NRK forklarer: Sju spørsmål og svar om drapet på Nokas-raner Metkel Betew

4 hours ago 3



I denne saka svarer NRKs krimgruppe på sju spørsmål og svar i drapssaka mot Metkel Betew:

  1. Drepen skjærtorsdag: Kva skjedde?

  2. Korleis jobbar politiet?

  3. Kvifor har politiet arrestert og sikta Stig Millehaugen?

  4. Korleis var politiaksjonen mot Millehaugen?

  5. Kva beslag har politiet gjort?

  6. Kva hypotesar har politiet?

  7. Kva har Millehaugen forklart og korleis stiller han seg til siktinga?

Drepen skjærtorsdag: Kva skjedde?

Skjærtorsdag, seint om kvelden, vart Nokas-raner Metkel Betew skoten og drepen i Godliaskogen i Oslo. Skogholtet ligg rett ved eit bustadområde – vest for Oppsal arena.

Politiet fekk fleire tips om høge smell i området rundt klokka 22.15. Fleire politibilar rykka ut. Ei politidrone observerte ein livlaus person frå lufta, og ved hjelp av denne vart Betew funne i terrenget rundt klokka 22.50.

Politiet meldte først om hendinga i den offentlege politiloggen klokka 23.17 og skreiv då at det var funne ein livlaus person. Dei stadfesta også at han var skoten.

Ifølgje NRKs opplysningar var Betew også påført skader frå ein eller fleire gjenstandar.

  • Det var i dette skogholtet politiet fant Metkel Betew skutt og drept torsdag kveld.

    Video: Zhilwan Manbari
  • en politimann som står ved siden av en politibil

    Politiet sperrer av på området rundt åstedet for drapet på Metkel Betew.

    Foto: Zhilwan Manbari / NRK
  • en politibil parkert foran en bygning

    Sperring inn mot skogholtet bak bebyggelsen.

    Foto: Zhilwan Manbari / NRK
  • en person som står i et skogkledd område

    Politiet jobber på stedet.

    Foto: Zhilwan Manbari / NRK
  • to personer som står på et jorde

    Skogholtet der Metkel Betew ble skutt ligger inntil Trasop idrettspark.

    Foto: Zhilwan Manbari / NRK
  • en gruppe mennesker som står på en parkeringsplass om natten

    Politiet jobbet på stedet sent torsdag kveld.

    Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK
  • en person som står i en bil med rødt lys på toppen

    Politiet jobbet på stedet sent torsdag kveld.

    Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Korleis jobbar politiet?

Då politiinspektør Grete Lien Metlid møtte pressa langfredag, klokka 10.30, sa ho at drapet var svært brutalt og at det såg ut til å vere målretta.

Ho sa også at det hadde vore massiv etterforsking gjennom natta og at den ville halde fram med full styrke.

Når nokon blir drepen på denne måten, i eit potent kriminelt miljø, og gjerningspersonen (ane) er på frifot, blir det sett i verk eit stort apparat. Arbeidet politiet gjer i startfasen av ei slik sak kan vere avgjerande.

en person som snakker med en gruppe mennesker

Grete Lien Metlid er politiinspektør i Oslo politidistrikt og er leier for Felles eining for etterretning og etterforsking. Her frå ein pressekonferanse i helga.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

På åstaden vil politiet først drive såkalla operativt politiarbeid, som handlar om å redde liv og stanse kriminalitet, men samtidig skal dei starte etterforsking med ein gong. Dei skal sikre spor, men dei kan også øydeleggje spor når dei går i åstaden.

I saker som dette er det vanleg at politiet startar såkalla prosjektbasert etterforsking. Det betyr at dei set ned dedikerte grupper som jobbar med ulike prosjekt. Det kan vere:

  • Elektroniske spor
  • Kriminalteknisk
  • Taktisk/avhøyr
  • Det er også vanleg med eigne prosjekt både for fornærma og mistenkte

Eigne operative kriminalanalytikarar samlar inn og vurderer all informasjonen som kjem inn og prøver identifisere det som er viktig og uviktig. Dei prøver å setje alt i samanheng.

Når det skjer drap i kriminelle miljø, som her, er det også vanleg med eigne prosjekt og etterforskarar som jobbar med såkalla særsklite etterforskingsmetodar.

Kvifor har politiet arrestert og sikta Stig Millehaugen?

Den tidlegare drapsdømte Stig Millehaugen, som har vore i fengsel i nesten 35 år, er sikta for drap eller medverknad til drap på Metkel Betew.

