til å gi ein god start på våren.

Han seier vi ser ein stabilisering av økonomien no, og difor har folk kanskje brukt sparepengane sine til å kjøpe ny bil.

– Vi har undersøkingar som viser at når folk har pengar på bok og planlagt å kjøpe bil, så vil dei vente til dei ser ein stabilisering av økonomien.

Ifølgje forbrukarøkonom i Sparebanken Nord-Norge, Linda Tofteng Eliassen, har privatøkonomien vår stabilisert seg litt.

Lurt å tenke seg om før du kjøpar bil

Stabil i den grad at ein ikkje fryktar auka renter lenger, og føler at ein har kontroll på inntekter og utgifter.

Men ho anbefaler folk å tenke seg om to gongar dersom dei vurderar å kjøpe ny bil.

Dersom du ikkje har sparepengar eller ein bil i innbyte, må du kanskje låne pengar til bil. Og då har du jo auka bilkostnader ut over driftskostnader. Normalt er billån dyrare enn bustadlån, seier ho.

Men Eliassen meiner det likevel er gode tider for deg som skal kjøpe ny bil.

– Mange bilforhandlarar tilbyr rimelegare lån fordi dei sitt inne med mange bilar på lagra sine. På den måten er det kjøpars marknad – og lettare å gjere eit godt bilkjøp.

Linda Tofteng Eliassen

KAN VERE LURT: Pris og utvikling gjer det i større grad mogleg for fleire å kjøpe elbil, som er bra for miljø og økonomi, seier Linda Tofteng Eliassen i Sparebanken Nord-Noreg.

Foto: SpareBank 1

Sel mest elbilar

I Bodø trur Patrick Flygt at bilsalet framover kjem til å vere stabilt bra.

– Vi kjem til å sjå ei stabil auke framover, seier Flygt.

Men er det ikkje bra at bilsalet er litt roleg med tanke på miljøet?

– Jo, det er det. Eg er sjølv fan av at ting skal brukast opp. Men det som er bra er at dei bilane som folk byter inn er bilar som er ganske slitne og gamle. Det er diesel, bensin eller hybridbilar som har høgare utslepp enn ein nullutsleppsbil. Det er elbilar som er i vinden. Det er dei vi sel, svarar dagleg leiar i Flygt.

Patrick Flygt står ved siden av ny bil

OPPSVING: Patrick Flygt ved Fylgt Bil i Bodø har gode dagar.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Det viser også tala. Ifølge Opplysningskontoret for vegtrafikk var 89,4 prosent av alle bilane som vart selt i april elbilar. I same månad i fjor var 83,2 prosent elbilar.

– Sjølv om det er auka bilsal, så er det nullutsleppsbilar som går ut, seier Flygt.

Publisert 07.05.2024, kl. 05.33

Read Entire Article