Ny prisauke på buss gjer Bergen dyrast av storbyane: – Rammar dei med dårleg råd

1 month ago 27



Frå 1. august må du ut med 47 kroner for ein enkeltbillett med buss eller bane i Bergen, og for andre reiser innanfor ein sone i Vestland fylke. Det er ein auke frå 44 kroner, som svarar til 6,8 prosent. Det blir også dyrare for periodekort.

Dette er den andre prisauken i år.

Fram til 1. februar kosta enkeltbilletten 40 kroner. 1. februar blei prisen sett opp til 44 kroner, og no altså til 47 kroner.

Dermed overtar dei topplasseringa blant storbyane:

Det er ulike rabattordningar, varigheit på billetten og gyldigheitsområde i dei forskjellige byane.

Som tabellen viser, har prisen i Trondheim faktisk gått ned, etter at fylkeskommunen har henta pengar frå den såkalla Miljøpakken.

– Går ut over dei med dårleg råd

Blant passasjerane vi møtte i Bergen i dag, er det ulike reaksjonar. Men mange har forståing for at auka kostnader med bussdrifta fører til høgare billettpris.

Stian Prestø er ein ivrig brukar av bussen, både til og frå jobb og på fritida.

– Det er jo berre å betala det dei treng. Eg har ikkje noko problem med å betala det. Men det går jo ut over folk med dårleg råd. Det er dei som blir ramma. Vi må jo ha omtanke for dei, vi kan ikkje berre tenkja på oss sjølv, seier Prestø.

Stian Prestø

BRUKAR BUSSEN OFTE: Stian Prestø brukar buss fleire gonger for dagen. Han har ikkje problem med å betala litt meir for periodekortet sitt, men syns synd på folk som har dårleg råd.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Ida-Marie Kathenes har nettopp flytta heim frå Sverige, og har tenkt å bruka bussen ein del framover.

– Det er jo mange omsyn å ta når det gjeld billettpris. Det går greitt for meg å betala litt meir, men det skulle vel helst vore billegare, seier ho.

Pensjonisten Gunnar Bordvik syns det er blitt dyrt. Men han har funne ut at å reise med buss med månadskort uansett blir mykje billegare enn å køyra privatbil.

– Det er sjølvsagt betre viss det hadde vore billegare. Men utgiftene til bil og bompengar aukar også, så det skal mykje til før det lønner seg å ta bilen, seier Bordvik før han hoppar på bussen.

Ida-Marie Kathenes

Ida-Marie Kathenes seier det er mange omsyn å ta når ein skal fastsetja billettprisen, men at det går greitt for ho personleg å betala litt meir.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Viktigast kor ofte bussen går

Det er Vestland fylkeskommune som har godkjent prisauken, etter forslag frå administrasjonen i fylket. Fylkesdirektør Rune Haugsdal seier at auka kostnader fører til auka billettprisar.

Det er den generelle prisauken i samfunnet, som vi alle opplever. Kostnader til personell, sjåførar og drivstoff går opp. Vi må ta høgare brukarbetaling når vi har ein sånn prisauke som vi har no for tida, seier Haugsdal.

Han innrømmer at prisauken kan påverka kor mange som brukar buss og bybane, men trur ikkje prisauken vil gjera store utslag.

Det kan slå negativt ut, men all erfaring tilseier at det er frekvensen på avgangane som betyr mest for kundane. No er det ikkje sånn at vi dermed skal justera takstane opp, nær sagt løpande og i det uendelege. Men eg meiner framleis at det å reisa kollektivt er ganske gunstig prismessig, seier fylkesdirektøren.

Rune Haugsdal, fylkesdirektør Vestland fylkeskommune

Fylkesdirektør i Vestland, Rune Haugsdal, forsvarer prisauken.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kan ikkje ha galopperande prisar

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er ikkje imponert over at billettprisane stadig blir høgare.

Skal vi løysa klimakrisa må vi styrka kollektivtilbodet, og då kan vi ikkje ha galopperande prisar. No vil det løna seg for fleire å velja bilen til jobb, og det betyr kø og dårlegare byluft, meiner Thor Haakon Bakke, gruppeleiar i Bergen MDG.

Han skriv i ein e-post til NRK at både kollektivprisar og godt og punktleg reisetilbod er viktig for at folk skal velja kollektiv framfor privatbil.

Dette har også eit viktig sosialt aspekt. Ein skal kunna ta bussen og delta aktivt i samfunnet uavhengig av storleiken på lommeboka.

Pris betyr ikkje alt

Fylkeskommunen får støtte frå Transportøkonomisk institutt (TØI).

Generelt er det slik at etterspørselen etter lokal kollektivtransport er relativt lite prisfølsom. Altså blir bruken av kollektivtrafikk i relativt liten grad endra som følge av prisendringar, skriv forskar Fredrik A. Gregersen ved instituttet i ein kommentar til NRK.

Han seier også at enkeltbillettar normalt sett blir rekna som litt meir prisfølsomme enn månadskort. Altså at viss prisen aukar like mykje i prosent, vil ein få eit større fall i salet av enkeltbillettar enn månadskort.

Gode grunnar for prisauke

Forskaren på TØI meiner det er forståeleg at enkelte kollektivselskap må auka billettprisen.

Det er ein generell inflasjon på varer og tenester. Det er derfor dei fleste kollektivselskap og fylkeskommunar har debatt om korleis dei skal dekka auka utgifter, skriv Gregersen.

Han peikar på at det varierer mellom ulike område kor mykje billettprisen utgjer av dei totale inntektene til kollektivselskapa, og kor mykje som er subsidiar.

For område der billettinntektene er ein liten del av dei totale inntektene, må eventuelt billettprisane auka svært mykje for å dekka inn høgare utgifter.

Publisert 03.08.2024, kl. 10.27

Read Entire Article