Ny «trampoline» skal trygge norske vegar

5 days ago 6



For tre år sidan kom steinen buldrande på sørsida av Førdefjorden og øydela gang- og sykkelvegen.

Denne hausten har kommunen og fylket omsider blitt einige om kven som skal ta rekninga med å rydde opp og sikre strekninga på ny.

Den forløysande faktoren kan vere ein ny og rimelegare patent for rassikring som begge kan leve med: ein trampoline.

Den nye trampoline-løysinga dempar raset, før steinane sprett vidare ut i fjorden.

Kommunen presiserer at dei også vurderer eit par andre alternativ, som nett eller fanggjerde.

Her vert ein mange tonn tung stein sleppt ned på testriggen i aluminium.

Video: Lars Melkevik

Kjell Fylkesnes i Bypass skredsikring fortel at takkonstruksjonane absorberer mellom 80–90 prosent av energien til steinane som kjem deisande.

Dette lagar trampolineeffekten som løftar vekk steinblokkene slik at taket er klart til neste skred, seier han.

Enten det er 3 sekund, 3 timar eller 3 veker unna.

Han legg til at løysinga krev «minimalt» med vedlikehald og masseforflytting.

Dette er prefabrikkerte delar i stål og aluminium som blir montert veldig hurtig.

For tre år siden kom steinen buldrende på sørsida av Førdefjorden og ødela gang- og sykkelveien.
Rassikring med trampoline-effekt skal trygge norske vegar

Rassikring med trampoline-effekt sikrar skredutsatt veg ved Førdefjorden.

Steinatunnelen fortsatt stengt

Slik har gang- og sykkelvegen langs Førdefjorden sett ut i tre år.

For tre år siden kom steinen buldrende på sørsida av Førdefjorden og ødela gang- og sykkelveien.

Svært mykje å spare på alternative sikringsmetodar

Historisk har «trampolinane» ein slags forløpar i skredoverbygga i tre, som tyskarane konstruerte under krigen. Desse blei stort sett tente på etter frigjeringa.

Elles har norske modellar for skredsikring krinsa rundt (kostbar) betong.

Tidlegare i september fortalde NRK at fleire politikarar og fagfolk har vore på studiereise til Canada for å tenke nytt om rassikring.

Bakgrunnen var ei ny oversikt frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som viser at det gått nærare 50.000 skred i Noreg dei siste ti åra.

«Det er svært mykje å spare om Noreg i større grad tar i bruk alternative sikringsmetodar», konkluderte dei norske deltakarane.

I ei innstilling frå transportkomiteen på Stortinget heiter det at «nye innovative løysingar for skredsikring kan oppnå innsparingar på meir enn 20 milliardar kroner samanlikna med om ein går for ‘beste løysing' i form av for eksempel tunnel».

Ein buss vert nærmast knust når ein stor stein vert sleppt ned.

Video: Lars Melkevik/Bypass

Gjer kvardagen lettare, raskare og tryggare

I praktisk politikk har oppfordringa om å tenke nytt og annleis sett fart på eit pilotprosjekt for innovativ skredsikring i Vestland.

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), gler seg over at partane endeleg har funne ei løysing for sørsida av Førdefjorden – tre år på overtid.

Eg har stor forståing for frustrasjon hjå innbyggjarane som treng vegen, seier han.

Det har vore krevjande å løysa situasjonen innan dei ulike omsyna som måtte vegast mot kvarandre. Eg takkar alle som har bidrege til at me no gjer kvardagen lettare, raskare og tryggare i området, seier han.

Leiar for vegseksjonen i Vestland fylkeskommune, John Martin Jacobsen, seier til NRK at dei arbeider med identifisere fleire skredpunkt som kan vere aktuelle for trampoline-modellen «eller andre tilsvarande innovative løysingar».

Randi Walderhaug Frisvoll, leier Nasjonal Rassikringsgruppe

Nasjonal Rassikringsgruppe

Randi Walderhaug Frisvoll, leier Nasjonal Rassikringsgruppe

Vi er glade for at arbeidet vårt med å fronte innovative løysingar blir sett ut i praksis. Vi vil gratulere Bypass skredsikring med pilotprosjektet etter mange års planlegging, utprøving og arbeid. Vi ser fram til å sjå verknadene av dette i praksis, og håpar dette kan føre til ei rimelegare skredsikring som gjer at mange fleire skredpunkt kan sikrast med ny innovasjon.

Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson SV

Rolf Petter Olaisen / NRK

Mona Fagerås, transportpolitisk talsperson i SV

Stortinget har bede regjeringa vurdere korleis ein kan ta i bruk ny teknologi til å oppdage og førebygge skredulykker, og vi ser fram til at regjeringa kjem på banen og prioriterer dette på ein heilt annan måte enn vi har sett til nå.

Ingunn Lauritzen Handagard i NAF

NAF

Ingunn Handagard, Noregs Automobil-Forbund (NAF)

Varsling og overvaking av skred må ikkje bli ei sovepute som gjer at viktige vegstrekningar ikkje blir rusta opp for å gi folk trygge kvardagsreiser. Spesielt fylkesvegnettet har enorme behov for vedlikehald.

Liv Kari Eskeland, Høgre. Ved flyplassen

Olav Røli

Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre

Vi må heile tida vera opne for nye og smarte løysingar, der varsling og tidleg deteksjon er å føretrekke framfor kostbare inngrep. Her går utviklinga fort framover, og vi opplever at dette er ein god måte å utnytte ressursane på. Likevel er det slik at enkelte strekningar må ha fysiske inngrep.

I det som blir karakterisert som «rasfylke nummer éin» – altså Vestland – er totalkostnadene til rassikring estimert til 23,5 milliardar kroner.

Jenny Følling er ordførar i Sunnfjord kommune.

Eg er veldig glad for at vi har ei løysing i sikte, og dei som bur på Ulltang har mogelegheit sykle og gå til sentrum.

Publisert 14.09.2024, kl. 19.47

Read Entire Article