Politiet har ikkje svart på kva rolle dei meiner han har hatt.

Politiinspektør Grete Lien Metlid har uttalt til NRK at Millehaugen var inne til avhøyr som vitne allereie fredag, dagen etter drapet.

Millehaugen hadde permisjon frå Berg fengsel i Tønsberg på tidspunktet Betew vart drepen, ifølgje NRKs opplysningar. Han sonar ein forvaringsdom på 21 år for overlagt drap på ein gjengleiar.

Det er ikkje uvanleg at politiet, av taktiske årsaker, ventar med å arrestere – rett og slett for å sjå om dei kan «skape» bevis gjennom skjult etterforsking. Politiet har sagt at det var ei totalvurdering som gjorde at Millehaugen vart arrestert.

Dei har ikkje svart kor lenge dei har hatt han «på radaren».

En politibil står parkert langs et fortau. Til venstre er hvitt stakittgjerde og hvitmalt hus

Stig Millehaugen vart pågripen i Horten.

Foto: Bettina Olie Bjerkholdt / NRK

Korleis var politiaksjonen mot Millehaugen?

Politiet slo til mot Stig Millehaugen i Horten søndag – tre dagar etter drapet. Arrestasjonen skjedde utanfor eit hus, midt i eit nabolag, og eit vitne som NRK har intervjua seier at politiet drog Millehaugen ut av ein bil.

Politiet tok deretter på han handjern.

Ein av eigarane av huset er ein person med ein nær relasjon til Millehaugen, ifølgje NRKs opplysningar.

Vitnet, som er ein nabo, seier til NRK at situasjonen var «veldig skummel». Arrestasjonen av Millehaugen var mest truleg godt planlagt og at dei slo til på eit godt og eigna tidspunkt.

Politiet bærer ut beslag

Politiet har gjort fleire beslag i huset i Horten.

Foto: Bettina Olie Bjerkholdt / NRK

Kva beslag har politiet gjort?

Kriminalteknikarar frå Oslo politidistrikt jobba i huset i Horten gjennom store deler av søndagen, dei fotograferte med blits inne, og dei tok med seg fleire esker og posar og la dei i store politibilar på utsida.

Personen som eig huset, og som har ein nær relasjon til Millehaugen, er i køyretøyregisteret registrert med to bilar. Dei skal vere beslaglagt av politiet.

Politiet har stadfesta til VG at dei undersøker bilar Millehaugen kan ha hatt tilgang til og at dei er taua inn til politiet.

Då Millehaugen var inne til vitneavhøyr fredag, leverte han frå seg mobiltelefonen sin, ifølgje forsvarar Morten Furuholmen.

Kva hypotesar har politiet?

I straffesaker som er under etterforsking skal politiet lage hypotesar – og teste dei gjennom etterforskinga, både for å styrke eller eventuelt svekke teoriane deira.

NRK er kjent med at nokre av politiets sterkaste hypotesar er at drapet kan ha vore planlagt, og politiet har sagt at dei undersøker om Betew kan ha blitt lurt i ei felle.

Ein anna teori er at drapet på 46-åringen kan ha vore på eit leigeoppdrag.

– Det er ein av fleire teoriar, seier politiadvokat Christian Hatlo til NRK.

Det er hittil ukjent kva som er motivet for drapet, men politiet opplyser at dei kjenner til fleire konflikter i det kriminelle miljøet.

Politiet har også sagt at det kan vere konflikter av «personleg karakter».

Det er ingen fleire som er mistenkte eller sikta i saka, og politiet utelukkar ikkje at det kan komme fleire pågripingar.

Kva har Millehaugen forklart og korleis stiller han seg til siktinga?

Verken politiet eller Millehaugen sin forsvarar har sagt noko om kva 55-åringen har forklart i avhøyr.

Forsvarar Morten Furuholmen har sagt at han forklarte seg for politiet då han var inne til vitneavhøyr dagen etter drapet.

Millehaugen stiller seg uforståande til siktinga og nektar for å ha noko med drapet å gjere. Han har ikkje vore i avhøyr etter at han vart arrestert.

Millehaugen blir framstilt for varetektsfengsling i Oslo tingrett tysdag ettermiddag. Han krev seg lauslaten.

Publisert 22.04.2025, kl. 09.40 Oppdatert 22.04.2025, kl. 09.53

Read Entire Article