Ny forsking slår fast: Enkle inngrep i ryggen like bra som kompliserte

1 month ago 27



Toril Hanssen er spent. Det er rett før no. Berre ein siste samtale med kirurgen før ho skal i narkose.

I dag skal ho endeleg få ryggoperasjonen ho har venta på i månader. Kanskje slepp ho å vakne kvar natt med smerter.

– Det er eit rutinemessig inngrep og tek omlag ein time, forklarer kirurg Eric Loratang Kgomotso.

Pasient og kirurg før operasjon

Siste samtale før operasjon for Toril Hanssen og kirurg Eric Kgomotso på Hagevik Kysthospital.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Hanssen er engsteleg, men klar for inngrepet.

– Draumen er å kunne danse heile natta, slik eg kunne tidlegare.

Det er ikkje sjølvsagt at Hanssen i det heile skulle få tilbod om operasjon. I mange andre land må dei prioritere hardare.

Men norske rygglegar meiner no å ha bevist at eit kortare, billigare og meir skånsamt inngrep er like effektivt som det som dei fleste stader er vanleg for denne typen plager.

Like bra over tid

Den norske metoden har vore i bruk i fleire år. I 2021 publiserte forskarane ein prisvinnande forskingsrapport om den.

Kort sagt viser dei at ved den vanlege ryggplaga spinal stenose er det effektivt å berre opne opp i ryggvirvelen, og det trengst ikkje skruar eller stag for å unngå tilbakefall.

Kroppen klarer å ordne opp sjølv.

– Gevinsten er at det er mykje billigare, går raskare og er meir skånsamt for pasienten, seier Kgomotso.

Dei nye forskingsresultata, nyleg publisert i det anerkjende tidsskriftet British Medical Journal, beviser at denne metoden har like gode resultat som dei meir omfattande inngrepa.

Pasientane får ikkje oftare tilbakefall, og det er ikkje ein større andel som må opererast på ny.

Kgomotso står som hovudforfattar av artikkelen, men det er eit samla norsk fagmiljø som står bak forskinga. Det kjem bidragsytarar frå alle helseføretaka.

Kysthospitalet Hagevik, Helse Bergen

Kysthospitalet Hagevik i Bjørnafjorden kommune har fleire hundre ryggoperasjonar årleg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Håper å overtyde resten av verda

Ryggoperasjonar utan skruar har vore det vanlege i Noreg og Sverige i fleire år.

Etter at forskinga først vart presentert har metoden gradvis fått meir fotfeste.

Men mange har og vore skeptiske.

– Eit av argumenta mot har vore at ein har meint at denne metoden ikkje vil gje like varige resultat. Men det har vi no motbevist.

Det seier overlege i ortopedi i Helse Bergen, Ivar Magne Austevoll. Han har vore sentral i forskingsarbeidet.

Ivar Magne Austevoll

Ivar Magne Austevoll har lenge vore sentral i forskinga kring enklare rygginngrep.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det kan få store positive ringverknader om fleire land tek den i bruk. Dei kan hjelpe fleire, og det er lågare krav til slike operasjonar. Særleg gjeld dette for fattige land, meiner Austevoll.

Han seier motstanden har vore størst i USA. Forklaringa på det kan vere at denne typen ryggoperasjonar er ein milliardindustri der.

Vakna utan smerter

Om lag 4000 operasjonar av denne typen vert gjort i Noreg kvart år. Om lag eit tusen av desse tidlegare hadde blitt stiva av med skruar eller stag.

På verdsbasis er det rekna ut av over eit hundre millionar pasientar har spinal stenose. Berre i USA er det 600.000 operasjonar årleg.

Men dagen etter inngrepet var alt anna enn rutinemessig for Toril Hanssen.

– Eg vakna opp utan smerter. Det er første gong på lang, lang tid.

Allereie etter eit døger kan ho reise heim att.

– Smertene i ryggen og foten er ikkje der meir. Eg er så glad for at eg kunne få gjort dette.

Og snart vonar ho å kunne danse natta gjennom.

Dagen etter operasjon for ryggpasient

Dagen etter inngrepet er smertene borte for Toril Hanssen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Publisert 12.08.2024, kl. 19.54

Read Entire Article