NRK-undersøking: Det florerer av KI-genererte låtar på norsk Spotify-liste

16 hours ago 2



På Spotify si ofisielle liste, «Viral 50 Norge», er meir enn kvar tredje låt heilt eller delvis KI-genererte, viser ei NRK-undersøking.

Og dei aller fleste kjem frå tre sjangrar: pop, country eller festmusikk.

Benjamin Berdous og bandet Slomosa er ikkje uroa. Grunnen er at musikken dei lagar høyrer til i ein undersjanger.

Som grunnleggarar av sjangeren «tundrarock» har dei vunne Spellemannsprisen for årets rockealbum, og spelt på fleire store europeiske festivalar i sommar.

 gitar, bass, trommer. I eit øvingslokale med lydisolerande matter på veggane.

– KI kan sikkert etterlikna tundrarock, men det kan aldri bli ein tundra-rockar. Det kan ikkje bli personane, og eg tenkjer at personane er det viktige i musikk, seier Benjamin Berdous i Slomosa.

Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik / NRK

Det er KI-forskar Lars Løberg Monstad som meiner at undersjangarar er trygge frå å bli kopiert.

– Det florerer med KI-generert musikk, men låtane er ofte country og pop kor det er mange klisjear og repetisjonar. KI slit med sjangrar der klisjeane ikkje står like sterkt, som black metal og punkrock, seier han.

Kan aldri erstatte det personlege

I eit øvingslokale i Skuteviken i Bergen øver Slomosa. Sjangernamnet tundrarock er inspirert av det arktiske tundralandskapet.

– Det er vår nordlege vri på «ørkenrock», siger gitarist og vokalist Benjamin Berdous.

Mann med mørkt hår samla i strikk. Genser med grønn fantasifigur. Ser i kamera

Benjamin Berdous i bandet Slomosa er ikkje uroa for KI.

Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik / NRK

Det har vore mykje snakk om KI i musikkbransjen den siste tida. Hos Slomosa er dei ikkje uroa.

– Det kjem aldri til å erstatta dei personane som faktisk står bak musikken, historiene deira og historiene til bandet, seier han.

Han peikar på at folk bryr seg om at Keith Richards framleis er i live, korleis Ozzy Osbourne levde og kva type person Billy Eilish er.

Rolling Stones-gitarist Keith Richards. Fra konsert på Anoeta Stadium, San Sebastian i Spania, 23.06.2007. British musician Keith Richards of the rock band the Rolling Stones performs on the stage of the Anoeta Stadium, 23 June 2007 in San Sebastian, northern Spain, as part of the band's European tour "A Bigger Bang". AFP PHOTO / RAFA RIVAS

UDØDELIG? Gitarist i Rolling Stones, Keith Richards er 82-år. Han har levd eit langt liv med rus, og det vert ofte spøkt med at han er udødeleg. Bardous i Slomosa peikar på at KI ikkje kan skape dei same menneskehistoriene.

Foto: AFP

Merkar det med ein gong

Ingen av dei 18 KI-låtane NRK fann er merka som KI-genererte av plattforma.

– Eg er litt overraska over at det var så mange, seier KI-ekspert Monstad. Men sjangrane han ser på lista overraskar han ikkje.

KI er aller best på den musikken den har aller mest data på, forteljar han. Spesielt musikk med mange repetisjonar der klisjeane flyt.

  • Lars Monstad, KI-ekspert.

    Lars Monstad

Monstad meiner at mykje av KI-musikken manglar innhald. Han kallar det «historielaust» og viser til null innhald i teksten, ingen sterke meiningar og overveldande bruk av klisjear.

 De 50 mest delte - Norge

Meir enn kvar tredje låt på denne lista vart produsert med KI, då NRK sjekka.

Faksimile: Skjermbilde

Og undersjangrane er verktøya dårlege på:

– Viss du får KI til å laga ei rockelåt eller ein undersjanger av metal, vil det høyrast overraskande bra ut heilt i starten, men etter kvart vil du høyra at ting ikkje er heilt på plass.

– Men folk som kjenner sjangeren merkar med ein gong at det er noko som ikkje stemmer, fortset han.

Meiner han lagar ekte musikk

Ei av låtane på topplista er den KI-genererte «EkteMann» av artisten Rabidus. Songen har lenge lege heilt i toppen av topplista.

Mannen bak artistnamnet er 49 år gamle Thomas Holthe. Han skriv låtane sjølv, men resten blir for det meste generert med KI-verktøy.

En person tar et selfie i et kontorlignende miljø. Vedkommende har på seg en strikkegenser med røde og blå mønstre, samt en lua i matchende farger. I bakgrunnen sees flere skjermer og en musikkinstrumentkontroller. Rommet har en lys vegg og minimalistisk innredning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Artisten Rabidus heiter eigentleg Thomas Holteh. Låtane hans har fått fleire hundre tusen avspelingar på kort tid.

Foto: Privat

Han kan forstå at lyttarar kan føla seg lurte, men trur samtidig at folk kan setja pris på musikken likevel.

– Akkurat som viss du ser på film. Det er mykje KI-bruk i filmproduksjon, men ein ser på filmane og syns det er underhaldande uansett.

– Nokon vil meina at det du driv med ikkje er ekte musikk. Er du einig i det?

– Nei, det er eg faktisk veldig ueinig i. Når ein både kan synga med og dansa til ein song, så då tenkjer eg – kvifor er ikkje det ekte musikk?

Spotify: Jobbar med ein bransjestandard

NRK har spurt Spotify om antalet KI-genererte songar på lista og om kvifor dei ikkje markerer låtane.

– Me støttar artistar sin fridom til å bruka KI kreativt, og me stengjer ikkje ute musikk som er laga med KI-hjelp, skriv Julia Levander, kommunikasjonssjef i Spotify Nordic.

Ho viser til at dette gjeld så lenge opphavsrett er respektert.

Spotify, Tidal og Apple Music

Spotify viser til at det er tillate med KI-generert musikk på plattforma.

Foto: Adobe Stock

– KI-musikken er ikkje merka. Korleis kan lyttarar vita om ei låt er laga av menneske eller kunstig intelligens?

– Me bidreg til å utvikla ein bransjestandard for KI-merking. Dette vil gi lyttarar meir informasjon om KI si rolle i musikken dei strøymer, skriv Levander.

Skremmande at det er blitt så bra

KI-forskar Monstad høyrer i utgangspunktet ikkje på KI-musikk sjølv, utanom når han gjer research.

– Eg lagar veldig mykje KI-musikk for å gjera research. Då blir eg overraska over kor utruleg bra nokon av låtane er. Eg syns det er skremmande at dei har blitt så bra.

Men i Slomosa er dei ikkje redde.

– Skal du laga noko av høg kvalitet eller noko som skil seg ut, så må du ha det menneskelege aspektet. Du må ha menneskelege øyre og menneskelege feil, seier Berdous.

 gitar, bass, trommer. I eit øvingslokale med lydisolerande matter på veggane.

Benjamin Berdous i Slomosa peikar også på på at KI ikkje kan spela live-konsertar.

Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik / NRK

Publisert 09.01.2026, kl. 05.49

Read Entire Article