Ny kraft kan ikkje møtast med rustne prosessar

6 days ago 15



DEBATT: Dersom vi meiner alvor med at Norge treng meir kraft, må vi òg meine alvor med at dagens situasjon krev noko nytt av oss. Nye prosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar.

Dette bildet frå 1982 er tatt i samband med anleggsarbeid under utbygginga av Ulla-Førre-kraftverka. Foto: Inge Gjellesvik / NTB
  • Mads Drange

    Mads Drange

    Ordførar, Suldal (Ap)

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Industri, elektrifisering, beredskap og ny verdiskaping krev meir energiproduksjon og meir effekt i åra som kjem. Samstundes står Norge framfor ei ny bølgje av vasskraftutbygging og modernisering. Likevel er systemet utdatert og verktøya for svake. Vi treng ein ny samfunnskontrakt.

Ei ny røynd krev nye svar

For kommunar som lever tett på krafta, er det tydeleg at det løftet som no må kome innan vasskraft, ikkje er ei enkel vidareføring av det som har vore før. Prosessane er meir komplekse. Naturomsyna er sterkare. Forventningane til tempo er høgare. Energimarknaden ser heilt annleis ut.

Nye prosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar. Nye konfliktliner kan ikkje handterast med gamle oppskrifter.

Likevel prøver vi ofte å løyse desse nye utfordringane med verktøy, roller og arbeidsformer som er forma i ei anna tid. Det skaper tregleik, konflikt og uvisse.

Ikkje så enkelt som vi likar å tru

Vi som er vertskommunar, tek ein stor del av belastninga lokalt. Naturinngrep, arealbruk og dei konkrete konsekvensane skjer hos oss. Samstundes opplever mange at koplinga mellom utbygging og lokal utvikling er svekka. Gevinstane er mindre tydelege, medan prosessane er meir krevjande. Då blir det òg vanskelegare å skape legitimiteten som trengst for å få prosjekt vidare.

Dette handlar ikkje om at naturomsyna har vorte for sterke. Det handlar heller ikkje om at lokalsamfunn har vorte meir vrange. Det handlar om ein ny type kompleksitet, der fleire omsyn verkar samtidig. Vi har enno ikkje utvikla gode nok modellar for å handtere denne røynda.

Betre prosessar

Difor treng vi ikkje berre fleire ambisjonar i kraftpolitikken. Vi treng betre prosessar, og ein ny samfunnskontrakt som gjer dei mogleg.

Dei store utbyggingane vart til gjennom ein tydeleg balanse mellom stat, utbyggjarar og vertskommunar, med ordningar som konsesjonslover og heimfall som fundament. Men denne samfunnskontrakten vart forma i ei heilt anna tid. Før klimakrisa fekk same tyngde. Før mellomlandsforbindingar og eit integrert kraftmarknadssystem. Før dagens naturkonfliktar og eit langt meir samansett aktørbilete. Difor strekk ikkje den gamle kontrakten til lenger. Skal vi lukkast med nye utbyggingar, treng vi ein oppdatert samfunnskontrakt som tek inn over seg kompleksiteten i dag. Og som gir både legitimitet og framdrift.

Kva må endrast no?

Vi treng ei sterkare felles forståing av kvifor vi byggjer ut. Vi treng betre samarbeid mellom stat, utbyggjar og lokalsamfunn, og vi treng det tidlegare i prosessane. Og vi treng meir truverdige svar på kva vertskommunane faktisk skal sitje att med når dei stiller natur og areal til disposisjon for prosjekt som har verdi langt utover eigne grenser.

Altfor ofte kjem dei ulike aktørane til bordet for seint. Då har frontane allereie hardna til, og posisjonane vorte låste. Energi som burde gått til å løyse problem, går i staden til å handtere konflikt. Det har vi ikkje råd til.

Kraftkonferanse i Suldal

Difor har vi i Suldal invitert til konferansen «På innsida av krafta». Ambisjonen er ikkje å skape endå ein arena for ferdige innlegg og innøvde standpunkt. Ambisjonen er å samle aktørar som står i desse spørsmåla no, og få dei til å setje seg ned saman tidlegare enn det som vanlegvis skjer. Kraftbransje, styresmakter, forsking, naturinteresser og vertskommunar må i større grad møtast før prosessane køyrer seg fast – ikkje etterpå.

Det er heller ikkje nok å slå fast at vi treng meir kraft. Vi må bli samde om korleis vi skal få det til, på ein måte som gir framdrift, tek naturen på alvor og skaper reell tillit lokalt.

Suldalserklæringa, som skal springe ut av konferansen, må difor ikkje berre summere opp. Ho må peike framover. Ho må vere brei nok til at fleire kan stille seg bak, men konkret nok til at ho faktisk kan følgjast opp.

Nye konfliktar krev nye oppskrifter

Dersom vi meiner alvor med at Norge treng meir kraft, må vi òg meine alvor med at dagens situasjon krev noko nytt av oss. Nye prosjekt kan ikkje møtast med rustne prosessar. Nye konfliktliner kan ikkje handterast med gamle oppskrifter.

Kraftutbygging i vår tid krev ikkje mindre samtale. Ho krev betre samtalar – tidlegare i løpet, mellom dei som faktisk må få dette til saman. Ein ny samfunnskontrakt.

Publisert:

Publisert: 29. april 2026 12:04

Read Entire Article