Ny vri på Mesternes mester – skal konkurrere i lag

11 hours ago 4



Tolv deltakarar fordelte på seks lag reiser i år til Hellas for å konkurrere om å bli det aller beste laget. Individuelle sigrar er bytt ut, og to og to skal dei kjempe om å bli dei første vinnarane av «Mesternes mester team».

Alle deltakarane i år har vore med i programmet tidlegare. Nokon for over 15 år sidan, mens andre så vidt har rokke å få igjen pusten etter førre.

Aller lengst er det sidan Liv Grete Skjelbreid var med, tilbake i 2011. Blant dei ferskare deltakarane er blant anna Helene Spilling frå 2023-sesongen og Emil Lybekk som var med førre sesong.

– Det er spennande. Eg gruar meg og gleder meg. Nei, men, det er veldig koseleg da, å få vere i veldig fine omgivnader med, hittil kva eg har sett, veldig fine menneske, seier Spilling.

flere personer som poserer i en steintrapp

GJENGEN: Som skal konkurrere mot kvarandre.

Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK

Tidlegare deltakarar

Laga har blitt sette saman av deltakarar frå dei siste 15 åra med Mesternes mester. Dei fleste er på lag med nokon frå ein annan idrett, bortsett frå Skjelbreid og Emil Hegle Svendsen, som begge har bakgrunn som skiskyttarar.

– Det blir jo eit eventyr. Utruleg gøy å vere med på sist og har eigentleg same forventningane no, så det blir heilt fantastisk trur eg, seier Svendsen.

Sjølv om skiskyting er ein individuell idrett, meiner han likevel at det å vere del av eit lag ikkje er så framand.

– Vi var på landslag, vi er vande til å jobbe for kvarandre og med kvarandre, dele ting, erfaringar, dra lasset saman, forklarer han.

Tidigare fotballspelar Frode Grodås er også klar for sesongen i år.

– Eg har vore ein lagspelar heile livet, og det at vi skal vere to nå, det skal bli kult. Og det å på ein måte kunne støtte og muntre og hjelpe kvarandre til å gjere så godt du kan.

  • flere personer med t skjorter os

    GULT LAG: Astrid Lødemel og Frode Grodås

    Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK
  • flere personer med t skjorter os

    TURKIS LAG: Helene Spilling og Stig-André Berge.

    Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK
  • flere personer med t skjorter os

    BLÅTT LAG: Emil Hegle Svendsen og Liv Grete Skjelbreid.

    Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK
  • flere personer med t skjorter os

    RAUDT LAG: Marco Elsafadi og Solveig Gulbrandsen.

    Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK
  • flere personer med t skjorter os

    KVITT LAG: Kjersti Grini og Steffen Iversen.

    Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK
  • flere personer med t skjorter os

    ORANSJE LAG: Emil Lybekk og Johanne Killi.

    Foto: Tonje Lien Wold / Nordisk Banijay/NRK

– Frå mi eiga deltaking i Mesternes mester hugsar eg lagkonkurransane som mine absolutte favorittøvingar. Dei tilfører masse energi, humør og spenning. Så eg er sikker på at dette programmet vil fange sjølve essensen av Mesternes mester, seier Aksel Lund Svindal.

Han har vore programleiar for Mesternes mester dei siste sesongane. Den tidlegare alpinisten er klar for det nye konseptet:

– No får me ein litt annan dynamikk når det er to og to på lag. Det gjer at anten ryk ein ut saman eller så vinn ein saman, forklarar han.

Blir spelt inn i Hellas

Innspelinga startar denne veka og etter ein tur til Spania i fjor, har dei gamle idrettsheltane denne gongen reist til Porto Heli i Hellas.

Utøvarane skal konkurrere i både kjente og nye øvingar, i tillegg til at samarbeid blir eit viktig element denne sesongen.

Deltakarane i år representerer alt frå fotball til sportsdans og basketball, med eit aldersspenn frå 28 til 61 år

Programmet kjem på NRK til hausten. Samtidig kan alle fans av den originale serien også gle seg til at sesong 18 av den «vanlege» serien får premiere på nyåret som han pleier.

Publisert 21.04.2026, kl. 07.00

Read Entire Article