Ny godterilov: – Blir berre ein klementin igjen i godteposen til barna

14 hours ago 2



I fleire år har han sponsa idrettslag og foreiningar med brus, vaffelrøre, sjokolade og gløgg til ulike tilstellingar.

Etter at den nye forskrifta som skal verne barn og unge mot marknadsføring av usunn mat og drikke starta å gjelde laurdag 25. oktober, er det slutt på moroa. Slik han tolkar dei nye reglane.

Thor Fredrik Borgersen, portrett

Kjøpmann Thor Fredrik Borgersen.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

– Trasig. Det blir berre ein klementin igjen i godteposen til barna, seier Borgersen, som driv Rema 1000-butikken i Siljan.

Lang liste

Produktlista i den nye forskrifta omfattar blant anna godteri, sjokolade, brus, is, snacks og visse typar frukostblandingar, kaker og bakverk.

Nå må Borgersen og kollegaene eventuelt putte knaskegulrøter eller frukt i godteposane om han skal halde seg på rett side av lova.

Bakgrunnen for forskrifta er alvorleg.

en person som står ved siden av et bord med mat

Den nye forskrifta skal forhindre marknadsføring av søtsaker overfor barn og unge.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Eitt av fem barn i Noreg har overvekt eller fedme

Ifølge ei undersøking gjort av Norstat, på oppdrag frå blant anna Kreftforeningen, støttar tre av fire nordmenn eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke overfor barn.

Butikkdrivaren understrekar at han meiner forskrifta kan ha noko for seg, men at ho blir for rigid slik ho verkar i dag.

– Eg synest forskrifta har noko ved seg som er bra, men tenker at det må vere rom for tolkingar. Nå har vi fått lova i fanget, og må forhalde oss til strenge rammer. Dei har eg fått frå Rema 1000 sentralt, som har tolka lova.

– Eg måtte seie nei til nokre skolejenter som bad om peparkakedeig for å lage peparkakeby på skolen. Det er sikkert usunt med peparkaker, men eg synest det må gå ei grense, seier han.

Ifølge ei undersøking støttar tre av fire nordmenn eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke overfor barn.

FOTO: John-Andre Samuelsen

– Kunne du ikkje gitt dei eit gåvekort?

– Eg kan gi dei gulrøtter, grovbrød og eple. Men ikkje gåvekort, nei. Det kan dei finne på å kjøpe is for. Det er ikkje lov, meiner han.

– Litt sjokolade veltar ikkje lasset

Sverre Magnus Stakston Husby (13) er ein av mange barn og unge som nyttar seg av tilbodet «Mekkis» i Siljan.

Sverre Magnus Stakston Husby er en av ungdommene på Mekkis

Sverre Magnus Stakston Husby (13).

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Dit kjem barn og unge for å mekke, skru, køyre gocart og lære om motor.

Han synest det er dumt at nærbutikken ikkje lenger kan sponse dei med brus og sjokolade.

– Eg tenker at det er kjipt å måtte bruke eigne pengar på dette, som vi elles ville brukt til delar og drivstoff. Det er dumt rett og slett.

Alexander Tangen er einig.

Han er ein av fleire som held tilbodet levande i bygda.

Tobarnsfaren seier støtta dei har fått frå nærbutikken har vore viktig.

Inkludert søtsaker til ulike tilstellingar.

Alexander Tangen en av de voksne som drifter "Mekkis"

Alexander Tangen er ein av fleire som driftar det populære tilbodet «Mekkis» i Siljan.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

– Alt handlar om måtehald. Det er sjølvsagt ikkje sunt å fore på med sjokoladeplater kvar dag, men trur ikkje det er det dei får her som veltar lasset, seier han.

– Eg synest det er dårleg om ein kuttar den biten der. Det går utover så mykje, meiner han.

FULL FART: På «Mekkis» i Siljan går det unna. No er det slutt på godteposar, brus og andre søtsaker, etter at ei ny forskrift nylig blei innført.

Fleire unntak frå regelen

Cathrine Marie Lofthus, direktør i Helsedirektoratet, seier hovudformålet med forskrifta er å ramme det massive reklametrykket som er direkte mynta på barn.

en person i svart skjorte

Cathrine Marie Lofthus, direktør i Helsedirektoratet.

Foto: Marius Revold / NRK

Ho har likevel forståing for at dei nye reglane kan vere utfordrande å tolke i starten.

– Dette regelverket er jo veldig nytt, så her er det nokre grenseoppgangar vi må gå opp saman. Helsedirektoratet skal også bidra med rettleiing.

Lofthus minner også om at kjøpmannen framleis kan spandere for eksempel smoothie og pizza på barn og unge i bygda.

Sjokolade er likevel kategorisert som produkt ein ikkje kan dele ut gratis.

– Det vil da bli sett på som reklame, seier ho.

Smågodt

STOPP: Dei nye forskriftene skal forhindre marknadsføring av usunn mat overfor barn.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

– Kva er gale med ein liten pose med godteri?

– Det kjem an på måten det blir gjort på, og om det er meint som direkte reklame for å få barn til å ete meir godteri, sjokolade, kake og kjeks.

– Éin stad må ein jo sette ei grense her. Så handlar det jo ikkje om den eine gongen, om ein ser på intensjonen med forskrifta, seier Lofthus.

Tror du forbud mot markedsføring av søtsaker overfor barn har noe for seg?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Etterspurt av foreldre og unge

Statssekretær Usman Ahmad Mushtaq seier regjeringa er opptatt av at barn og unge skal ha ei god helse og at det skal vere lettare å ta gode val i kvardagen.

Usman Ahmad Mushtaq, Statssekretær Helsedep

Usman Ahmad Mushtaq, Statssekretær Helsedepartementet (A).

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Han meiner forskrifta viser at regjeringa tar folkehelse på alvor og at dei gjennomfører politikk som vernar helsa til barna våre.

– Dette grepet er etterspurt av foreldre og unge sjølv. Det handlar om å redusere negativ påverking, seier han til NRK.

Hei!

Har du innspill eller tips til denne saken eller andre temaer vi burde se nærmere på?

Ikke nøl med å sende meg noen ord.

Publisert 12.11.2025, kl. 05.50

Read Entire Article