Ny rapport om ubåtvraket: 15 meter sand kan temje miljøbomba

2 hours ago 1



Kampen om kva som skal skje med vraket av den tyske ubåten U-864 utanfor Fedje i Vestland har fått ei ny vending.

Etter år med intens debatt om ubåten og dei 67 tonna med giftig kvikksølv må hevast eller tildekkast, har Kystverket nå teke imot ein risikoanalyse frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).

Konklusjonen gir ny vind i segla til dei som ønskjer å la ubåten liggje i fred. Føresetnaden er at vraket «forseglast» og blir dekka med massar.

Rapporten legg til grunn at denne overdekkinga bør vere 15 meter tjukk.

FFI påpeikar at eit så massivt lokk vil «kvele» og dempe ein potensiell eksplosjon, slik at transporten av kvikksølv opp i havet i praksis blir lik null.

Toler tildekking og jordskjelv

Tidlegare vurderingar har skapt frykt for at torpedoane om bord kan eksplodere dersom vraket blir dekka til med tunge steinmassar.

FFI-forskarane tonar denne dramatikken ned.

I rapporten slår dei fast at det er «liten moglegheit» for at torpedoane skal detonere viss dei blir liggjande i vraket, både på kort og lang sikt.

Dei gamle eksplosiva vil ikkje kunne sjølvdetonere utan ytre påverknad (som jordskjelv), og dei toler dei langsame belastningane og trykket frå ei tildekking godt.

Rapporten tilrår derfor å pumpe fin sand inn i sjølve trykkskroget, i holromma og rundt dei utstikkande torpedorøyra.

Da vil sanden fungere som ein støytdempar som hindrar at vrakdelar rasar ukontrollert, eller at torpedoane kjem i klem.

Simulert skrekkscenario: Berre 5 gram slepp ut

Miljøbevegelsen sin skrekk har vore at ein eksplosjon på havbotnen vil fungere som ei sprengladning som skyt det giftige kvikksølvet opp i havet og spreier det langs vestlandskysten.

For å sjekke om dette kan skje, har FFI simulert eit «worst case»-scenario der fire torpedoar detonerer nøyaktig samtidig i framskipet etter at vraket er dekka over.

Berekningane viser at berre rundt 5 gram kvikksølv vil klare å følgje med eksplosjonsgassane oppover i vannsøylen.

Det endelege valet nærmar seg

For Kystverket og direktør for miljøberedskap, Hans Petter Mortensholm, er rapporten eit kjærkomme og handfast verktøy.

– Dette gir oss eit betre grunnlag for å vurdere ulike tiltak, og for å forstå korleis risikoen utviklar seg både ved inngrep og dersom vraket blir liggjande dekka over med reine massar, seier han.

Rapporten blir no ei sentral brikke når Kystverket skal sy saman si endelege tilråding til Nærings- og fiskeridepartementet.

Dermed er det opp til politikarane å avgjere lagnaden til det 80 år gamle ubåtvraket.

Publisert 05.06.2026, kl. 07.29

Read Entire Article