NRK fekk bli med Lægreid på Mensa-test – sjå korleis det gjekk

3 days ago 2



– Eg har jo skrytt av at eg er smartast på laget. Og no har NRK utfordra meg til å sjå kor smart eg er. Så er eg så dum at eg sjølvsagt seier ja til det og lèt det bli offentleg, seier Sturla Holm Lægreid.

Skiskyttaren er offensiv og i godt humør før Mensa-testen skal takast, og fleipar med at han allereie har feila den første IQ-testen ved å stille opp.

– Men anten viser den at eg er smart, eller så blir eg berre meir folkeleg, seier han lattermildt.

Men 28-åringen vedgår at han kjenner på presset medan testansvarleg Olav Hoel Dørum går igjennom opplegget. Lægreid får eit hefte med 45 figuroppgåver med stigande vanskegrad framfor seg på bordet.

mann som tar test

Skiskyttar Sturla Holm Lægreid og Olav Hoel Dørum, testansvarleg Mensa, før testen. NRK måtte forlate rommet då testen skulle takast.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Frå 130 og opp

Etter å ha fått 23 seksarar på vitnemålet frå vidaregåande, veit han kanskje også litt om kva som skal til for å levere på oppgåver.

– Eg jobba litt som med skylappar på, midt i bobla, og det er nok noko som har vore med meg heile vegen, fortel Lægreid.

  • mønstergjenkjenningstest, figuroppgåver

    IQ-testane hos Mensa Norge er ein mønstergjenkjenningstest som består av figuroppgåver.

    Foto: mensa.no Skjermdump
  • mønstergjenkjenningstest, figuroppgåver

    Et anna eksempel på oppgåve.

    Foto: mensa.no Skjermbilde
  • mønstergjenkjenningstest, figuroppgåver Mensa

    Du kan ta ein uoffisiell test gratis på nett.

  • mønstergjenkjenningstest, figuroppgåver, eksempel

    Klarte du alle?

    Foto: mensa.no Skjermbilde

– Trur du det kan vere ein fordel å ha høg IQ som idrettsutøvar?

– Tja, eg veit ikkje. Eg trur jo det er lurt å kunne reflektere over det ein gjer i idretten. I norsk idrett blir på ein måte utøvarane trena til å vere sine eigne trenarar. Så jo smartare eg er, desto betre trenar har eg òg, svarer han.

Førre sesongs verdscupvinnar tar seg ein tatt med gel og får på plass fokuset til ein toppidrettsutøvar, klar for å prestere. NRK må forlate rommet.

For å bli medlem av Mensa må ein ha ein IQ på minst 130. Berre rundt 2 prosent av befolkninga skårar så høgt på testen.

Ifølge Mensa er den gjennomsnittlege intelligensen i befolkninga på 100, med eit standardavvik på 15.

mann som tar test

Lægreid svarte på så mange oppgåver han rakk på 20 minutt. Resultatet fekk han nokre veker seinare.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

– I Oslo testar vi rundt 250 menneske i året, og vi har rundt 2800 medlemmer på landsbasis, forklarer Olav Hoel Dørum.

– Heilt vanlege menneske

– Trur du det sit mykje smarte folk der ute som ikkje har testa seg?

– Ja, det er det. Og det er nok veldig lett å feiltolke kor ein sjølv er hen. Fordi ein har ein hypotese om kva det vil seie å vere ein veldig intelligent person. Og det kan vere delvis vanlege misoppfatningar, at det ofte er professortypar, men så er det heilt vanlege menneske, svarer Dørum.

mann som tar test

Eit offisielt oppgåvehefte. Berre dei som tar testane får sjå inni.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Det finst ulike type testar, men skåren blir som regel omtrent lik. Testen Lægreid tar måler opp til 135 i IQ.

– Vi kan uansett ikkje måle noko særleg over 145. Då blir det upåliteleg, forklarer Dørum.

Lægreid er framleis i godt humør når han kjem ut igjen frå testrommet.

– Eg har ei god kjensle. Det gjekk betre enn venta.

Han fortel at han ein gong tidlegare har tatt ein IQ-test på nett, men at det kjentest litt annleis ut med offisielt opplegg.

Svaret

Men han får ikkje resultatet med ein gong. Når NRK møter han igjen nokre veker seinare, er det derimot klart.

– Eg hadde jo alt å tape kan ein vel seie, når eg legg lista der oppe og melder at eg er smart. Men eg veit jo at eg har gjort det bra på skulen, og veit med meg sjølv at det kjem ikkje frå ingenting. Det er ikkje berre tomme ord eg har komme med, seier Lægreid.

– Det er gøy å få det bekrefta òg, seier han etter å ha vist fram diplomet med IQ-talet 135 på.

Altså høgast mogleg resultat på denne testen, og godt innanfor å kunne bli medlem.

Men det er likevel enda meir gjævt å vere verdas beste i skiskyting.

– 2 prosent av befolkninga kan ha høve til å bli medlem av Mensa, men 2 prosent har ikkje verdscuptrofé eller VM- eller OL-medaljar, så det heng nok litt høgare, fastslår Lægreid.

  • Sjå 20 kilometer, menn, frå OL på NRK klokka 13.30 tysdag.

Publisert 09.02.2026, kl. 18.13

Read Entire Article