Ny milepæl i Sulitjelma

5 hours ago 1



For første gong sidan 1991 har det gått av ei salve i fjellet i Sulis.

– Glad for at dei er i gang, seier fylkesråd for næring, Svein Øien Eggesvik i Senterpartiet.

Arbeidet markerer starten på ein 1000 meter lang tunnel som skal gi svar på kor store førekomstar det er av det metalliske grunnstoffet kopar.

Viser dei seg drivverdige, kan ny gruvedrift gi opptil 90 arbeidsplassar innan få år og sikre aktivitet i bygda i fleire tiår.

At noko er drivverdig betyr at ressursen kan bli utvinna på ein økonomisk lønsam måte med dagens teknologi.

– Kopar er eit kritisk metall, og det er avgjerande for norsk og europeisk sjølvforsyning at vi kan utvinne dette her heime, understrekar Eggesvik.

Read Entire Article